fredag 28. september 2007

Los Angeles, city of the angels

Mykje asfalt å legge her, heile 14 filer!
På veien sørover mot Los Angeles blei det meir og meir tydelig at eg nærma meg ein stor by. Veien gikk frå å ha to filer, til tre, fire, fem og heilt opp i sju filer, men eg var heldigvis ikkje midt i rushtrafikken, så det gikk veldig fint å køyre. Då eg kom til Santa Barabra fekk eg mitt første møte med det ein kan kalle typisk california, høge tynne palmar som perler på ei snor langs veien. Nedover langs kysten var det mil etter mil med vakre strender, frå Santa Barbara, forbi Malibu, Santa Monica og heilt ned til Venice Beach der eg skulle bu. Eg hadde skrudd på gps'en denne gongen, so eg fann lett fram til hostellet der eg skulle tilbringe dei neste dagane. Det viste seg at hostellet låg perfekt plassert like ved den nydelige stranda venice beach. Eg hadde tilogmed havsutsikt frå rommet mitt... Det trur eg ein skal leite lenge etter for den nette sum av $30 pr.natt! Det var fortsatt tidleg på dagen, klokka var ikkje meir enn eitt, so etter nokre rundar rundt dei nærmaste blokkene på leit etter ein parkeringsplass, satte eg kursen mot den herlige stranda.

Som tatt rett ut av en Baywatch-episode.

Lifeguard-båten.

Dei er heldigvis ikkje vinterbleike lenger.

Det var omlag som å spasere rett inn i ein Baywatch-episode. Livvakttårna og tilogmed den gule Baywatch-bilen stod rett ved sidan av meg... Hehe... Det var verken David Hasselhoff eller Pamela Anderson som stod å skua utover stranda, men den raude livbøya og shortsen var den samme.

Eg fekk vere Venice Beach purk ei lita stund.

Eg falt for fristelsen å spørre en politimann som stod å polerte ATV'en sin om eg kunne få ta eit bilde av han, berre for å gjere bror min litt misunnelig på køyretøyet dei hadde her på Venice Beach. Han kom med eit betre forslag, at eg skulle sette meg oppå, so kunne eg seie at eg hadde vore Venice Beach-purk for ei lita stund. Då skulle han vel bli misunnelig då. Eg vakje sein å be og heiv meg på ATV'en. Må sei det var en tanke som streifa meg om å slenge meg på politiutdanning i Los Angeles, vertfall etter at eg såg dei fare å leike seg på stranda i full fres.

En lokal basketkamp er i gang.

Livet på Venice Beach er eit temmelig fargerikt liv. Her kan du gjere som du vil og vere som du vil. Det er ikkje utan grunn at det blir kalla eit sirkus med all verden slags karakterar. Her er ein kar som går rundt i ei god blanding av klovnedrakt og hippiekle, og syng: "Jingle bells, jingle bells, help me get drunk, help me to the liquor store..." Og ein annan kar spankulerar rundt i ein bitteliten leopardspeedo og trillar en sølvball rundtom på kroppen, berre fordi folk likar å sjå på, ifølge han sjølv vertfall. Det er lagt ut ein video av han på Youtube, søk på venice beach og velg "a day at venice beach" so får du sjå han. Der ligg og ein del andre videoar som beskriv livet her på boardwalken temmelig korrekt.

Venice Beach boardwalk.

Gata mi...

Utanfor hostellet, mot stranda.

Eg hadde i utgangspunktet berre tenkt å vere her i maks ei veke. Men det var eit så trivelig hostel og eit så behagelig liv her på stranda at eg blei liksågodt i to, og hadde eg hatt tid, skulle eg ha vert her lenger.

Høøøøøøge palmar...

Og høøøøøøøge hæla...

Donald er vel sjølvskreven her.

Tøffaste dama ever!

Matt Damon satte sine avtrykk her.

Alle kjenner vel The Simpsons.

