"Skal tru om det er noke godt å få i denne bilen?"
Frå det tørre landskapet i Badlands NP var det godt å endelig komme til litt meir frodige omgivelsar. Dei endelause slettene blei ærstatta med endelause fureskogar på mjuke åsar så langt auget kunne sjå. Det er no enten eller og her i ditta forunderlige landskapet.
Etter å ha sløkt tørsten, var det på tide med en matbit igjen.
Tilogmed med sommarpels ser dei voldsomme ut...
Eg kom inn til Custer State Park, som er mest kjend for ein flokk på 1500 bison som vandrar fritt rundt i parken. Desse fekk eg straks stifte eit nærmare bekjentskap med ettersom beitemarkane deira var på den eine sida av veien, og drikkevatnet på den andre. Den vart en aldri så liten trafikk-kork på den smale veien rundt parken då en liten del av denne flokken hadde slukt tørsten og satte kursen mot matfatet igjen. Det var fasinerande å sjå kor ledige desse kjempane var. Dei byksa lett opp på veikanten og trava fint over, mens andre hadde all verdens med tid og tok seg tid til å studere dei storaugde turistane som hang ut vindauga på bilane og knipsa som galne. Kanskje dei syns det er like kjekt å studere oss som vi dei? Ekje godt å vete kva som gjekk rundt oppi dei enorme hauda deira, men eg er berre glad dei ikkje syns vi var i vegen, for det hadde ikkje forundra meg om dei hadde klart å flytte på oss.Eselmor og eselbarn i rolig tempo mot nysgjerrige turistar.
"Hei, hei.... Ditta her ekje eg enig i....!"
Eg køyrde vidare rundt den naturskjønne loopen rundt den ikkje så altfor store parken, og det gjekk ikkje lenge før neste traffikk-kork openberra seg. Her var det ville esel som var det store trekkplasteret. Til å bjynde med var det berre nokre esel som gikk å beita ikkje så altfor langt fra veien, men plutselig hørte vi ei voldsom esel-oinking bak oss. Og der kom han som hadde styringa over alle dissa damene utpå jordet. Han synst visst vi vart vel mange som hadde stillt oss opp for å sjå, so her måtte han girpe inn. Han reste forbi oss i full fart og stillte seg midt mellom oss og dei andre esela, snudde seg mot oss og oinka i vei før han jaga damene sine vekk frå oss skumle turistane. Var et artig oppstyr å få med seg. Etter å ha sett det som var å sjå i Custer State Park bar det vidare gjenom Black Hills National Forest og opp til Mount Rushmore National Memorial, fjellet med dei fire presidentane i.
Det var stilig å sjå dei der oppe, høgt heva over landet.
Det var tydelig at dette var plassen for alle amerikanske patriotar. Her var det tillaga reine paradegangen fram til utkikkspunktet rett under Mt. Rushmore. Alle dei 50 statane var representerte med sine respektive flagg og symbol. Det var stilig å sjå, men for en lite politisk intressert nordmann, var det nok å berre ha sett verket.Amerikansk patriotisme på høgt plan...
Etter eg var ferdig å betrakte dei gamle presidentane, var sola gått ned for lenge sia, og det var på tide å bjynde å sjå seg om etter ein passande campingplass eg kunne tilbringe natta på. Heldigvis var det en ikkje så langt unna, i ein liten by kalla Keystone. Eg kom fram rett for han som eigde plassen skulle til å stenge for natta, so eg hadde litt flaks og. Men det skal en jo ha avogtil... Fekk putta opp teltet og kraup godt ned i soveposen, det var ikkje so varmt no lenger...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar