Då eg kom tilbake og hadde fått levert frå meg bilen, gikk det ikkje lenge før det kom et par nysgjerrige verkstedkara og lurte på om eg kunne forklare dei kva for lydar det var eg hadde hørt. Dei kunne ikkje finne noko som var gale, til min store lettelse, men dei var veldig nysgjerrige på kor eg hadde fått tak i en toyota med dieselmotor, det hadde dei ikkje sett før. Dei skal visst ikkje bjynde å produsere det her i USA før i 2008/2009, so dette var heilt nytt for dei. Det hadde visst vore ei lita loddtrekning om kven som skulle får ta testturen med bilen, alle ville prøve den.
Eg fekk forklart at dei ville sjekke alle væskene på bilen, og sjå etter at alt var tipp topp før dei vaska bilen og leverte den tilbake til meg. Eg stod der som et spørsmålsteikn og måtte spørre en ekstra gong om dei virkelig hadde tenkt å vaske bilen? Uten at det kosta noke ekstra? Jepp, det var planen, sa dei. Det er visst standard service her i USA. Jammen noke dei kunne tatt lærdom av heime...
Det gikk ikkje lange stunda før han som tok seg av papirarbeidet kom smilande bort å satte seg ved sida av meg og rekte meg papira. Han peika nederst på arket og sa at så mykje skylda eg dei, og peika på $0,00. Det gjekk et par sekund før eg skjønnte kva han meinte, og då eg spurde om ikkje han ville ha noke for arbeidet, svara han berre at eg heller skulle bruke pengane på turen og kose meg (dei tok vanlegvis $50 for en slik sjekk). Hehe.. Eg var temmelig forfjamsa der eg spankulerte ut dørene med verdens breidaste smil og ikkje heilt kjende igjen bilen min etter ein grundig vask. Ditta kan en kalle service!
Eg satte kursen vestover igjen, men eg kan love dokke, det gikk mange miles før smilet var tilbake til vanleg breidde igjen...
Det var en variert tur gjennom knusktørre stepper, frodige skogar, fjellovergang (der det var en stakkars trailersjåfør som hadde mista bremsene i dei lange, bratte bakkane og køyrde slalom mellom dei fire banene nedover, det gikk heldigvis bra til tross for ei fart på minst 150 km/t) og til slutt lukta av sjø, saltvatn og fjære.
Eg var framme i Saltwater State Park, eit lite stykke sør for Seattle. Eg kom der etter solnedgang, so eg fekk ikkje sett kor der såg ut før dagen etter, men det var ikkje akkurat den reinaste campen eg har vore på. No var eg sikkert litt prega av at eg var litt lei, so plassen var sikkert grei nok den. Men eg følte ikkje for å vere der noke lenger enn eg måtte, so eg pakka sammen sakene mine og reiste vidare sørover til Mt. Rainier.
Mt. Rainier i solnedgangen.
Der hadde eg en plan om å køyre rundt fjellet på østsida, og vest til Interstaten igjen for å overnatte der ein stad. Men etter å ha kjørt opp heile fjellet og fått en fantastisk utsikt til toppen av Mt. Rainier, og faktisk sett snøbyger oppe i toppane, kom eg til stengd vei på østsida av fjellet. Det betydde at eg måtte tilbake samme vei som eg hadde kommt og stoppe på enda eit Wal-Mart senter. Eg bjynte å føle meg heime på desse store parkeringsplassane etter kvart, så det gjorde meg ingenting å sove i bilen igjen. Blir noken kroner ekstra til å finne på andre ting i staden då, ekje gale det heller.
Det ryke enda av krateret her på Mt. St. Helens.
Eit av dei mange treda som fortsatt ligg igjen etter utbruddet for 25 år sidan.
Det er tydlig at det har vore enorme krefter i gang her.
Det var mange vakre fossefall gøymd i skogen i Columbia River Gorge.
Nydelig utsikt østover Cloumbia river.
Fantastisk belysning i solnedgangen over Crater Lake.
Terapi...
Den synkande sola farge slettene ildraude.
Magi blir forvandla til idyll idet sola våknar...
Ein liten kar som var ute etter noke godt kanskje?
Det er tydelig at eg befinne meg i eit krater.
3 kommentarer:
Å så nydelege bilder og nydeleg ver, bra timing med turen, for her heime regnar det heile tida.
M
..... kremt, eg syns eg les du skal køyre rundt krateret ein annan gong........
M
hæ??? det må no bli når eg blir gammal og har gløymt kor det ser ut her... ;)
Legg inn en kommentar