lørdag 25. august 2007

Minneapolis, mini-apple

Perleporten?
Minneapolis kjenner vel dei fleste frå nyhetene etter at der datt ned ei temmelig stor bru, og mange liv gikk tapt. Eg hadde tenkt eg skulle svinge innom for å sjå dette styret, men det vart ikkje noke av. Det hølja ned, so om eg hadde reist for å sjå på plassen, hadde eg ikkje sett noke likavel. Då brukte eg tida betre på Mall of America.
Her hadde det vore moro å vore 10 år gitt!!!
Eit virkelig gigantisk shoppingsenter! I botnen har dei verdens største hai-akvarium, i første etasje og heilt under taket i fjerde etasje har dei en egen fornøyelsespark med berg- og dalbane, pariserhjul, karusella og alt du kan tenke deg som høyrer til i en skikkelig fornøyelsespark. Og eg måkje gløyme alle butikkane! Fleire hundre med alt du kan komme til å trenge og ikkje trenge, men som kan vere moro å ha likavel... Med andre ord, "shop til you drop..."
Og enda fleire karusella...
Eg fekk no ei gratis overnatting på campingen der eg låg. Dei va so imponert over at eg hadde reist heilt frå norge for å sjå landet deira. Det var egentlig midt i blinken ettersom det var en temmelig dyr campingplass...
Ellers var det ikkje so mykje eg fekk med meg herfra, det var ikkje det heilt store veiret til å farte rundt å kike.

Ingen kommentarer: