onsdag 17. oktober 2007

Zion National Park, forsteina sanddyner...

Sand blir til stein...
Små, nifse kaktusar som veks overalt.

Ei dalande sol farga himmelen ildraud på veien mot aust.

Turen frå Los Angeles til den lisje byen Hurricane var ein knallfin køyretur. Eg suste gjennom ørkenlandskap inn til storbyen Las vegas, der eg møtte ettermiddagsrushet ut av byen. Men sett på den positive sida, eg fekk vertfall god tid til å kike på alle dei merkelige hotellbygningane og casinoa i byen. Trafikken løyste seg etter kvart og veien låg atter open mot nord. I speilet kunne eg nyte den nydelige solnedgangen over ørkenlandskapet og sjå kor skyene gjekk frå å vere aprikos til å bli blodraude. Sjåføren i bilen eg hadde bak meg vart nok en smule bekymra då eg satte i gang med å ta bilder av solnedgangen i sidespeilet, han lurte nok på om det var han eg tok bilder av, for det gjekk ikkje lenge so var fyren et godt stykke bak meg.

Ein av dei mange landeveisslitarane.

Ein artig liten "by" eg køyrde forbi.

Den passar vertfall godt inn i omgivelsane sine.

Eg kom fram til Hurricane, Utah, godt utpå kvelden. Eg hadde leita opp campingplassen på nettet, so eg visste kvar eg skulle. Men då eg kom fram til campingen synte det seg at dei berre hadde fullt utvikla plassar berekna på store amerikanske bobilar, og der kom eg med mitt lisje telt. Eg hadde dobbeltsjekka at dei faktisk skulle ha teltplassar, vertfall ifølge nettsida deira, men det var tydeligvis feil det då. Eg svippa innom ein bensinstasjon og spurde om dei visste om nokre andre plassar i området der dei hadde teltplassar til overkommelige prisar, men det nærmaste blei då nasjonalparken som låg 20 miles unna. Då var det berre en ting å gjere viss eg ville sleppe billeg unna. Eg gjekk inn på den lokale matvarebutikken og spurde etter sjefen. Han kom tuslande med verdens største smil og lurte på kva han kunne hjelpe meg med. Eg forklarte han saken og spurde pent om eg kunne få låne ein av parkeringsplassane utanfor for natta. Han klødde seg i skjegget og minnte litt om julenissen der han stod. So lyste det store smilet opp igjen då han sa at selfølgelig skulle eg få lov å parkere der for natta, det var ingen problem. Eg sa tusen takk og ønskte han ei god natt før eg tusla attende til "heimen" min. Det er ikkje farleg å reise rundt på måfå når ein møter so mykje kjekke og hjelpsame folk over alt.

Mektige raude klipper ruva høgt over Zion Valley.

Tidleg neste morgon bar det avgårde mot Zion National Park. Navnet har den fått etter at det var mormonar som slo seg ned i parken. Eg satte frå meg bilen ved informasjonssenteret og pakka på meg det eg trengde for å ta meg ein aldri så liten fjelltur. Eg hadde sett meg ut ein tur til Obsevation Point, ein tur på 8 miles frå botnen av dalen og 2148 fot opp til toppen.

Utsikt nedover mot Zion Valley frå turen min mot Observation Point.

Haustfargane var bjynt å vise seg i fjellet.

Vakre haustfargar.

Eit underleg mønster gjekk igjen i fjella her i Zion.

Veien mot toppen bukta seg avgårde langs eit gamalt elveleie.

Fasinerande å sjå kor elva har greve seg nedover i fjellet.

Nokon har gjort seg føre med stien.

Det var ein utrulig flott tur gjennom gøymde dalar, langs djupe kløfter og opp stupbratte skrentar. Det som fasinerte meg mest med denne turen var alle dei fantasitiske fargane langs stien. Fjellet skifta mellom grått, raudt, oransje og gult, medan dei flotte haustfargane sovidt var bjyndt å tre fram i lauvskogen. Sanden på stien var heller ikkje noko unntak, den var kvit og fin somme stader og raud andre stader.

Dette bilete lyg ikkje, fargane i fjellet var heilt utrulege.

Oransje klipper mot ein knallblå himmel.
Etter kvart som eg kom opp i høgde blei det meir og meir tydeleg at det faktisk var forsteina sanddyner eg spaserte på. Det var ein gong i tida opp til 3000 fot høge sanddyner som ruva landskapet her. Men etter kvart som tida gjekk, førte klimaendringar og ulike mineral til at desse sanddynene blei til fjell. Og grunnen til at dei no ser ut som dei gjer er vatn og vind. Desse elementa har forma dei tidlegare sanddynene til fantastiske klipper av Navajo-sandstein og gitt dei det spesielle utseende dei har i dag. Det var intressant å sjå på alle dei ulike laga i fjellet, kor nokre av laga verkar å vere meir porøse enn andre ettersom dei lettare har blitt vaska vekk og etterlatt seg djupe furer i fjellet. Ei lita pirkeprøve overbeviste meg om at det verkeleg er sand, steinen smuldra lett opp mellom fingrane mine og blei til fin sand.
På toppen hadde hausten verkeleg satt sine tydelege spor. Kan det bli vakrare?
På toppen av fjellet var stien dekt av sand. Det var som å gå på stranda igjen, riktignok litt kjøligare. Det var ikkje nokon varm dag akkurat, det datt tilogmed nokre dråpar regn på meg før eg nådde målet. Men takka vere ein hyggelig gjest på hostellet i Venice Beach, som hadde ei vindjakke til overs som ikkje passa han, holdt eg den kalde vinden ute. So mange tusen takk til han.
Når sola attpåtil kika fram, nei, då kan ein ikkje klage.
Fargerikt?
Utsikta sørover frå Observation Point. Toppen midt i dalen er Angels Landing.
Det var ei nydelig utsikt frå toppen av Observation Point. Her såg eg heile dalen i begge retningar, og midt i det heile låg Angels Landing. Eg gjekk turen opp Angels Landing i fjor, det var ein tur eg seint kjem til å gløyme, med stupbratte svingete vegar opp til det første platået, og ein supersmal sti langs kanten til toppen. Eg har skreve meir utfyllande om den turen i den andre bloggen min frå min forrige tur, amerikapaalangs.blogspot.com, for dei som er intresserte i å lese meir om den.
Eg satt ei stund på toppen og berre nytte utsikta til det fulle. Eg åt "nista" mi, som bestod av eit par bananer og ei nøtteblanding med rosiner og M&M's. Det var ikkje fritt for at dei mange ekorna(chipmunks) som for å sprang rundt der kom bort og ville tigge, men dei skal ikkje forast sidan dei ikkje tåler den maten turistane gjer dei, so dei fekk ikkje noko av nista mi. Eg ville ikkje ha eit ekorn med mageknip på samvittigheten.
Veien nedatte gjekk unna som ein vind. Det er merkeleg kor veien tilbake verkar å vere mykje kortare enn veien fram til eit ukjendt mål. Men det hadde vel kanskje litt å gjere med at det var nedoverbakke og eg har ein tendens til å småspringe nedover bakkar. Men det var godt eg kom meg ned i full fart, for idet eg gjekk på bussen kom det ei skikkelig rotbløyte, og dei som fortsatt var i fjellet blei nok godt gjennomvåte av den byga.
Dei mange toppane som omringar dalen.
Etter ein fin busstur gjennom dalen var eg tilbake med bilen min igjen. Eg tok meg ein liten køyretur til forskjellige utkikkspunkt for å ta nokre bilder no når sola endeleg hadde bestemt seg for å kike fram på alvor. Det var eit nydeleg syn der dei raude toppane verkeleg kom til sin rett, opplyste med ein knallblå himmel i bakgrunnen. Landskapet forandra heilt karakter, dei grøne plantane ser grønare ut, og lyset blir varmare når dei raude fjella reflekterar eit raudt skjer gjennom dalen.
Eg kan godt forstå dei første nybyggjarane som slo seg til her i dalen, dei var mormonar, det var forresten og dei som gav navn til Zion Valley. Dei kom til dalen i 1850-åra og spredte seg utover dalen i åra som kom. Dei navngav dalen, Zion, etter ein fredfull plass som var nevnt i bibelen, og det er verkeleg ein fredfull plass, til tross for alle turistane som kjem innom.
Sola bringer fargane til sin rett her i Zion.
Etter ein liten rast i byen Springdale, ein liten landsby rett vest for inngangen til Zion Valley, eit besøk på bibloteket for å sjekke ruta vidare på nettet og full tank på bilen, bar det avgårde over fjellet og vidare austover og sørover til Page, Arizona, ein liten by ved Lake Powell. Veien gjennom dalen og over fjella var prega av dei fantastiske fargane i fjellet. På veien over kom ein heilt nær dei raude klippene, enkelte plassar var det tunnellar gjennom fjellet og ein kom ut til eit syn for gudar. Været hadde verkeleg forbetra seg utover dagen, og no når dagen var på hell og sola kraup nedover mot horisonten, blei landskapet bada i eit gyllent lys som fekk tilogmed dei bleikaste toppane til å skine.

Solnedgang i Zion.

Lange skuggar viser seg på dei raude berga.

Turen frå Zion til Page blei ein spannande tur, mykje flott natur, og litt dramatikk langs den øde veien ei mørk natt i Oktober...

fredag 12. oktober 2007

Death Valley, høgt og lavt.

Endelause vegar på vegen mot Death Valley.

Turen austover frå Los Angeles til Death Valley starta grytidleg på morgonen. Eg hadde fått med meg selskap denne gongen. Dustin, ein av dei ansatte på hostellet hadde eit par dagar fri og ville gjerne vere med på denne opplevelsesferda til "dødens dal". Vi satte avgårde grytidlig på morgonen, med eventyrlysta på topp.
Det er ikkje noko å seie på utsikta.
Eg hadde i utgangspunktet tenkt å følge I-15 østover, men bestemte meg for å sjå kvar gps'en førte oss hen. Det blei vertfall en intressant start på turen. Vi suste avgårde på uendelige øde vegar der vi ikkje møtte anna enn tørre busker som vinden sendte hoppande over veien. Idet vi hadde kommt til endes på ei uendelig lang strekke, opna det seg ei ny. Vi kunne sjå kvar vi kom til å vere ein time seinare, ein stad langt der framme på den samme lange strekka.
Der der ein gong var hav, er det no berre ei knusktørr slette igjen.
Ute å spasera på havbotnen.
Her kjem det ikkje mykje regn.
Stein, sand og grus.
Vi var vel begge ganske trøtte og leide av denne etterkvart kjedelige vegen då vi endelig såg noko som kunne minne om landskapet rundt Death Valley. Ei diger inntørka slette der tydelige spor viste at her var det sola som rådde. Etter ein liten spasertur i dette sprøsteikte landskapet, bar det avgårde oppover fjellsida. Bak fjella låg den varme gryta, Death Valley, klar til å sluke enda to nysgjerrige turistar. På vegen opp var det satt opp varselskilt der ein fekk beskjed om å skru av airconditionen for å unngå at motoren blei overoppheta, og utallige vanntankar var sett opp for dei som var i trøbbel. Men dette var heldigvis ikkje ein av dei varme dagane, temperaturen held seg på levelege nivå på denne tida av året, vel behagelige 35 grader. Dersom du skulle forville deg hit i Juli eller August ville du nok vore takknemleg for kvar ein einaste vanntank du kunne komme over, då stig temperaturen til over 45 grader.
Her er vi på havnivå igjen.
Ein liten peikepinn på kortid du ikkje vil befinne deg i Death Valley.
Første plassen vi kom til var Stovepipe Wells, der hadde dei ein liten butikk, der dei selde mat og bensin til trengande, eit informasjonskontor og overnattingsmulighetar. Her fekk vi handla inn til kveldens middag som skulle bestå av pølser, grilla på pinne over bålet, og potetmos. Skikkelig campingmat med andre ord. Med hendene fulle av ved, is og mat returnerte vi til bilen og satte avgårde igjen.
Her har det tydeligvis samla seg ein liten dam ein gong. Den blei nok ikkje langliva.
Er ikkje alle som overleve i dette landskapet.
Her står nokre grastustar igjen, men sanden rundt dei firsvinn sakte men sikkert.

Det varte ikkje lenge før vi kom til nokre sanddyner som tårna seg opp i det fjerne. Vi stogga for å utforske desse litt nærmare. Men etter å ha trakka eit stykke mot dei uten at det såg ut til å hjelpe, fann vi ut at vi greidde oss med å sjå dei på avstand. Eg var ganske trøtt etter å ha køyrd i fem timar på endelause vegar, so vi bestemmte oss for å finne campen som låg i Furnace Creek. På veien kom vi over eit museum for Borax-utvinning. Der fekk vi heile historia om utvinninga av borax i Death Valley, om dei tjue muldyra som trakk med seg dei tunge vognene 165 miles over Paramint Mountains, gjennom ørkenen til den nærmaste togstasjonen i Mojave-ørkenen. Det var fasinerande å faktisk sjå dei samme vognene som blei brukt på den tida. Heile turen fram og tilbake tok dei 20 dagar, der turen starta på 190 fot under havflata og tok dei opp til heile 2000 fot før reisa var over. Med to fullasta vogner og ein vanntank kom den totale vekta på lasta på 36 1/2 tonn! Ikkje rart dei trengde tjue muldyr for å komme seg fram.

Tjue beintøffe muldyr på vei til Mojave-ørkenen.

Her er vognene dei brukte til å frakte borax.

Etter å ha vandra rundt blandt gamle vogner og merkelige konstruksjonar fann vi fram til campen. Der var alle teltplassane enten opptekne eller reserverte, so vi tok sjangsen på å slå oss til på ein av dei opne bobilplassane. Der var mange ledige, og ingen fare for at det kom til å bli fullt den kvelden. Sidan det enda var lyst og litt for varmt til å berre sitte i ro ute, satte vi kursen mot Dantes View. Det var en liten køyretur på en halvtime, der den siste delen var kjempebratt og svingete, før vi stod på toppen med ei fantastisk utsikt utover heile dalen. Det blei ikkje mindre flott av at sola var på veg ned bak dei høge fjella i vest heller. Det såg nesten uvirkelig ut frå der vi stod. Langt der nede låg Badwater med sine saltflater, kvite, nesten som snø. Heile dalen var marmorert av tørre elvar som kom ut av forskjellige dalar og hadde lagt att sediment av ulike slag i ulike fargar. Det var eit vakkert syn.
Ei fantastisk utsikt frå Dantes View.
Sola forsvinn ned bak fjella i Death Valley.
På vegen nedatte frå Dantes View holdt eg nesten på å køyre over eit eller anna som kraup på vegen. Eg syns det likna mistenkeleg på ein tarantell, so eg heiv meg på bremsene og rygga tilbake. Satte på nødblinken og hoppa ut av bilen for å sjekke dette litt nærmare. Riktignok var det ein sprell levande tarantell som hadde tenkt seg over veien. Eg fann fram kameraet og knipsa i veg. Eg satt på huk ein god halvmeter foran dette vesenet, og Dustin stod å trippa tre meter lenger borte, klar til å sette avgårde dersom den skulle finne på å angripe. Han hadde vore ute for å bli jaga av ein tarantell før, og det var ikkje noko han ville prøve igjen. Men dette var ein fredeleg type, han lot meg ta bilda mine og spankulerte vidare.

Denne "vesle" karen hadde tenkt seg over vegen, men blei utsett for eit paparazziangrep før han kom so langt.

Vi reiste tilbake til campen og fyrte opp bålet, klare til å sette til livs eit nydelig måltid av grilla pølser og potetmos. Det var nydelig godt, pølsene var ikkje som dei vi får heime, men her ute i ødelandet smakte dei fantastisk. Eg blei sittande å sjå på den utrulege stjernehimmelen som var her i Death Valley, der ingen lys kunne forstyrre synet av alle stjernene som blinka som diamantar på nattehimmelen. Eg fann fram til Karlsvogna og følte eit stikk av heimlengsel. Kvar einaste dag det er klår himmel heime ser eg den henge over lada vår heime på Stårheim. Eg lukka augene og såg det så tydelig for meg, siluettane av askene bak lada, den svarte skuggen av Myroldsstøylen og over det heile heng Karlsvogna. Sidan vi ikkje hadde telt som kunne romme to stykker blei det ei natt under stjernehimmelen. Det var ikkje fritt for at eg lurte litt då eg kjende noko som kraup over foten min. det var ikkje noko lite insekt. Eg sparka det bort og håpte det ville finne veien langt bort frå mine føter deretter. Rett etter eg hadde lukka augene og bestemt meg for å sveve inn i draumeland blei stillheten brutt av nokre velkjende hyl. En flokk prærieulvar hadde tydeligvis eitkvart å diskutere seg imellom, men det var heldigvis ein relativt kortvarig samtale i forhold til den eg blei utsett for i Yellowstone. Denne var over på ti minutt, og takk og pris for det. Det er ikkje nokre vakre hyl dei gir frå seg, det minner meir om ein hund som hyler i smerte.
Kven kunne vel vete at det var her alle dei "koselige småkrypa" likte seg?
Det var herleg å vakne til ein nydeleg soloppgang i Death Valley. Lufta var frisk og rein, og temperaturen steig raskt. Det var 18 grader klokka sju på morgonen og når klokka var ni var gradestokken oppe på heile 28 grader. Etter en smakfull havregraut til frukost var vi på veien igjen. Det første vi stogga for å utforske nærmare var Golden Canyon. Der følgde vi eit uttørka elveleie oppover ein dal mellom fjell av sand og leire. I enden, langt langt foran oss kunne vi sjå fjell i alle nyansar av raudt, beige og orange. Vi hadde det litt moro med å bestige mindre toppar av leire og sand som smuldra vekk under føta på oss, noko som gjorde det til ei lita utfordring å komme seg heilskinna både opp og ned. Skal ikkje nekte for at det blei nokre hol i fasaden, dei er skarpe dessa inntørka leirefjella. Etter å ha sprunge av oss den verste overskuddsenergien, prøvde vi å finne ein veg fram til det store fjellet i bakgrunnen. Vi snirkla oss oppover nokre elveleier som blei smalare og smalare heilt til det ikkje var framkomeleg lenger, vi møtte veggen og det gjekk ikkje an å gå på denne leirehaugen, vi sank berre nedi. Så vi snudde tilbake og suste vidare.
Leirefjell-surfing
Det var ikkje alle plassar det var like framkommelig.
Dei er gansge imponerande desse leirefjella, vertfall når ein kjem nært.
Dustin på vei mot nye utfordringar.
Her blei det til slutt umulig å komme seg fram.
Var fristande å prøve seg på desse.
Artig å sjå kor fargane forandra seg i dei forskjellige laga fjella var bygd opp av.
Flott utsikt frå en av dei beseira toppane.
Her ser ein tydelig kor jordskorpa er bretta ein gong for lenge sidan.
"Djevelens golfbane"
Dette kan bli ein spennande gåtur.
Saltkrystallane lagar alle slags figurar.
Ekje godt å stikke seg på desse, dei er harde og skarpe.
Ein av dei skumlaste plassane eg har vandra må ha vore i Devils Golf Course, djevelens golfbane. Der hadde saltkrystallane vokse oppover og danna ei potensielt smertefull hinderløype. Det var vanskelig nok berre å gå der, men tanken på å snuble å dette der var skremmande. Då var du vertfall garantert noken sviande kutt der du traff bakken. Saltkrystallane hadde danna sylskarpe piggar og små knivar som berre venta på at nokon skulle stuble seg borti. Dei fleste veit nok, eller kan tenke seg, kor det føles å få strødd salt i eit ope sår, ikkje minst stikke seg på salte piggar. Eg smakte sovidt på noko av dette kvite som stakk opp, og eg var glad eg hadde vatnet innen rekkevidde, det var så absolutt salt.
Ei ensom buske på veien til Natural Bridge.
Natural Bridge.
Veien nedatte frå klatreturen på Natural Bridge.
Neste stopp var ved Natural Bridge, ei bru som var blitt danna av at ei elv for lenge lenge sidan hadde gravd seg under eit hardare parti med stein. Det var selfølgelig altfor fristande til å la vere å klatre opp på brua og nyte utsikten derifrå. Det var en smal og bratt klatretur, men desto bedre føltes det å vere kommt opp. Enda nokre hol i fasaden måtte til for å komme seg nedatte, men slikt må ein vel berre rekne med. Det var mange spor etter små fossar som ein gong hadde stupt utfor kanten og ned i den tidlegare elva. Dei hadde satt sine preg på landskapet dei og enda dei ikkje var så store.
Merkelig tanke, ei stor elv i Death Valley.
Tydelige spor etter ein foss som ein gong har kasta seg utfor kanten.
"Mushroom rock", minner mykje om Kannesteinen heime

Turen gikk vidare til det store turistmålet, Badwater, der det var tillaga slik at ein kunne gå ut på den store saltflata og kjenne kor det føltes å spasere på ein inntørka saltsjø. Eg hadde prøvd det tidlegare, når eg var på den verkeleg store saltsjøen, Salar de Uyuni, i Bolivia. Men det var likevel artig å prøve det igjen.
Badwater, det lisje som er igjen av det etter ein lang og varm sommar.
Salt og mineral krystalliserar seg i små "tuer" i vatnet.
Er nok salt for nokre å framover her skulle ein tru.
Ein vei over saltflata.
Eg veit ikkje om det er vanleg, men vinden over Badwater var utrulig kraftig denne dagen. Eg kunne lene over meg i vindkasta og den holdt meg temmelig godt. Det var litt ironisk, vi stod å talde alle hattane som låg spredt i det lisje vatnet som var der, og to minutt etterpå fauk capsen til Dustin. Det var egentlig ganske synd ettersom dette var ein spesiell caps, med mange minner knytta til. Det var ikkje mulig å hente den heller sidan området var avstengt for å bevare den skjøre naturen der. Så han måtte ta eit vemodig farvel med den då vi reiste derifrå på vår ferd tilbake til sivilisasjonen. Mesteparten av vegen ut av parken blei vi liggande bak en heil gjeng med finske motorsyklistar. Dei køyrde sakte på grunn av dei sterke vindane som kom inn frå sida, og det var ingen forbikøyringsmulighetar, så turen tok si tid. Eg skjønar godt at dei ikkje turde køyre forare. Når eg hadde vindauget ope på den sida der vinden kom inn, kunne eg sjå kor døra på den andre sida heldt på å blåse opp, den stod berre å rista i ramma. Vi kom oss no etter kvart forbi desse 20 rytterane frå vårt naboland i aust, og eg vinka fint til dei idet eg suste forbi, dei hadde nok sett at det var noko kjendt med skilta mine for dei gliste godt tilbake. Veien tilbake til Los Angeles gikk unna som en vind, berre ein kinesisk buffet fanga oppmerksomheten vår nok til at vi hadde eit aldri so lite stopp, og åt altfor mykje av den gode maten. Vi følgde I-15 heile veien inn til byen, og til tross for tett trafikk og eit manglande speil, kom vi oss trygt tilbake til hostellet utpå kvelden. Der blei vi ønskt velkomne tilbake og fekk utallige spørsmål om korleis det var blandt alle skorpionane på campingen. Det var noko vi ikkje var klar over før vi kom tilbake, at det var rikelig med sanne skumle beist rundt røttene på treda på campen, som var akkurat der vi hadde slengt ut liggeunderlag og tepper. Kanskje var det ein skorpion som hadde kravla over foten min kvelden før? Det høyrer med til historia at dagen etter at vi kom tilbake frå Death Valley, på ein gåtur til Santa Monica, gjekk vi forbi ein heil bråte med motorsyklar med finske flagg på. Og riktignok, like ved sidan av satt heile den finske motorsykkelgjengen å åt middag. Litt av eit samantreff, å treffe på dei same karane på Venice Beach. Eg trur dei kjende oss igjen for vi fekk nokre gjenkjennande blikk idet vi tusla forbi.