Som tatt rett ut av en Baywatch-episode.
Lifeguard-båten.
Dei er heldigvis ikkje vinterbleike lenger.
Det var omlag som å spasere rett inn i ein Baywatch-episode. Livvakttårna og tilogmed den gule Baywatch-bilen stod rett ved sidan av meg... Hehe... Det var verken David Hasselhoff eller Pamela Anderson som stod å skua utover stranda, men den raude livbøya og shortsen var den samme.
Eg fekk vere Venice Beach purk ei lita stund.
Eg falt for fristelsen å spørre en politimann som stod å polerte ATV'en sin om eg kunne få ta eit bilde av han, berre for å gjere bror min litt misunnelig på køyretøyet dei hadde her på Venice Beach. Han kom med eit betre forslag, at eg skulle sette meg oppå, so kunne eg seie at eg hadde vore Venice Beach-purk for ei lita stund. Då skulle han vel bli misunnelig då. Eg vakje sein å be og heiv meg på ATV'en. Må sei det var en tanke som streifa meg om å slenge meg på politiutdanning i Los Angeles, vertfall etter at eg såg dei fare å leike seg på stranda i full fres.
En lokal basketkamp er i gang.
Livet på Venice Beach er eit temmelig fargerikt liv. Her kan du gjere som du vil og vere som du vil. Det er ikkje utan grunn at det blir kalla eit sirkus med all verden slags karakterar. Her er ein kar som går rundt i ei god blanding av klovnedrakt og hippiekle, og syng: "Jingle bells, jingle bells, help me get drunk, help me to the liquor store..." Og ein annan kar spankulerar rundt i ein bitteliten leopardspeedo og trillar en sølvball rundtom på kroppen, berre fordi folk likar å sjå på, ifølge han sjølv vertfall. Det er lagt ut ein video av han på Youtube, søk på venice beach og velg "a day at venice beach" so får du sjå han. Der ligg og ein del andre videoar som beskriv livet her på boardwalken temmelig korrekt.
Venice Beach boardwalk.
Gata mi...
Utanfor hostellet, mot stranda.
Eg hadde i utgangspunktet berre tenkt å vere her i maks ei veke. Men det var eit så trivelig hostel og eit så behagelig liv her på stranda at eg blei liksågodt i to, og hadde eg hatt tid, skulle eg ha vert her lenger.
Høøøøøøge palmar...
Og høøøøøøøge hæla...
Donald er vel sjølvskreven her.
Tøffaste dama ever!
Matt Damon satte sine avtrykk her.
Alle kjenner vel The Simpsons.
Zorro har fått plass og.
Chineese Theatre i Hollywood.
En av dagane slo eg meg ilag med nokre svenskar som budde på hostellet og reiste opp til Hollywood for å sjå "Walk of fame". Det er ei lang gate med hundrevis av stjerner lagt ned i fortauet med navnet på kjende personar. Der var alt frå filmstjerner og musikkartistar til dansarar og forfattarar, og nokre velkjende teikneseriefigurar.
Det tok si tid å sjå alle desse stjernene, so det var alt vi rakk den dagen. Eg fekk med meg ein av dei som jobbar på hostellet tilbake til Hollywood ein av dei andre dagane for å finn det velkjende Hollywoodskiltet. Vi bestemte oss for å prøve å finne veien uten å bruke gps'en og kart, so vi fekk sett mykje meir enn vi hadde håpt på ettersom vi køyrde sikkert dobbelt så langt som nødvendig og svinga feil her og der. Ein av plassane vi rota oss inn i var Bel Air, men der møtte vi en høg port som var godt bevokta av sikkerhetsvakter. Bak den porten var alle dei virkelig store husa og heilt sikkert nokre kjendisar. Vi stogga og spurde vaktene etter veien til skiltet, og satte avgårde igjen. Til slutt hadde eg parkert bilen rett under skiltet, eller så nærme som eg turde. Veien fortsatte eit lite stykke til, men utallige skilt med advarslar om arrestasjon dersom vi fortsatte, overbeviste oss om at dette var nærme nok. Eg hadde sett det på nært hold, og det var nok for meg.
Meg og "guiden" min, Dustin, i Hollywood.
På veien tilbake meldte sulten seg, og vi bestemte oss for å finne en plass i Hollywood sentrum der vi kunne få oss noke god mat. En veldig effektiv metode for å finne en god resturant er å køyre rundt i gatene med rutene nede og lukte seg fram til den. Vi køyrde langs hovedgata då bilen plutselig blei fyllt med lukta av steikt kjøtt, eg svinga straks av veien og parkerte. Og luktesansen hadde ikkje lurt oss, det var virkelig en nydelig hamburger dei serverte.
Capitol records-bygningen.
Lure på ka dinna karen har vore ute for, med kulehol i bilen... Hollywood sentrumSkulebuss av den gamle sorten.
Sidan eg var i Los Angeles fann eg ut at eg skulle ta kontakt med ei av dei vi reiste med på vår forrige tur. Eg visste at ho budde i nærheten en plass, so eg sendte ho ein mail og spurde om ho hadde tid å møte meg en dag. Det enda med at eg reiste å besøkte ho heime hos ho i Newport Beach. Det var først no eg fekk eit lite begrep om kor stor denne byen egenlig er. Newport Beach ligg i Orange county, rett sør for Los Angeles county, men blir rekna som ein del an byen Los Angeles blandt folk flest. Eg tenkte det skulle no gå fort å komme seg dit når eg først kom meg på Interstaten. Tru det eller ei, det tok meg en time å køyre frå Venice Beach, som ligg heilt nord i byen, til Newport Beach i sør, og då gikk det unna i 130 km/t heile veien! Det seier en heil del om størrelsen på Los Angeles.Mary Ann med jentene sine.
Vel framme var eg godt mottatt av Mary Ann og dei to ovnsrøra hennar. Ho budde i et temmelig fasjonabelt strøk, med ei fantastisk utsikt utover Stillehavet og Catalina Islands. Vi tok oss en tur ned til havna og følgde ei bittelita ferje over til ei lita øy. Den lisje ferja tok berre tre små bilar, så var den full. Men den hadde absolutt sin sjarm. Vel over fann vi fram til en fiskeresturant, "The Crab Cooker", der eg fekk servert røykt tunfisk, eller som det heiter, Albacore, til forett. Og til hovedrett fekk eg grilla Halibut, ein kvit flyndrefisk, med potetmos med ost i og kålsalat attåt. Det var nydelig godt, ekstra godt sidan det var det første fiskemåltidet mitt på veldig lenge. Etter å ha fått sett det som var å sjå i sentrum, reiste vi på Albertson's, en stor dagligvarehandel. Der plukka vi med oss det vi trengde for å lage eplekake. Eg hadde fått et skikkelig eplekakesug etter at eg hadde snakka med bestemora mi og ho nevnte eplekake... Og på hostellet der eg budde mangla dei ovnsdøra i ovnen, so eg hadde spurd Mary Ann om det var greit at eg lagde eplekake hos ho. Ho hadde absolutt ingen protestar mot det, ho hadde ikkje smakt heimelaga norsk eplekake før, aller mindt med ekte epler i, so det var ho veldig spent på.
4 kommentarer:
Kjempeflotte bilder og fortellingar.Veldig kjekt å følge deg på turen. Fortsatt god tur.Haldis.
Er liksom med deg no når du oppdaterer så ofte! Flotte bilder du tek, og kjekt at du er med på nokre av dei!
M
Utruleg spennande å lese om turen din. Vi er med deg vidare, fortsatt god tur.
Helsing naboen nedanfor veien heime.
so flink du e Marita! Godt du tek med deg dei gode norske oppskriftene ut i verda;)!!
Legg inn en kommentar