torsdag 27. september 2007

The Big Sur

Bratte klipper stuper i havet... Ei forvilla svarttrost?
Turen vidare sørover var fantastisk. Det tok nesten dobbelt så lang tid som eg hadde trudd, berre fordi eg måtte stoppe heile tida å sjå meg om og ta bilder av den fantastiske kystlinja. Heile kysten sørover var fullspekka med ville klipper og idylliske små og store strender som var gjøymt innimellom.
Ei idyllisk strand godt gøymd mellom høge klippeveggar.
Laaaangt igjen...
Veiane var ikkje lenger av den store traffikerte typen. Her var det eitt felt i kvar retning, svingar og bakketoppar som fekk det til å kile i magen idet eg suste over. Overraskande nok var fartsgrensene heilt oppe i 120km/t, men traffikken gjekk for det meste i 90km/t.
Fire sjøstjerner klamrar seg desperat til ein stein.
Etter mange mange mil kom eg til ein liten plass som heitte Grover Beach. Den lille byen låg inne i ei stor bukt der sandstranda gjekk frå ende til ende. Midt i bukta var der eit område som var dekt av sanddyner. Dette var tumleplassen for utallige ATV-entusiastar som for å suste over dynene. Dei hadde tilogmed ein liten camping der, midt i all sanden. Då eg var der bles det en del, så det var ikkje noke alternativ å slå opp teltet, det hadde nok blåst vekk før eg hadde fått det opp. Viss ikkje hadde det garantert vore fullt i sand. Eg fann meg ein passande parkeringsplass der eg parkerte for natta, etter å ha spurd butikkpersonalet om det var i orden at eg stod der over natta.
Desse små krabatane er overalt...
Siste snev av havskodda må gje tapt for sola.

Solnedgang bak pieren på Grover Beach.

Enda ein dag er over.
Neste dag gjekk eg for å legge meg på stranda i håp om å få litt farge. Men det blei en heller ubehagelig opplevelse. Det var heilt greit å vere på stranda så lenge eg holdt meg tjue cm over bakken, men med ein gong eg la meg ned, blei eg dekt av sand. Vinden bles med seg sanden over stranda og lagde nye sanddyner oppetter alle som hadde tatt sjansen på legge seg ned, deriblandt meg. Det var eit svore strev å pusse av seg all sanden igjen, og boka mi hadde sand mellom alle sidene. Eg prøvde å holde ut så eg fekk skreve ferdig eit postkort, men all den fine sanden fekk pennen til å streike... Resten av dagen brukte eg på ein koselig liten kaffibar der dei hadde gratis internett og nydelig kaffi.

Sanddynene byrjar i det små.

En langnebba "Sandpiper".

Neste morgen bar det avgårde sørover igjen, neste stopp, Los Angeles.

1 kommentar:

Anonym sa...

Sukk...det fine veret er ulikt fordelt her i verden.....
M