onsdag 12. september 2007

Grand Teton National Park

Grand Teton ragar som den høgste toppen i rekka. Små, blå juvelar i det røffe landskapet.
Veien gikk sørover, og foran meg tårna det seg opp nokre voldsomme taggar, "The Grand Tetons". Dei mektige fjella krevde all oppmerksomhet i det ellers ganske flate landskapet. Det var et vakkert syn der dei tolv toppane på over 12 000 fot spegla seg i Jenny Lake. Den høgste toppen er Grand Teton, på 13 770 fot.
Gigantane speglar seg i vatnet.
Trugande skyer kjem sigande over toppane.

Denne elgen stod berre fem meter frå stien og kika nysgjerrig på alle turistane som lista seg forbi.

Eg skulle gjerne ha tatt meg nokre turar opp i desse fjella, men etter som det var strkt frårådd å bevege seg aleine i desse fjella, holdt eg meg til dei mest populære stiane. Eg kunne ikkje reise derifrå uten å vertfall hatt meg en liten tur i fjella. So det blei en tur langs stranda på Jenny Lake og opp til Hidden Falls og Inspiration Point, og litt lenger. Det blei til slutt en bra tur på tre timar, som inkluderte skikkelig nærkontakt med elgen, flott utsikt og spennande toreveir...

Flott utsikt over Jenny Lake frå Inspiration Point.

Denne har nok vore gjennom den voldsomme regnbya i bakgrunnen.

Her må eg berre sjå på at regnbya fær rett over der teltet mitt står.

Sidan det ikje var dei store mulighetane for utflukter for meg som reiste åleine, blei eg ikkje so lenge her.

Veit ikkje heilt ka dette er for en slags fugl, den for å spaserte i veigrøfta.

Eg satte kursen vidare allereie neste dag, nordover denne gongen, mot Glacier National Park, på grensa til Canada igjen.

Ingen kommentarer: