tirsdag 21. august 2007

Niagara Falls

Et vakkert syn...
Viktig å holde tunga beint i munnen når det går unna i 140 km/t...
Det var herlig å ha fått tak i bilen igjen! Følelsen av å vere fri til å gjere akkurat det eg vil og å kunne køyre akkurat dit eg ville var heilt fantastisk! No var turen begynnt på virkelig, det var no eg skulle få sjå USA.

En nydelig nattehimmel på veien nordover.
Livet på interstaten (det er veien altso...) går i full fart. Fartsgrensa dei fleste plassane er 65 mph, noke som tilsvara omlag 105 km/t. Men ikkje tru at folk for puttrande avgårde i 100 km/t, neida, her skulle det gå unna. Gjennomsnittsfarta i løpet av dei 8 timane eg brukte frå New Jersey til Niagara falls låg tett oppunder 130 km/t!!! Ein kan liksom ikkje vere noken sinke i dinna trafikken heller, so det er berre å gje på! Men det er en heilt anna standard på veinettet i USA en det er heime. Her går veiane for det meste rett fram. I tillegg har du ikkje møtande trafikk på desse veiane. Her er det avskilte baner med vertfall 10 meter mellom køyreretningane.
Då eg kom fram til Niagara Falls var det seint på kveld og mørkt. Eg klarte selfølgelig å svinge til venstre i staden for høgre på ein av dei siste avkøyrslene før campingen. Det var egentlig ikkje noke problem, for etter å ha tatt ei runde rundt byen, fann eg igjen den veien eg var på og kom meg på rett kjøl igjen. Eg var framme på campen i ellevetida på kvelden og fekk satt opp det nye teltet mitt for første gang. Vel og merke i bemørkna... Eg hadde glømt igjen lommelykta heime, og hadde ikkje funne det ut før no... Typisk.. men det gikk fint å få opp teltet, og akkurat idet eg hadde fått i siste pluggen, kom min nye nabo bort og tilbydde ei lykt. Eg skulle få låne den til neste morgen, då skulle dei reise. Eg takka fint og lovde å levere morgenen etter. Det var ikkje vanskelig å sovne denne natta etter en laaang tur på veien.
Her var min første camping-heim, Niagara falls.
Dagen etter hadde eg egentlig berre tenkt å slappe av å få gjort unna klesvasken. Eg satte på ei maskin og gikk for å utforske campingplassen mens den stod å gikk. Campingen låg fint plassert i Niagara Falls state park langs med Lake Ontario.
Nydelig utsikt østover langs Lake Ontario.
Ekje d noke som heite "uttasæsjælopplevelse...", det må vere noke sant...
Det var ei fantastisk utsikt utover sjøen frå stranda og sjølve campen var godt vedlikeholdt og hadde fine toalett- og dusjfasilitetar. Klesvasken min var ferdig, og sidan det var så fint og varmt vær, hengte eg den opp inne i teltet til tørk. Det var framleis tidleg på dag enda, så eg tenkte eg kunne no ta turen inn å sjå på fossane i dagslys.

Nærmast her er dei amerikanske fossefalla, og lengst vekke, dei canadiske hesteskofalla.

Her sett frå den amerikanske sida og nedover mot Rainbow bridge.

næmen... der har vi jo meg og gitt...
Det var et fantastisk syn som møtte meg då eg gikk fram på kanten for å kike ned. Det buldra godt frå dei mange hundre tusen literane som fossa over klippekanten og ned blandt steinane i botnen. Kan ikkje skjønne dei som frivillig har hoppa utfor her i ei tønne!!! Eg tusla over Rainbow bridge og over grensa inn til Canada en liten tur for å sjå på fossane frå den canadiske sida. Du ser meir av dei frå Canada enn frå den Amerikanske sida. Kunne nesten ikkje vere der og ikkje ha sett dei frå alle mulige vinklar.... Og berre det å få et ekstra stempel i passet var fristande nok.. hehe...

Dei amerikanske fossane sett frå den canadiske sida. Heilt til høgre er "Bridal vail falls".

Her er dei canadiske hesteskofalla. Et imponerande syn når en står rett ved sida av...
Niagara Falls sett frå Rainbow bridge.
Etter å ha sett nok på fossane fann eg fram til Wal-Mart, et kjempesupermarked, i ekte amerikansk stil, med masse billige varer. Der fekk eg handla det eg trengde og kom til å trenge vidare på turen. Sidan det var begynnt å mørkne fann eg ut at eg like gjerne kunne vente litt og få sett på fossane på kveldstid og, hadde ikkje noke betre å ta meg til likevel.

Eit magisk øyeblikk...

Ken kunne tru at nokre fossar kunne bli so fine?

Hmm... Eit bilde seier meir enn tusen ord...

På kvelden blir fossefalla opplyst med fantastiske fargar på begge sider av grensa. Dei får alle regnbogens fargar som spelar fram og tilbake langs dei til vanleg krittkvite fossefalla. Fargespelet er heilt fantastisk å sjå på. Ein blir heilt fortrylla... Klokka gjekk og den blei nærmare tolv før eg klarte å lausrive meg frå det utrulige synet. Eg suste tilbake til campen og fekk putta meg i soveposen. Eg hadde fått gjort unna alt eg hadde tenkt på en einaste dag... Snakk om effektivitet! Då kunne eg ta beina på nakken neste morgen og suse meg avgårde mot mitt neste mål, Chicago.

1 kommentar:

Haldis sa...

Kor fantastisk du har det!For ein opplevelse!God tur vidre, ta godt vare på deg sjølv.Haldis.