torsdag 6. september 2007

Yellowstone National Park

Dagen er på hell og en ensom motorsyklist er på vei inn i solnedgangen.
Buffalo Bill? Han har eg hørt om før... Canyons på vei inn til Yellowstone. Som tatt ut av westernfilm, bortsett frå veien og bilane då...
Eg satte avgårde frå campingen i Cody, ivrig etter å komme fram til Yellowstone. Etter det eg har hørt frå andre reisande som har vore der skal det visst vere heilt spektakulært der. Men eg vil no og nevne at veien frå Cody og inn til Yellowstone er en av dei finaste veiane eg har køyrd hittil. Det var natur i alle variantar og fargar.
Store delar av skogen i Yellowstone er ødelagd av skogbrannar som herja for rundt 20 år sidan.
Lake Yellowstone.
Eg var ikkje før kommt innom grensene til parken før det vrimla av bison her og. Eg var fortsatt fasinert av desse enorme dyra, so eg måtte stogge å knipse litt eg sann som alle andre som var foran meg. Tok meg en tur innom informasjonssenteret i Fishing Bridge for å forhøre meg om kva eg burde får med meg i løpet av dei få dagane eg skulle vere der. Eg måtte ha meg en fjelltur, men burde helst ikkje gå aleine. Og skulle eg det, måtte eg vertfall sørge for å lage masse lyd og leven... ellers måtte eg få med meg Mammoth Hot Springs og alle dei varme kildene på vestsida av parken.

Det blir ikkje det samme å komme heim å sjå kyr igjen...

Det var nok av fine plassar å stogge å ta bilder, dette er berre ei av dei mange bisonengene.
Det krydde virkelig av bison her.
Eg bestemte meg for å tilbringe den første natta i Canyon Village, eit lite sentrum litt nord for Fishing Bridge. Her blei eg plassert på en bitteliten teltplass midt inni en tjukk mørk skog... Det var nesten en litt skummel plass med tanke på at det tusla både bjørn og ulv rundt i skogen, og campingen var på ingen måte innegjerda... So det blei berre den eine natta der. Men eg hadde fått sett det som var å sjå og, so det passa egentlig veldig bra.
Neste morgen snørte eg på meg fjellskoa og traska meg opp på eit lite fjell kalla Elephant Back, der hadde eg ei fortreffelig utsikt utover heile Lake Yellowstone. Det var en smule disig av all røyken som fortsatt låg i lufta etter dei voldsomme skogbrannane som herja i dei sørlstlige delane tidlegare på sommaren, men utsikta var fortsatt nydelig.

Det er nok av skog å ta av fordet om en skogbrann eller to herjar.

Hadde no selskap i skogen...

Flott utsikt på veien til Mammoth.

Forsteina tred.

Fortsatte turen nordover til eg kom til Mammoth Hot Springs. Det hadde dei heldigvis en litt triveligare camping enn den andre eg låg på. Her var heile campen i opent terreng , med tilfeldige "Elk-gjestar" som sov mellom telta der dei fann det passande. Ellers gikk elken å traska fritt rundt midt i "sentrum", som riktignok berre var eit stort veikryss midt mellom nokre bygningar, men likavel var det arti å sjå desse store og ville dyra så tett innpå seg.

Elk-ku med kalv.

Hehe... sanne ekje der å jakte på heime...

Sikkert godt gras...

Eg fekk satt opp teltet mitt, og fann ut at eg hadde fått en skotte til nabo. Eg stod å studerte litt på bilen min, då han kom bort å lurte på om alt var i orden. Han var på ei samme slags reise som meg, berre dure rundt å sjå amerika. Greit å kunne dele erfaringar med andre som er i samme situasjon som en sjølv...

Merkelig sak det der...

Det som virkelig var verdt å ta en grundig kikk på her, var avleiringane som alle dei varme kildene hadde laga. Det var terrasse etter terrasse oppover sidene med kvite, raude, grå og brune mineralkantar. Veit ikkje korleis eg skal forklare det, det må berre sjåast for å skjønne. Kanskje bilda gir eit lite inntrykk av korleis det var, men det kan ikkje samanliknast med å sjå det i virkeligheten. Det var enorme områder det var snakk om og. Eg brukte godt og vel to timar på å traske rundt heile greia.

Krittkvite og brune terrassar smeltar saman.

Midt i alt dette livlause, er der likevel nokre vakre livstegn.

Kvelden kom og månen steig opp på himmelen, blank og sterk. Ein burde vel kanskje fått erindringar om ulven som hyler mor månen allereide då. Men det var først etter at alle hadde lagt seg og sikkert sovna, det var vertfall eg, at det tok laust. Det var berre en ensom coyote, eller prærieulv, som hylte mot himmelen. Og når eg seier hylte, so meinar eg det. Det var ei forferdelig stemme på dinna karen, hørtes ut som det var i ytterste nød. Men det gikk ikkje lenge før heile fjellsida der campen var var full i desse forferdelige hyla. Eg veit ikkje kor lenge dei heldt på, men det var tydeligvis omstendelige greier dei diskuterte. Men til slutt vart dei vel enige, den kalde natta vart endelig still igjen og søvnen henta oss innigjen. Det var spennande og artig å få oppleve noke sant, men det var so øyredøvande at eg faktisk pakka puta rundt haudet for å prøve å få sove, men uten at det hjalp noke.

Neste morgen var eg tidlig oppe, til tross for nattas uling, og pakka på meg dei etter kvart så verdensvante fjellskoa mine. Dei har vandra i fjella både i Norge, USA, Peru og Bolivia, so der er det sikkert skit frå både kyr, bison, bjørn og lama oppunder. I så fall skulle den atter en gang få blande seg med den vulkanska jorda i Yellowstone. turen gikk til Beaver Ponds i fjella bak mammoth Hot Springs. Det var en tur som tok omlag tre timar. Det var tre timar med mjuke enger der graset bølga seg etter vinden, gamle skogar der treda knakte faretruande og ken veit ka som luska i dei mørke skuggane, og billedskjønne dammar som beveren hadde demmt opp. Alt i alt, enda en flott tur.

Beverdemning...

Etter en god dusj var eg klar til å fortsette reisa. Neste mål var Old Faithful, den verdenskjende geysiren i Yellowstone.

En av dei mange geysirane på veien.

Giant har et sjeldent utbrudd.

Giant i bakgrunnen.

Fantastiske fargar i dei varme kildene.

En djup og varm badekulp...

Denne trur eg ikkje det e so lurt å bade i...

Turen sørover mot Old Faithful var ikkje berre kjedelig vei. Langt derifrå. Det var ikkje langt mellom stoppa ettersom detvar varme kilder heile veien nedover. Enkelte områder var fulle i geysira, mens andre hadde fine fargerike kulpar der vatnet bobla opp. Det var mykje fint og merkelig å sjå på veien, so når eg først kom fram til Old Faithful, måtte eg inn på hotellet og få låve straum til å lade oppatte batteriet på kameraet. Hadde nok tatt nermare 600 bilder berre på veien ned dit...

Old Faithful
Akkurat då eg var ferdig å lade batteri og hadde kommt meg på plass blandt alle tilskuarane rundt Old Faithful bjynnte han å spytte ut små røykskyer. Dei blei større og større og varte lenger og lenger heilt til fontena stod rett til værs og holdt seg der i nesten to minutt. Det var tøft å sjå det i virkeligheten, men en del av spenninga var vel borte etter å ha sett det på tv mange gonger før. Då var det meir spesielt å sjå den sjeldne Giant ha utbrudd. Det var en sjeldenhet som berre skjedde omlag en gong i veka, og eg var so heldig å spasere forbi akkurat i det han bestemte seg for å kvitte seg mad alt vatnet og dampen han har samla opp i løpet av den siste veka. Det var eit voldsomt utbrudd som varte i en heil time(!) og det var ikkje berre en liten bekk som rann derifrå, det var mykje vatn som kom ut av ditta holet! Eg gjorde meg ferdig med heile den tre miles lange runden rundt å kika på alle dei små og store geysirane og dammane, før eg kom tilbake til Old Faithful og fekk sjå enda et utbrudd frå han. Etter å ha shoppa med meg det eg ville ha av souvernira, bar det avgårde til neste mål, Grand Teton National Park.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Sååå mange og fine bilder du tek! Du er ein flink fotograf! Men stussa litt då eg trudde det var snø eg såg, men det var visst kvit stein av eitt eller anna slag....
Mor

fahjita sa...

det er ikkje stein, det er mineral-avsetningar frå vatnet som kjem opp frå dei varme kildene. Men det kan sjå ut som snø ja... hehe, men snø og 30 grader? nei, trukje d... hehe!

jeanette_s sa...

utruleg tøffe og kvite fjell:)