onsdag 12. september 2007

Merkelige vesen i Glacier National Park...

Nydelig solnedgang på veien mot Butte, Montana.

Noken som er på flyttefot...

Etter å ha tilbringt natta på en parkeringsplass i en liten by kalla Butte i Montana, var eg endelig kommt fram til Glacier National Park. Eg var kommt heilt nord til grensa til Canada igjen. Glacier NP ligg både i USA og Canada, sjølv om mesteparten er på amerikansk side.

Den smale veien klorar seg fast i dei bratte fjellsidene.

En liten fjellgeitfamilie.

Idyllisk...

Eg starta besøket mitt med å køyre den 50 miles lange "Road to the sun" highway frå West Glacier til St. Mary. Å køyre denne veien over fjella mot øst var en opplevese eg seint kjem til å gløyme. Dei majestetiske fjella og dei merkelige fjellgeitene som så villig lot seg fotografere, gjorde kvelden fullkommen sjølv om eg kom til en full camping og måtte sove i bilen enda ei natt. Noke som var en opplevelse i seg sjølv.

Ser ikkje ut som det bur noken her...

Det var en artig liten "by" eg parkerte bilen i. "Byen", som heiter Babb, bestod av en resturant/bar for alle dei forbipasserande turistane, en lokal pub for dei ensomme ryttarane, en koselig, gammaldags butikk, ei bensinpumpe og eit slitt motell... Alt dette samla i eit lite kryss midt på prærien... Eg måtte le då eg kika ut av bilen på morgenkvisten dagen etter, det var litt av en plass å våkne på. Alle husa rundt meg såg ut som dei var forlatt for lenge sia, og der satt eg, midt på prærien.Men eg fekk no summa meg og køyrde inn til ein liten plass kalla Many Glaciers.

Ein liten familie bighorn sheeps hadde slått seg til nede i dalen.

Flotte motiv i Many Glaciers.

Fjell og sjø.

Inn i denne dalen var det turen gikk, og heilt opp under dei bakerste knausane i bakgrunnen.

Der var det fantastiske motiv i alle retningar og utallige turar ein kunne gå. Men dette var enda verre grizzlyland enn både Yellowstone og Grand Teton til sammen, so her måtte en sjå seg godt føre. Eg fann meg en tur som var passe populær og satte avgårde. Hadde egentlig berre tenkt å gå til en insjø kalla Grennells Lake, men ombestemte meg halvvegs og gikk heller til kilden til Grennells Lake, Grennells Glacier. Det var en tur på ca 9 km opp og 9 km tilbake, og 1600 fot stigning den siste delen, so det var en god trimtur og. Det var eit nydelig syn å sjå ned på Grennells Lake frå stien. Sjøen var knall turkis og hadde den flottaste bakgrunnen med steile fjell og djupe dalar.
Fine haustfargar bjynde å vise seg.
Slike merkelige steinar var det heile veien.
Fulle i små spor, ser nesten ut som åmer som her ete, men er nok ikkje det...
Her trer den fine turkise fargen i Grennell Lake fram.
Heilt nede i starten på vatn nr. 2 starta turen.

Artige små duskar prega vegetasjonen her oppe i høgda.

Her ligg dei siste restane av Grennells Glacier.

Det var godt med noke å sette tenna i etter tre timar i oppoverbakke.

Dette ekje badevatn, ikkje for meg vertfall. Det var det for kaldt til...

Nesten oppe på toppen fekk eg møte en merkelig skapning. Den er emblemet på bilmerket Dodge og eg trur jammen djevelen har samme haudeform. The Bighorn Sheep. Nokre voldsomme horn som vridde seg rundt i en fin snurr dukka opp frå buskene og et par iskalde saudeauge kika nysgjerrig på meg. Tydeligvis vand med turista, stakk han haudet godt inn i buskene igjen og gnafsa til seg ein god munnfull lauv. Eg fekk tatt bilda mine og fortsatte til toppen. Der låg ein iskald innsjø, der isfjell flaut lydlaust forbi, og en høg og smal foss sørga for å holde vanstanden oppe. Eg sat der ei stund å tok inn den forfriskande fjellufta og knaska i meg et par epler før eg satte kursen nedover igjen. På veien nedatte fekk eg igjen møte nokre eksemplar av den kvite fjellgeita, desse var en smule meir sjenerte enn dei eg tidlegare hadde møtt, so dei holdt seg eit godt stykke frå stien.

Dodge Ram...

Såg ikkje ut til at dei brydde seg noke om oss.

Vel nede igjen, uten å ha blitt tyggd på av noke grizzly denne gongen heller, satte eg kursen tilbake mot sivilisasjonen igjen. Men på veien fekk eg auge på en svart sak som for å tumla i ei steinrøys ved sida av vegen. Eg stoppa og tok fram kameraet og zooma inn. Ja, det var akkurat det eg håpte på. En bjønnj!!! Det var en svartbjørn som tydeligvis var på leit etter noke spennande nedimellom steinane. Då var samlinga fullkommen, eg hadde fått sett alle dei forskjellige dyreartane eg hadde håpt på. Elg, elk, bighorn sheep, fjellgeit og no bjørnen.

En svartbjørn på leit etter delikatesser i steinura.

Turen på "Road to the sun" highway var like fin på tilbakeveien og eg fortsatte til eg kom til ein liten by vest for parken som heitte Kalispell. Der fann eg fram til Wal-Mart, og parkerte i enden av parkeringsplassen, dekka til rutene og var klar for natta. Parkeringsplassane var ei god løysing på plassar der eg berre skulle gjennom og berre trengde ein plass å late att augene nokre timar før eg skulle vidare. Neste stopp no var ein plass på veien mot Seattle.

1 kommentar:

jeanette_s sa...

Det ser ut som du har det superflott!!:) Den fine naturen då!!!:)