Zorro har fått plass og.

Chineese Theatre i Hollywood.

En av dagane slo eg meg ilag med nokre svenskar som budde på hostellet og reiste opp til Hollywood for å sjå "Walk of fame". Det er ei lang gate med hundrevis av stjerner lagt ned i fortauet med navnet på kjende personar. Der var alt frå filmstjerner og musikkartistar til dansarar og forfattarar, og nokre velkjende teikneseriefigurar.

Det tok si tid å sjå alle desse stjernene, so det var alt vi rakk den dagen. Eg fekk med meg ein av dei som jobbar på hostellet tilbake til Hollywood ein av dei andre dagane for å finn det velkjende Hollywoodskiltet. Vi bestemte oss for å prøve å finne veien uten å bruke gps'en og kart, so vi fekk sett mykje meir enn vi hadde håpt på ettersom vi køyrde sikkert dobbelt så langt som nødvendig og svinga feil her og der. Ein av plassane vi rota oss inn i var Bel Air, men der møtte vi en høg port som var godt bevokta av sikkerhetsvakter. Bak den porten var alle dei virkelig store husa og heilt sikkert nokre kjendisar. Vi stogga og spurde vaktene etter veien til skiltet, og satte avgårde igjen. Til slutt hadde eg parkert bilen rett under skiltet, eller så nærme som eg turde. Veien fortsatte eit lite stykke til, men utallige skilt med advarslar om arrestasjon dersom vi fortsatte, overbeviste oss om at dette var nærme nok. Eg hadde sett det på nært hold, og det var nok for meg.

Hadde berre noken kunna saga ned dinna fura...
Sjå der er det!!!
Hollywood...
Utsikta ned mot byen frå Hollywood-skiltet.

Meg og "guiden" min, Dustin, i Hollywood.

På veien tilbake meldte sulten seg, og vi bestemte oss for å finne en plass i Hollywood sentrum der vi kunne få oss noke god mat. En veldig effektiv metode for å finne en god resturant er å køyre rundt i gatene med rutene nede og lukte seg fram til den. Vi køyrde langs hovedgata då bilen plutselig blei fyllt med lukta av steikt kjøtt, eg svinga straks av veien og parkerte. Og luktesansen hadde ikkje lurt oss, det var virkelig en nydelig hamburger dei serverte.

Capitol records-bygningen.

Lure på ka dinna karen har vore ute for, med kulehol i bilen...

Hollywood sentrum

Skulebuss av den gamle sorten.

Sidan eg var i Los Angeles fann eg ut at eg skulle ta kontakt med ei av dei vi reiste med på vår forrige tur. Eg visste at ho budde i nærheten en plass, so eg sendte ho ein mail og spurde om ho hadde tid å møte meg en dag. Det enda med at eg reiste å besøkte ho heime hos ho i Newport Beach. Det var først no eg fekk eit lite begrep om kor stor denne byen egenlig er. Newport Beach ligg i Orange county, rett sør for Los Angeles county, men blir rekna som ein del an byen Los Angeles blandt folk flest. Eg tenkte det skulle no gå fort å komme seg dit når eg først kom meg på Interstaten. Tru det eller ei, det tok meg en time å køyre frå Venice Beach, som ligg heilt nord i byen, til Newport Beach i sør, og då gikk det unna i 130 km/t heile veien! Det seier en heil del om størrelsen på Los Angeles.

Mary Ann med jentene sine.

Vel framme var eg godt mottatt av Mary Ann og dei to ovnsrøra hennar. Ho budde i et temmelig fasjonabelt strøk, med ei fantastisk utsikt utover Stillehavet og Catalina Islands. Vi tok oss en tur ned til havna og følgde ei bittelita ferje over til ei lita øy. Den lisje ferja tok berre tre små bilar, så var den full. Men den hadde absolutt sin sjarm. Vel over fann vi fram til en fiskeresturant, "The Crab Cooker", der eg fekk servert røykt tunfisk, eller som det heiter, Albacore, til forett. Og til hovedrett fekk eg grilla Halibut, ein kvit flyndrefisk, med potetmos med ost i og kålsalat attåt. Det var nydelig godt, ekstra godt sidan det var det første fiskemåltidet mitt på veldig lenge.
En seglbåt kryssar framfor ferja.
Etter å ha fått sett det som var å sjå i sentrum, reiste vi på Albertson's, en stor dagligvarehandel. Der plukka vi med oss det vi trengde for å lage eplekake. Eg hadde fått et skikkelig eplekakesug etter at eg hadde snakka med bestemora mi og ho nevnte eplekake... Og på hostellet der eg budde mangla dei ovnsdøra i ovnen, so eg hadde spurd Mary Ann om det var greit at eg lagde eplekake hos ho. Ho hadde absolutt ingen protestar mot det, ho hadde ikkje smakt heimelaga norsk eplekake før, aller mindt med ekte epler i, so det var ho veldig spent på.
Eg bakar norsk eplekake med amerikanske ingrediensar.
Det ser ut som eplekake, og det smakte heilt himmelsk! (ikkje for å skryte, men det gjorde det!)

torsdag 27. september 2007

The Big Sur

Bratte klipper stuper i havet... Ei forvilla svarttrost?
Turen vidare sørover var fantastisk. Det tok nesten dobbelt så lang tid som eg hadde trudd, berre fordi eg måtte stoppe heile tida å sjå meg om og ta bilder av den fantastiske kystlinja. Heile kysten sørover var fullspekka med ville klipper og idylliske små og store strender som var gjøymt innimellom.
Ei idyllisk strand godt gøymd mellom høge klippeveggar.
Laaaangt igjen...
Veiane var ikkje lenger av den store traffikerte typen. Her var det eitt felt i kvar retning, svingar og bakketoppar som fekk det til å kile i magen idet eg suste over. Overraskande nok var fartsgrensene heilt oppe i 120km/t, men traffikken gjekk for det meste i 90km/t.
Fire sjøstjerner klamrar seg desperat til ein stein.
Etter mange mange mil kom eg til ein liten plass som heitte Grover Beach. Den lille byen låg inne i ei stor bukt der sandstranda gjekk frå ende til ende. Midt i bukta var der eit område som var dekt av sanddyner. Dette var tumleplassen for utallige ATV-entusiastar som for å suste over dynene. Dei hadde tilogmed ein liten camping der, midt i all sanden. Då eg var der bles det en del, så det var ikkje noke alternativ å slå opp teltet, det hadde nok blåst vekk før eg hadde fått det opp. Viss ikkje hadde det garantert vore fullt i sand. Eg fann meg ein passande parkeringsplass der eg parkerte for natta, etter å ha spurd butikkpersonalet om det var i orden at eg stod der over natta.
Desse små krabatane er overalt...
Siste snev av havskodda må gje tapt for sola.

Solnedgang bak pieren på Grover Beach.

Enda ein dag er over.
Neste dag gjekk eg for å legge meg på stranda i håp om å få litt farge. Men det blei en heller ubehagelig opplevelse. Det var heilt greit å vere på stranda så lenge eg holdt meg tjue cm over bakken, men med ein gong eg la meg ned, blei eg dekt av sand. Vinden bles med seg sanden over stranda og lagde nye sanddyner oppetter alle som hadde tatt sjansen på legge seg ned, deriblandt meg. Det var eit svore strev å pusse av seg all sanden igjen, og boka mi hadde sand mellom alle sidene. Eg prøvde å holde ut så eg fekk skreve ferdig eit postkort, men all den fine sanden fekk pennen til å streike... Resten av dagen brukte eg på ein koselig liten kaffibar der dei hadde gratis internett og nydelig kaffi.

Sanddynene byrjar i det små.

En langnebba "Sandpiper".

Neste morgen bar det avgårde sørover igjen, neste stopp, Los Angeles.

tirsdag 18. september 2007

Storbykjøring i San Fransisco.

Golden Gate Bridge
Eg viste den nærma seg, men det var likevel litt skremmande å sjå den raude brua, Golden Gate Bridge. Eg skulle over den, gjennom bommen og så var det klart for den store testen på storbykjøring.
Ei laaaaang gate. Skal tru kvar den endar?
Ville eg finne fram blandt alle dei mange gatene?
Ville eg få panikk i den voldsomme trafikken?
Eller ville eg rote meg borti ei blindgate i fullstendig feil strøk?
Nydelig utsikt til byen frå Golden Gate Bridge.
Det gjenstod å sjå, eg hadde heldigvis gps'en med meg. Men eg gjorde til en vane at eg prøvde først sjølv, og mista eg kontrollen og rota meg vekk, kunne eg berre slå den på og følge instrukskjonane den gav meg...
Ei av dei gamle kabelvognene er framleis i drift.
Eg flirte godt for meg sjølv idet eg køyrde opp på brua, det var no spennande og kjekt på samme tid som det var litt skummelt. Eg leverte frå meg femdollarsedlen med eit digert smil og svinga inn på parkeringsplassen ved sida av brua. Der fekk eg tatt tusen bilder frå alle kantar og sett over kartet over byen ein siste gong før eg kasta meg uti det og satte avgårde mot Fisherman's Wharf. Det var egentlig ikkje noke vanskelig å finne sidan det var skilta heile veien, noke eg var takknemlig for. Vel framme suste eg rundt noken blokker før eg fann et passande parkeringshus og satte frå meg bilen for å finne turistinformasjonen. Eg måtte finne meg en plass å overnatte, det var ikkje berre å parkere på et handlesenter her nei...
Eg ringde rundt til nokre hostel, men det virka som det var serdeles mykje meir turista enn vanlig på denne tida av året, for alt var fullt. Eg beit i det sure eplet og ringde eit skikkelig hotel, til en nette sum av $100 pr. natt. Men det var deilig å kunne unne seg litt luksus etter en mnd på veien. Eg fekk meg et rom med ei diger, herlig mjuk kingsize seng, TV(har ikkje sett tv på en mnd!!!), micro, kjøleskap, stort eget bad og badekar!!! Dette var luksus eg syns eg kunne unne meg...
Den første kvelden gikk fort, med utallige kanalar på tv og gratis internett var programmet satt. Eg skulle berre slappe av og nyte facilitetane til det fulle, eg hadde tross alt betalt mykje peng for rommet.
The bendiest road.

Flott utsikt til Golden Gate Bridge frå den norske sjømannskykja.

En nydelig dag i San Fransisco.

Neste morgen satte eg avgårde ut i gatene for å sjå meg litt rundt. Eg hadde sett dei fleste store tinga her sidan eg var her for omlag akkurat eit år sidan på min forrige tur. Så første stopp var "the bendiest road", den mest svingete veien. Og det skal dei ha, den var svingete, og bratt!! Eg parkerte bilen ved sidan av og gikk opp og ned for å ta nokre bilder før eg satte utfor i bil. Deretter fann eg fram til den norske sjømannskykja som låg berre nokre blokker unna. Det var ikkje vanskelig å sjå kor den var sidan bygget var flott dekorert med den norske flagget. Eg tok turen inn for dørene og fekk meg en kjekk prat på norsk ilag med deilige varme vafler og kaffi. Resten av ettermiddagen brukte eg på å suse rundt i gatene på kryss og tvers av heile byen før eg tok turen ut til Golden Gate Bridge igjen for å få sett den uten skodde i toppane. Eg hadde sett det eg ville sjå i denne fargerike byen og satte kursen vidare sørover på US Highway 1. Neste mål var den vakre kystlinja mellom San Fransisco og Los Angeles.