lørdag 1. september 2007

Frå eit nasjonalmonument til eit anna...

Devils Tower

Turen vidare frå Keystone førte meg nordover gjennom historiske Deadwood (der det var bilmesse, so der var ikkje ein einaste parkeringsplass å oppdrive) til Devils Tower. Dette spesielle fjellet hugsar nok dei fleste som har sett "Nærkontakt av tredje grad", og ellers dei som har litt "antenner" (altso dei som syns det er litt artig med utenomjordingar). Det var nemlig her dei landa dissa høge, tynne, menneskelignande vesena med dei store, svarte augene. Sidan eg har vore fan av denne filmen sidan eg fyste gong såg den, måtte eg selfølgelig legge reiseruta slik at eg var sikker på å få det med meg på veien. Og det var virkelig et spesielt fjell. En ensom kjempe som kreve oppmerksomheten til alle som køyrer forbi, der den står med sine merkelige striper av fjell. Det ser nesten ut som heile fjellet er laga av massevis av firkanta stolpar som er plassert tett i tett ved sida av kvarandre. Mange av dei har dotte ned, så fjellet er omgitt av ei diger steinrøys, hadde eg vore fjellklatrar hadde dette vore eit eldorado. Var nesten fristande å bjynde med klatring der og då. Ei gammal indianer-legende seier noko om at det var ein kjempestor og sikkert veldig svolten bjørn som lagde stripene då han stod på to og klora oppetter fjellet for å få tak i nokre indianarar som var fanga på toppen av fjellet. Veit ikkje heilt om eg trur på det, men det får vere opp til kvar enkelt. Det ligg nok ei moralsk linje bak denne historia, etter det eg har lært om indianarar, har alle teikn i naturen ei historie knytta til seg.

Her står forresten heile legenda, viss det går an å lese då...

Etter å ha knipsa sikkert hundre bilder frå alle verdens kantar av denne giganten, bar det vidare vestover. Målet denne dagen var Cody, Wyoming. Det skulle bli min rast på veien til Yellowstone NP. Hadde i grunnen vurdert muligheten for å køyre heiel veien til Yellowstone på en dag, men det var en liten luring med en arm som påpeikte at dei har STORE dyr i Yellowstone, og ikkje berre er dei farlege å køyre på, men skulle bilen stogge, vil du ikkje sitte der åleine langs en øde vei, "Grizzlyen er svolten på denne tida av året ", sa han mens han kneip halvveis igjen det eine auget. det var advarsel nok for meg det. Avgjersla blei tatt på ståande fot, Stoppa i Cody den natta. Men før eg kom så langt skulle eg få med meg mykje meir.

Halen rett til værs og bjeffing uten stans betyr "fare på ferde".

Var det en ting det krydde av i desse traktene, ja, so var det præriehundar. På markane kunne ein sjå ofte fleire hundre små opphøgde jordhaugar, og på toppen av denne, ein vaktsom præriehund, klar til å gje beskjed om farer som trua, som for eksepel ein forbipasserande turist... Slettene vestover var lange og for det meste tomme, men her og der var det små samfunn av minearbeidarar, som budde under det vi i Norge ville kalle kummerlige forhold, men som dekte behova dei hadde her på den varme prærien. Dei fleste husa var gamle campingvogner eller rett og slett berre nokre skur. Det var ikkje vakre omgivelsar dei hadde rundt seg, for det meste skrot, men gruveselskapa betalar nok ikkje so voldsomt bra. Men sett med norske auger må ein jo komme i hug at vi i Norge er særdeles bortskjemt når det gjelt kva luksus vi har rundt oss. Her er det heilt andre verdiar som rår, og ikkje kva naboen syns om den flotte hagen. Eller, kven veit, kanskje dei syns det er vakkert med gamle bilvrak rundt huset... Langs den ensomme Interstaten hadde eg god tid til å lure på ting, som for eksempel kor varmt det var ute. Hadde no kjent på det ei stund, at det blei varmare og varmare der eg suste avgårde med ruta nede. Blei til slutt for varmt, ruta blei lukka og airconditionen slått på. Sjekka temperaturen ute, og joda, det var varmt. den stod på 33 grader celcius. Men verre skulle det bli. Etter ei stund fekk eg lyst å kjenne vinden i håret igjen, og skrudde ned ruta. Varmen slo imot meg som en vegg. Temperaturen var kommt opp i 35 grader. Dette var nesten litt spennande, kor varmt skulle det bli før eg kom fram? Eg fulgte tett med. 36... 37.... phuh.... 36 igjen. 37.... 37-38-37.... pokker'n at eg ikkje fekk tatt bilde der...
Det var faktisk så varmt...!
Men det kom ikkje høgare enn 38 grader, men det er no jammen det nok og for en nordboer... Spurde en kar om det var vanlig med sanne temperaturar her, men det holdt seg vanligvis under 30 grader, så det her var veldig varmt tilogmed for præriefolket. Ellers har dei sikkerhetstiltak for det meste her borte, blandt anna løpske bilar, eller som dei kallar det, "runaway trucks". Det er bilar har har sanne sjåføra som helde på bremsa heile veien ned en lang og bratt bakke, heilt til dei fine ut at bremsene ikkje virkar lenger... Ups, då e det berre å holde seg fast i svingane til ein kjem til "Runaway truck ramp", som er ein tillaga vei som går rett fram og oppover ei skråning i en sving. Dekket er djup sand slik at bilane stogga ganske fort. Egentlig ein ganske lur ting viss det skulle no dukke opp en sann luring på veien...

Ekje fare skulle du miste bremsene, berre hold deg på veien i 2 miles (3,2 km) i full fart gjennom svingane...!

Kom meg heilskinna fram til Cody og putta meg inn på en liten fin camping midt i sentrum. Rein, billeg og utsyrt med trådlaust nett. Det er bra camping det!

Ingen kommentarer: