lørdag 25. august 2007

Minneapolis, mini-apple

Perleporten?
Minneapolis kjenner vel dei fleste frå nyhetene etter at der datt ned ei temmelig stor bru, og mange liv gikk tapt. Eg hadde tenkt eg skulle svinge innom for å sjå dette styret, men det vart ikkje noke av. Det hølja ned, so om eg hadde reist for å sjå på plassen, hadde eg ikkje sett noke likavel. Då brukte eg tida betre på Mall of America.
Her hadde det vore moro å vore 10 år gitt!!!
Eit virkelig gigantisk shoppingsenter! I botnen har dei verdens største hai-akvarium, i første etasje og heilt under taket i fjerde etasje har dei en egen fornøyelsespark med berg- og dalbane, pariserhjul, karusella og alt du kan tenke deg som høyrer til i en skikkelig fornøyelsespark. Og eg måkje gløyme alle butikkane! Fleire hundre med alt du kan komme til å trenge og ikkje trenge, men som kan vere moro å ha likavel... Med andre ord, "shop til you drop..."
Og enda fleire karusella...
Eg fekk no ei gratis overnatting på campingen der eg låg. Dei va so imponert over at eg hadde reist heilt frå norge for å sjå landet deira. Det var egentlig midt i blinken ettersom det var en temmelig dyr campingplass...
Ellers var det ikkje so mykje eg fekk med meg herfra, det var ikkje det heilt store veiret til å farte rundt å kike.

Chicago, byen i skyene...

Kanskje heisen går til himmels?? Vi prøva...

Då var turen kommt til Chicago, byen som blir kalla "the windy city". Akkurat det at det bles so mykje der merka eg veldig lite til, men det stemmer nok sikkert. Eg fekk meir inntrykk av at det var en by som er svært utsatt for å skrape oppi skyene. Eg fekk vertfall demonstrert kvifor det heiter skyskraparar. Eg hadde meg nemlig en tur opp i Sears Tower, heilt opp til, ja kor mange etg. var det? Eg kom ut av tellinga, men det var vertfall over hundre! Sears Tower var en gong verdens høgste skyskrapar, men det var til dissa asiatarane slo til med Taipei-towers. No er det visst noken som har bygd enda høgre enn det igjen og... Men Sears Tower har framleis dei høgste antennene i verden, so dei skrapa høgast likavel i mine auge... Men samme kor liten verden skulle bli når ein kjem so høgt opp i lufta, so hjelper det lite når ein ikkje ser anna enn rett inn i skyene. Eller det vil sei, du ser ingenting, berre kvitt... Fekk et par små glimt innimellom, men det var ikkje noke å rope hurra for.

Et lite glimt av byen under meg, men det var og alt eg fekk sjå...

Ellers hadde eg no den obligatoriske turen ned på Navy Pier, der en får tilbud i øst og vest om båtsightseeing oppover den grønne Chicago River eller et "Chicago-skyline" cruise med historia til byen med på kjøpet. Eg tok meg en tur i pariserhjulet eg, og fekk ei fantastisk utsikt mot byen og kystlinja nordover, det var vel verdt dei 5 dollarane dei skulle ha...

Skyline-trip for 5 dollar, og ikje 50...

En tur opp Michigan Avenue er og på lista over "må gjere i Chicago". Der gjekk eg forbi det som held på å bli det nye Trumph-tower, der verdens dyraste og mest lukseriøse leiligheter kjem til å bli til... Trur ikkje dei får den flottaste utsikta i verden, men vil folk betale i dyre dommar for det der er det virkelig fritt fram for min del.

Cloudgate, eller "the bean".

Vandra en tur gjennom Millennium Park og satte meg ned på en benk for å nyte den herlige crema kyllingsuppa eg hadde kjøpt meg. Den var minst like god som dei hadde lovd, og eg satt igjen mett og vel fornøgde. Frå der eg satt hadde eg fin utsikt over det yrande folkelivet som strøymde til for å sjå på den merkelige dingsen som var plassert midt på plassen. Den heiter etter rett Cloudgate, men blir berre kalla "the bean", noke som er fullt forståelig ettersom det lignar ei kjempestor, blank bønne. Det var en sprø opplevelse å gå under "the bean", då en såg seg sjølve i alle vinklar, fasongar og retningar. Det var ikkje godt å vete kva som var opp og ned til slutt, det gikk heilt i surr... Då var det godt å kunne sette seg på toget tilbake til Dune Station i Indiana og køyre "heim" til parken.

Ser du meg??? Eg er både her og der..

Campingplassen eg budde på var egentlig det beste med heile oppholdet. Den låg inne i Indiana Dune State Park, ei virkelig nydelig perle. Kvite strender so langt en kunne sjå, djupe, mørke skogar rundt og en ypperlig plass å sjå kor sanddynene brer seg innover skogen. Der var tillaga mange forskjellig stiar en kunne gå, nokre var fleire timar lange og andre var slike som du berre spaserar ut av bilen en tur for å kike på. Eg gikk tur nummer ni, etter å ha fått den varmt anbelfalt av en av parkrangerane i området. Den var virkelig ei perle. Det var en fin sti inne i skogen der ein plutselig kom ut i sollyset og såg at ein stod på toppen av ei høg sanddyne, ganske stilig. Stien gikk heilt ned til strandkanten og eg brukte en god time på heile runden.

På toppen av ei høg sanddyne voks der eit tred...

Eit lite tjern inne i skogen. Meg med ein endelaus utsikt bak meg.

Berre eit av dei mange fine motiva langs stien.

Du skal gå langt her for du går tom for sand...

Eg hadde egentlig planer om å reise innatte til byen for å få med meg en Chicago Cubs kamp, sidan eg gikk glipp av Yankees i New York, men heilt etter min flaks spelte dei selfølgelig bortekamp denne kvelden... Jaja, eg såg det på den lyse sida og innsåg at no fekk eg tid å oppdatere bloggen min... ;) Neste morgen var eg tidlig oppe og satte kursen mot Minneapolis, Minnesota.

tirsdag 21. august 2007

Niagara Falls

Et vakkert syn...
Viktig å holde tunga beint i munnen når det går unna i 140 km/t...
Det var herlig å ha fått tak i bilen igjen! Følelsen av å vere fri til å gjere akkurat det eg vil og å kunne køyre akkurat dit eg ville var heilt fantastisk! No var turen begynnt på virkelig, det var no eg skulle få sjå USA.

En nydelig nattehimmel på veien nordover.
Livet på interstaten (det er veien altso...) går i full fart. Fartsgrensa dei fleste plassane er 65 mph, noke som tilsvara omlag 105 km/t. Men ikkje tru at folk for puttrande avgårde i 100 km/t, neida, her skulle det gå unna. Gjennomsnittsfarta i løpet av dei 8 timane eg brukte frå New Jersey til Niagara falls låg tett oppunder 130 km/t!!! Ein kan liksom ikkje vere noken sinke i dinna trafikken heller, so det er berre å gje på! Men det er en heilt anna standard på veinettet i USA en det er heime. Her går veiane for det meste rett fram. I tillegg har du ikkje møtande trafikk på desse veiane. Her er det avskilte baner med vertfall 10 meter mellom køyreretningane.
Då eg kom fram til Niagara Falls var det seint på kveld og mørkt. Eg klarte selfølgelig å svinge til venstre i staden for høgre på ein av dei siste avkøyrslene før campingen. Det var egentlig ikkje noke problem, for etter å ha tatt ei runde rundt byen, fann eg igjen den veien eg var på og kom meg på rett kjøl igjen. Eg var framme på campen i ellevetida på kvelden og fekk satt opp det nye teltet mitt for første gang. Vel og merke i bemørkna... Eg hadde glømt igjen lommelykta heime, og hadde ikkje funne det ut før no... Typisk.. men det gikk fint å få opp teltet, og akkurat idet eg hadde fått i siste pluggen, kom min nye nabo bort og tilbydde ei lykt. Eg skulle få låne den til neste morgen, då skulle dei reise. Eg takka fint og lovde å levere morgenen etter. Det var ikkje vanskelig å sovne denne natta etter en laaang tur på veien.
Her var min første camping-heim, Niagara falls.
Dagen etter hadde eg egentlig berre tenkt å slappe av å få gjort unna klesvasken. Eg satte på ei maskin og gikk for å utforske campingplassen mens den stod å gikk. Campingen låg fint plassert i Niagara Falls state park langs med Lake Ontario.
Nydelig utsikt østover langs Lake Ontario.
Ekje d noke som heite "uttasæsjælopplevelse...", det må vere noke sant...
Det var ei fantastisk utsikt utover sjøen frå stranda og sjølve campen var godt vedlikeholdt og hadde fine toalett- og dusjfasilitetar. Klesvasken min var ferdig, og sidan det var så fint og varmt vær, hengte eg den opp inne i teltet til tørk. Det var framleis tidleg på dag enda, så eg tenkte eg kunne no ta turen inn å sjå på fossane i dagslys.

Nærmast her er dei amerikanske fossefalla, og lengst vekke, dei canadiske hesteskofalla.

Her sett frå den amerikanske sida og nedover mot Rainbow bridge.

næmen... der har vi jo meg og gitt...
Det var et fantastisk syn som møtte meg då eg gikk fram på kanten for å kike ned. Det buldra godt frå dei mange hundre tusen literane som fossa over klippekanten og ned blandt steinane i botnen. Kan ikkje skjønne dei som frivillig har hoppa utfor her i ei tønne!!! Eg tusla over Rainbow bridge og over grensa inn til Canada en liten tur for å sjå på fossane frå den canadiske sida. Du ser meir av dei frå Canada enn frå den Amerikanske sida. Kunne nesten ikkje vere der og ikkje ha sett dei frå alle mulige vinklar.... Og berre det å få et ekstra stempel i passet var fristande nok.. hehe...

Dei amerikanske fossane sett frå den canadiske sida. Heilt til høgre er "Bridal vail falls".

Her er dei canadiske hesteskofalla. Et imponerande syn når en står rett ved sida av...
Niagara Falls sett frå Rainbow bridge.
Etter å ha sett nok på fossane fann eg fram til Wal-Mart, et kjempesupermarked, i ekte amerikansk stil, med masse billige varer. Der fekk eg handla det eg trengde og kom til å trenge vidare på turen. Sidan det var begynnt å mørkne fann eg ut at eg like gjerne kunne vente litt og få sett på fossane på kveldstid og, hadde ikkje noke betre å ta meg til likevel.

Eit magisk øyeblikk...

Ken kunne tru at nokre fossar kunne bli so fine?

Hmm... Eit bilde seier meir enn tusen ord...

På kvelden blir fossefalla opplyst med fantastiske fargar på begge sider av grensa. Dei får alle regnbogens fargar som spelar fram og tilbake langs dei til vanleg krittkvite fossefalla. Fargespelet er heilt fantastisk å sjå på. Ein blir heilt fortrylla... Klokka gjekk og den blei nærmare tolv før eg klarte å lausrive meg frå det utrulige synet. Eg suste tilbake til campen og fekk putta meg i soveposen. Eg hadde fått gjort unna alt eg hadde tenkt på en einaste dag... Snakk om effektivitet! Då kunne eg ta beina på nakken neste morgen og suse meg avgårde mot mitt neste mål, Chicago.

5th Avenue, Rockefeller Center, Justin Timberlake, Bil...

Her sitte eg å slappa av i Bryant Park. Herlig!!!

Resten av oppholdet mitt i New York bestod for det meste av trakking opp og ned gatene, joggeturar i Central Park, skrive postkort og slappe av enten i parken eller på taket på hostellet.

Frukost-/solterrasse på taket på hostellet.

Eg blei liksom aldri lei av hverken Broadway eller 5th avenue, der var alltid noke nytt å sjå som eg ikkje hadde fått med meg dei andre gongane eg hadde gått der.
Oppover 5th Avenue.
Ein av dei utallige skyskraparane på Manhattan. Denne var berre stilig!
Ellers hadde eg nokre fustrerande timar der eg venta på at forsikringspapira mine skulle komme gjennom på faksen på hostellet. Etter to dagar med vandring att og fram til forskjellige kontor og koperingsfilaler for å skaffe dei nødvendige papira for å få bilen på veien, var endelig alt klart. Alt som gjenstod var at papira kom tikkande ut av fax-maskina... Og det tok si tid... Eg veit ikkje kor mange gangar eg sprang opp og ned den lange og etter kvart tunge trappa, men til slutt var heldigvis papira der... Og gjett om det var ei som smilte bredt då... Betjeninga berre flirte av meg, dei tenkte vel sitt; "tullete turista..."

Fontena framfor Rockefeller Center.

På veien opp 5th avenue gikk eg forbi Rockefelle Center. Eg hadde no vore i toppen på Empire State Building, men det hadde no vore stas å sett byen på nattestid og, so eg bestemte meg for å ta turen til "Top of the rock" seinare på kvelden.

Flott utsikt utover Manhattan på natta. Heilt til høgre er Empire State Building og heilt til venstre er Chrysler Building. Det er to av dei mest kjende bygningane på Manhattan.

En stilig opplyst kjempe! I bakgrunnen er Chrysler Building.

Det angra eg ikkje på, det var ei fantastisk utsikt å sjå utover den opplyste byen. Frå toppen av Rockefeller center har du den flottaste utsikta til Empire State Building, rett fram. Og ser du ned, har du dei små gule prikkane(taxi) som susar att og fram gjennom dei mange gatene der nede. Ganske tøft å sjå på må eg sei... Det må berre nevnast at eg var der klokka 23.30, og temperaturen på toppen var 30 grader!!!

Mange travle taxiar heilt der nede...

Eg og Empire'n...

Ellers fekk eg no telefon sann midt på natta, klokka var vel ikkje meir enn 04.30 trur eg... Det var no egentlig berre en hyggelig telefon då... Var Hildgunn Løken som ringte for Fjordenes Tidende og ville slå av en sommarprat. So no har eg kommt i avisa og. Hehe... :) Hadde meg en fridag inni alt ditta styret her og.. Då satt eg kun på taket på hostellet heile dagen og slappa av... hadde pc'en min der og ei god bok... ka meir kan en då forlange når en tilogmed har strålande sol og 32 grader??? -SOLKREM!!!!- Hadde det ikkje heilt godt den natta... men men... Hadde no underholdning utover kvelden og... Satt på taket og fulgte med på alt oppstyret rundt Madison Square Garden, dei hadde fått en særdeles celeber gjest. Justin Timberlake skulle spele der, med Good Charlotte som oppvarmingsartist. Var endel politi og fans der ja...

En bør føle seg temmelig trygg med alle desse som nabo for en kveld...

Endelig kom dagen då eg skulle hente bilen og komme meg på landeveien. Pakka meg ut av hostellet og fann toget til Newark. Derfra bar det avgårde i en knall gul taxi ned til 1201 Corbin st. Der fekk eg alle papira eg trengde for å få bilen ut frå havna. So bar det avgårde i en ny gul taxi, og her hadde sjåføren berre en fot og en arm, so eg blei en smule skeptisk, men køyre d kunne han... Vel framme på havneområdet blei eg vist rundt for å finne bilen, og der stod han, gliset mitt!!! Like heile som då eg sendte han frå meg og klar til å ete miles! Eg satte meg spent inn og vreid om nøkkelen, usikker på om han kom til å starte. Wrooommm.... Joda, han starta... Eg satte den i gir, og svinga ut på veien...

"On the road again, I just can't wait to get on the road again..."

onsdag 15. august 2007

En annerledes dag

Starten på heile sulamitten.

Det var en nydelig fin morgen, det var søndag 12. august, sola skein og det var allereide varmt når klokka var ni på morgenen. Det lova bra for resten av dagen. Hadde tenkt meg en tur i Bryant Park og berre slappe av med boka mi og kanskje får litt brunfarge med på kjøpet. Men den planen blei fort forandra. Då eg kom fram til parken var den til min store skuffelse stengt, noko som betydde at eg måtte gå dei tjue blokkene ekstra (hadde alt gått tretten...) for å komme til Central Park.
Hehe... Her er vertfall en som feirar!
Eg hadde jo lagt merke til at det var uvanlig livlige folk i gatene, so at noke var på ferde var tydelig. Eg gikk bort til ei av dei mange politia som stod langs med 6th Avenue og spurde kva som skulle skje. Først trudde eg ho sa at det var "dominican gay parade", men det var feil gitt. Det var "Dominican Day Parade", der dominikanarar frå heile USA kom for å feire det dominikanske levesettet.

Kunne sikkert vert en gay-parade og...

Masse fargar prega gatene denne dagen.

Det var en utrulig stilig opplevelse å få vere med på noke sant, dissa folka der kan virkelig å få gatene til å koke av liv. Det var ei salig blanding av heftige rytmer og fargerike kostymer, og det virkelig aula med folk!
Egytpera???
Her kokar det!!
Etter kvart opna parken igjen og eg kunne sette meg godt til rette å berre nyte livet.

Heldigvis god plass i parken etter alt oppstyret...

Det er jammen travelt med sannt et fæla liv heile dagen i tilegg til den ekstreme heten (33 grader), så det blei en tidlig kveld på meg. Hehe, no skulle eg berre late att augene og le av den lisje rakkaren som skulle ta nøtteposen min...
Trur han vurderte å bite meg i tåa for å få tak i nøttene, han såg litt skummel ut...

lørdag 11. august 2007

Manhattan, min første heim på turen...

Times Square
Tirsdag 7. august starta turen min. Første stopp på turen var Oslo. Eg hadde framleis ikkje fått meg visum og det byrja å haste. Til min store lettelse traff eg kjentfolk på bussen. Min gode arbeidskollega og venn, Knut, skulle tilfeldigvis samme vei. Det er merkelig kor mykje fortare turen går når ein har nokon å skvaldre med. Riktignok sov eg mesteparten av turen, men dei få timane eg var våken, klarte vi vertfall å irritere på oss ei sunnmørsdame... Hehe... Ho blei tydeligvis irritert av at vi satt å kviskra, men å gå fram til buss sjåføren og nesten rope slik at heile bussen vakna, d var greit d... jojo, ho kunne jo berre snudd seg og sagt frå til oss... Vel framme i Oslo onsdag morgen kl. 06.40 blei eg henta av bror min. So var det å slappe av eit par timar før eg måtte inn til byen å stille meg i kø. Det minnte meg litt om dei køane vi såg på vår forrige tur, i Bolivia. Der stod det lange køar utanfor trygdekontoret. Og denne morgonen stod det ei lang kø utanfor den Amerikanske Ambassaden i Oslo, og midt i køen, jo, der stod eg. Og der stod eg i 1 1/2 time... Og det var berre for å komme fram til sikkerhetssjekken, som er strengare enn den du går gjennom på flyplassen... Etter sikkerhetsjekken var det inn på venterommet, som heldigvis hadde stolar å sitte på. Der gikk det en liten halvtime før eg slapp fram til registreringa, der eg fekk beskjed om å sette meg nedatt å vente til eg blei oppropt. Huff og huff for ei venting... Eg kom heldigvis utigjen med ein hentelapp. Eg skulle få kome tilbake seinare same dag og hente passet og visumet mitt. Hehe, joda, det var en ny time med venting for å hente det. Men so var då alt klar til avreise. Tidlig torsdag morgen fann eg flybussen og kom meg avgårde til gardermoen. Flyet hadde avgang kl 11.30, so eg var ute i god tid når eg var der halv ni. Flyet var forsinka får New York, så ny avgang blei satt til kl. 12.00, og flyet gikk kl. 12.30. Eg var på vei mot New York igjen! Flyturen gikk heldigvis kjapt, eg sov, våkna og åt maten min, sov, våkna og åt maten min igjen, sov og våkna då kapteinen annonserte at vi skulle gå inn for landing. Kunne ikkje vert bedre. Fann heldigvis all baggasjen min, og veien ut av flyplassen. Hoppa inn i en "supershuttle" og fekk turen frå Newark inn til hostellet på Manhattan for 19 dollar, ikkje verst for å vere NY. Reservasjonen var i orden og rommet var klart. Rommet var ikkje av dei finaste, men der var reine sengar og eit reint og fint bad. Eg satte frå meg tinga mine og beina meg ut i streeten. Det ekje vanskelig å orientere seg i NY, alle gatene er nummererte frå 1st street til 140th street frå sør til nord og frå 1st avenue til 12th avenue frå aust til vest. Så so lenge du veit kva gate du skal tilbake til, er det berre å traske iveg.
Det blei ikkje so mykje tråkking på meg dinna fyste dagen. Eg fann tilbake til Times Square og Bryant Park, satt der å såg på livet før eg vandra "heim" til 303 W 30th Street mellom 8th og 9th avenue, Manhattan Inn Hostel. Sjølv om eg hadde sove mesteparten av turen slokna eg fortsatt før klokka var ti den kvelden. Men det var deilig å legge seg ned å sove i motsetning til å sitte å sove i 8 timar. Neste morgen, Fredag 10. august, våkna eg til regnveir og kaldt veir. Vakje noke særlig koselig å gå ute i gatene denne dagen. Eg prøvde meg to gongar, men eg ga opp. Søkkande blaute med vrengt paraply styrta eg inn dørene på H&M. Der nytta eg anledningen til å dra på meg nokre tørre og varme kle, men uten å finne noke eg kunne tenke meg... Sikkert like greit med tanke på at pengane skal vare tre mnd til. Skunda meg i hurten og sturten heim til hostellet og fekk på meg noke varmt og godt, og satte meg til å lese litt i boka mi. Utover kvelden letta veiret slik at det var mulig å gå en tur igjen. Eg tok på meg joggeskoa og beina rett mot Central Park. Turen dit var lang nok i seg sjølv, så eg utsatte til neste dag å utforske den.
Utsikt mot østsida av Central Park
En avslappande oase i hjertet av New York.
Det var en herlig følelse å våkne tidlig på morgenen lørdag 11.august. Sola skein frå skyfri himmel og temperaturen var på god vei mot 30 grader. Fekk meg en god frukost på hostellet før eg tok fatt på turen til Central park. Hadde meg en kjempefin gåtur på vel tre timar gjennom heile midtown og Central Park.

Har du sett større plen i en by?

Kontrastar med gamle tred og moderne skyskraparar.
Leita litt rundt etter billig internett, men fann ut at det ville bli en dyr affere. Henta pc'en min på hostellet og tenkte eg skulle kople meg til det trådlause nette i Bryant park, noke som egentlig skulle gå fint, men med min tullete pc, gikk det ikkje slik. Så etter å ha dradd med meg pc'en ti kvartal fram og ti kvartal tilbake kom smilet tilbake igjen då eg til min store overraskelse fann trådlaust internett på rommet mitt. Det vetast ikkje kven som eig dette nettverket, men lar dei det stå ope, så brukar eg det. So no er eg endeleg på nett igjen.