lørdag 1. september 2007

Dei enorme slettene der himmelen er kjempestor...

Reisa vidare frå minneapolis var litt på måfå. Eg visste ikkje heilt kor langt eg kom til å rekke eller kva eg ville stoppe å sjå på. Eg tok det sann litt etter kvart som eg kom dit. Turen vestover gikk langs I-90W, og mitt første stopp var ved Corn Palace, eit bygg som var dekt av all verdens maistypar. Det var stilig å sjå, men eg var snart på veien igjen med nasa vestover.
Corn Palace, ein bygning dekt av maissortar av alle slag.
Tilogmed bilda på veggen var laga av maisdelar, sikkert stengelen.
Det var endelause sletter med maisåkrar, gule enger og tørre stepper med gulna gras så langt auget kunne sjå.
Endelause veiar og endelause markar...
Heilt til landskapet endra seg dramatisk. Dei endelause, flate steppene blei bytte ut med raudstripete taggar som skrapa horisonten.
Endelause taggar...
Eg hadde kommt til eit område som hadde vore kalla Badlands (dårleg land) heilt sidan indianarane rådde over landet her. Og det var ikkje vanskelig å skjønne kvifor. Her var det berre dei mest hardføre grastustane som stakk opp av jorda. Landskapet var danna av årtusener med regn og vind som hadde vaska vekk dei øverste jordlaga litt etter litt, og laga eit fasinerande mønster av dei ulike jordlaga som var danna opp gjennom tidene.
Legg merke til dei vannrette stripene på kvar einaste fjelltopp, det er lagdelinga i sedimenta som er kommt fram etter årtusener med erosjon.
Eg var der virkelig....
Eg fann ut at dette var eit område som måtte utforskast litt meir enn berre å køyre forbi, so eg slo leir her. Fann meg en liten, men fin camping der eg satte opp teltet mitt og hadde godt selskap i eit par små kaniner som tydeligvis hadde slått seg til der. Fann nokre merkelige nett med hol i og, men eg fann ut at det sikkert var lurast å la det vere i fred. Området var fullt i klapperslanga, so ken veit kva anna merkelig og ikkje minst giftig som levde i jorda her... Best å late skikkelig igjen teltet her...
Klapperslanga? Bra tante ikkje er her...

Kven bur her skal tru??

Hadde meg en liten køyretur på kveldstid og fekk med meg en nydelig solnedgang før månen tok over nattehimmelen.

Eit vakkert syn når sola går ned bak dei stripete taggane.

Ein stor himmel...

nen står klar over dei skarpe tindane.

Eg våkna neste morgen til en nydelig soloppgang over prærien. Det såg ut til å bli en fin dag. Himmelen var blå og temperaturen steig fort. Dette var kanskje dagen for å ta seg en aldri så liten fjelltur mellom alle dei forvitra fjelltoppane... Planane endra seg raskt då nokre tunge skoddeskyer strekte seg utover dei nærmaste toppane, og det blei merkbart kaldare og eg fekk ærfare kor raskt været kan endre seg på prærien. Skumle saker det der... Men det gikk ikkje lenge før dei grå dottane blei overmanna av ei strålande præriesol og dagen var redda. Eg tok meg en liten fjelltur, med det kjappe værbytet friskt i minne.

Soloppgang over prærien.

Eg kan ikkje klage på utsikta frå teltet mitt nei...

Tunge skyer trua dagen, men dei trekte seg heldigvis tilbake.

Berre en advarsel til den som måtte forville seg ut på prærien, desse er ikkje enkle å sjå i det tette, gule graset. Eg såg den heldigvis før eg satte ned foten.

Turen fortsatte vestover langs Badlands Loop Rd og skulle ende ein stad i vest, framleis ukjent kor.

Ingen kommentarer: