søndag 16. september 2007

Avenue of the giants

Ein kan få kink i nakken av mindre...
Eg nærma meg den nordlege kysten av California, mest kjend for dei enorme Redwood-treda. Det første eg såg var at sola forsvann inn i den tjukke havskodda som låg som eit lok over området, so kom den rå kulden som følger med skodda. Det var fortsatt 13 grader, men det var 13 våte og kalde grader... Det varte ikkje lenge før eg såg enkelte tred her og der som tårna seg himmelhøgt over alle dei andre, og snart var heile skogen av berre desse gigantane. Eg tok meg sjølv i å sitte med nasa framunder frontruta og oie meg høgt. Eg måtte svinge av veien månge gongar på turen sørover kysten for å ta inn dette veldige synet. Der var det eine tredet høgare og tjukkare en det andre. Tok meg en spasertur innover skogen og kom snart til et kjempestort, både tjukt og høgt, tred. Det var gigantisk!!! Eg gjorde mitt beste for å få med heile saken på eitt bilde, men det viste seg å vere komplett umulig...
Eg såg og såg, men eg fann ikkje toppen.

Det var mange slike gigantar på veien sørover, derav navnet på veien, "Avenue of the giants". Nokre hadde lagt seg overende, og av andre stod det berre stubbar igjen som bevis på deira storhetstid, men dei var fortsatt like imponerande.

Eg hadde et svore strev med å komme med på bilda sjølv og ettersom eg ikkje hadde med meg noken fotograf. Dette innebar en heil del snubling att og fram mellom kamera og motiv, med meir og mindre hell... Og som eit resultat av heile greia sat eg igjen med ei handfull gode bilder og en vrikka ankel. Eg var fornøgd med bilda eg, ankelen har vore med på verre ting så den var det ikkje så farleg med.

Det må ha vore litt av et brak når denne kjempen la seg overende!

Eg hadde meg ein rast i eit lite tettsted midt inne blandt desse kjempane, det var den einaste plassen med internett. Eg fann meg sjølv sittande ved baren på en "Bikerpub", og det var ikkje halvlitera eg hadde foran meg på benken, men pc'en min. Det var en del av desse gamle inngrodde karane som kika litt rart på meg, veit ikkje om det var fordi eg hadde maskina på bardisken eller om dei hadde vore ut å kika på skilta mine, ekje godt å seie. Var vertfall en av dei som hadde hatt turen ut å kika, han var veldig nysgjerrg på korleis eg hadde fått med meg bilen. Godt nedi eit halvlitersglas er det vel kanskje ikkje alltid like enkelt å skjønne at båt er det einaste alternativet.

Ser skumlare ut enn det var.

Denne dagen stogga eg på en campingplass, og enda en gong blei teltet satt opp i nattens mulm og mørke. Denne gangen med ikkje berre bjørn rundt, men og fjelløver som eg blei advart mot av en halvfull biker. Men eg leve no enda, so dei kan ikkje ha vore so veldig svoltne. Neste morgen bar det vidare mot storbyen San Fransisco.

1 kommentar:

Anonym sa...

he he, du ser ut som ein liten maur der....
M