søndag 16. september 2007

Vulkanar og krater...

På veien vestover var mitt første stopp en liten by kalla Spokane. Her overnatta eg på parkeringsplassen på Wal-Mart ettersom eg berre skulle sove der og reise rett vidare neste dag. Men eg hadde hørt på noken ulydar i bilen dei siste dagane, so når eg såg dei hadde eit Toyota utsalg der, nytta eg sjansen og stakk haudet innom for å høyre om dei hadde tid å kike på det. Eg forklarte dei situsajonen om at eg berre var på gjennomreise og fekk dermed ein time berre et par tima etterpå. Slo ihjel tida med å finne meg en god frukost og ta meg en stor kopp kaffi.
Då eg kom tilbake og hadde fått levert frå meg bilen, gikk det ikkje lenge før det kom et par nysgjerrige verkstedkara og lurte på om eg kunne forklare dei kva for lydar det var eg hadde hørt. Dei kunne ikkje finne noko som var gale, til min store lettelse, men dei var veldig nysgjerrige på kor eg hadde fått tak i en toyota med dieselmotor, det hadde dei ikkje sett før. Dei skal visst ikkje bjynde å produsere det her i USA før i 2008/2009, so dette var heilt nytt for dei. Det hadde visst vore ei lita loddtrekning om kven som skulle får ta testturen med bilen, alle ville prøve den.
Eg fekk forklart at dei ville sjekke alle væskene på bilen, og sjå etter at alt var tipp topp før dei vaska bilen og leverte den tilbake til meg. Eg stod der som et spørsmålsteikn og måtte spørre en ekstra gong om dei virkelig hadde tenkt å vaske bilen? Uten at det kosta noke ekstra? Jepp, det var planen, sa dei. Det er visst standard service her i USA. Jammen noke dei kunne tatt lærdom av heime...
Det gikk ikkje lange stunda før han som tok seg av papirarbeidet kom smilande bort å satte seg ved sida av meg og rekte meg papira. Han peika nederst på arket og sa at så mykje skylda eg dei, og peika på $0,00. Det gjekk et par sekund før eg skjønnte kva han meinte, og då eg spurde om ikkje han ville ha noke for arbeidet, svara han berre at eg heller skulle bruke pengane på turen og kose meg (dei tok vanlegvis $50 for en slik sjekk). Hehe.. Eg var temmelig forfjamsa der eg spankulerte ut dørene med verdens breidaste smil og ikkje heilt kjende igjen bilen min etter ein grundig vask. Ditta kan en kalle service!
Eg satte kursen vestover igjen, men eg kan love dokke, det gikk mange miles før smilet var tilbake til vanleg breidde igjen...
Det var en variert tur gjennom knusktørre stepper, frodige skogar, fjellovergang (der det var en stakkars trailersjåfør som hadde mista bremsene i dei lange, bratte bakkane og køyrde slalom mellom dei fire banene nedover, det gikk heldigvis bra til tross for ei fart på minst 150 km/t) og til slutt lukta av sjø, saltvatn og fjære.
Eg var framme i Saltwater State Park, eit lite stykke sør for Seattle. Eg kom der etter solnedgang, so eg fekk ikkje sett kor der såg ut før dagen etter, men det var ikkje akkurat den reinaste campen eg har vore på. No var eg sikkert litt prega av at eg var litt lei, so plassen var sikkert grei nok den. Men eg følte ikkje for å vere der noke lenger enn eg måtte, so eg pakka sammen sakene mine og reiste vidare sørover til Mt. Rainier.

Mt. Rainier i solnedgangen.

Der hadde eg en plan om å køyre rundt fjellet på østsida, og vest til Interstaten igjen for å overnatte der ein stad. Men etter å ha kjørt opp heile fjellet og fått en fantastisk utsikt til toppen av Mt. Rainier, og faktisk sett snøbyger oppe i toppane, kom eg til stengd vei på østsida av fjellet. Det betydde at eg måtte tilbake samme vei som eg hadde kommt og stoppe på enda eit Wal-Mart senter. Eg bjynte å føle meg heime på desse store parkeringsplassane etter kvart, så det gjorde meg ingenting å sove i bilen igjen. Blir noken kroner ekstra til å finne på andre ting i staden då, ekje gale det heller.

Det ryke enda av krateret her på Mt. St. Helens.

Eit av dei mange treda som fortsatt ligg igjen etter utbruddet for 25 år sidan.

Det er tydlig at det har vore enorme krefter i gang her.

Neste morgen satte eg kursen mot Mt.st.Helens, ein stor vulkan som hadde eit kjempeutbrudd for 25 år sidan. Det var stilig å sjå effekten av et slikt kjempeutbrudd, det låg fortsatt tred som var blåst overende av vindane etter smellet. Tilogmed langt vekke frå der toppen en gang stod var treda blåst vekk... No var det planta ny skog som var i full vekst og livet i fjellet var på vei tilbake. Då eg var kommt til veis ende, hadde eg flott utsikt rett inn i krateret. Det var det litt overraskande å sjå at det faktisk rauk en heil del frå den sønderrevne toppen. Eg blei ståande å høyre på en av rangerane der som fortalde om historia til fjellet frå det hadde utbrudd og fram til i dag. Vulkanen er so absolutt i live enda og er i full gang med å bygge oppatt fjellet som den en gang ødela. Det blir spydd ut omlag eit dumperslass med gloheit lava i minuttet, og kanskje om et par hundre år ser fjellet enda en gang ut som det gjorde for 25 år sidan. Eg fortsatte reisa mi sørover mot Portland, der eg skulle innover Columbia River Gorge for å finne meg en campingplass og slå leir et par daga.

Det var mange vakre fossefall gøymd i skogen i Columbia River Gorge.

Nydelig utsikt østover Cloumbia river.

Eg kom til ein koselig liten RV park der dei hadde to små plassar til telt. Men det holdt akkurat ettersom den eine var opptatt og den andre berre stod å venta på meg. Fekk slått opp teltet, enda en gang i bekmørkna, lære visst aldri, men men... Var en tur inn til byen Portland dagen etter og fekk med meg det som skulle vere ein gratiskonsert, men som ikkje blei noke av etter en og en halv timers streving med lyden. Men det var en sann fin dag, at det gjorde no virkelig ingenting. Det gjorde underverker med humøret å komme til dei idylliske omgivelsane i Columbia River Gorge og dei koselige gatene i Portland, so neste dag var eg igjen klar til å ta inn verden med alt den hadde å gi.

Fantastisk belysning i solnedgangen over Crater Lake.

Terapi...

Den synkande sola farge slettene ildraude.

Det var solnedgang når eg kom fram til kanten på crateret til Crater Lake, og gjett om det var et nydelig syn å sjå utover denne vakre sjøen som hadde danna seg i dette enorme krateret. Lyset frå solnedgangen fekk den blå sjøen til å sjå nesten lilla ut, det var et magisk syn der blant dei forrevne klippeveggane, og enda betre, der var ikkje ei sjel i sikte så langt eg kunne sjå. Eg hadde heile sjøen for meg sjølv.

Magi blir forvandla til idyll idet sola våknar...

Ein liten kar som var ute etter noke godt kanskje?

Det er tydelig at eg befinne meg i eit krater.

Neste morgen var eg tidlig oppe for å få med meg krateret i soloppgangen, og eg blei ikkje skuffa. Om solnedgangen gav krateret et magisk preg med vakre fargar og lange skuggar, viste sjøen seg no som en knallblå juvel mellom dei vulkanske klippene. Eg ville gjerne tatt turen rundt heile krateret, men mangel på drivstoff i området gjorde det til en risikabel affere, so eg får heller ta turen tilbake en anna gong. Eg tok eit siste blikk utover sjøen før eg satte meg bak rattet og satte kursen mot dei djupe Redwoodskogane på den nordlige kysten av California.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Å så nydelege bilder og nydeleg ver, bra timing med turen, for her heime regnar det heile tida.
M

Anonym sa...

..... kremt, eg syns eg les du skal køyre rundt krateret ein annan gong........
M

Anonym sa...

hæ??? det må no bli når eg blir gammal og har gløymt kor det ser ut her... ;)