lørdag 11. august 2007

Manhattan, min første heim på turen...

Times Square
Tirsdag 7. august starta turen min. Første stopp på turen var Oslo. Eg hadde framleis ikkje fått meg visum og det byrja å haste. Til min store lettelse traff eg kjentfolk på bussen. Min gode arbeidskollega og venn, Knut, skulle tilfeldigvis samme vei. Det er merkelig kor mykje fortare turen går når ein har nokon å skvaldre med. Riktignok sov eg mesteparten av turen, men dei få timane eg var våken, klarte vi vertfall å irritere på oss ei sunnmørsdame... Hehe... Ho blei tydeligvis irritert av at vi satt å kviskra, men å gå fram til buss sjåføren og nesten rope slik at heile bussen vakna, d var greit d... jojo, ho kunne jo berre snudd seg og sagt frå til oss... Vel framme i Oslo onsdag morgen kl. 06.40 blei eg henta av bror min. So var det å slappe av eit par timar før eg måtte inn til byen å stille meg i kø. Det minnte meg litt om dei køane vi såg på vår forrige tur, i Bolivia. Der stod det lange køar utanfor trygdekontoret. Og denne morgonen stod det ei lang kø utanfor den Amerikanske Ambassaden i Oslo, og midt i køen, jo, der stod eg. Og der stod eg i 1 1/2 time... Og det var berre for å komme fram til sikkerhetssjekken, som er strengare enn den du går gjennom på flyplassen... Etter sikkerhetsjekken var det inn på venterommet, som heldigvis hadde stolar å sitte på. Der gikk det en liten halvtime før eg slapp fram til registreringa, der eg fekk beskjed om å sette meg nedatt å vente til eg blei oppropt. Huff og huff for ei venting... Eg kom heldigvis utigjen med ein hentelapp. Eg skulle få kome tilbake seinare same dag og hente passet og visumet mitt. Hehe, joda, det var en ny time med venting for å hente det. Men so var då alt klar til avreise. Tidlig torsdag morgen fann eg flybussen og kom meg avgårde til gardermoen. Flyet hadde avgang kl 11.30, so eg var ute i god tid når eg var der halv ni. Flyet var forsinka får New York, så ny avgang blei satt til kl. 12.00, og flyet gikk kl. 12.30. Eg var på vei mot New York igjen! Flyturen gikk heldigvis kjapt, eg sov, våkna og åt maten min, sov, våkna og åt maten min igjen, sov og våkna då kapteinen annonserte at vi skulle gå inn for landing. Kunne ikkje vert bedre. Fann heldigvis all baggasjen min, og veien ut av flyplassen. Hoppa inn i en "supershuttle" og fekk turen frå Newark inn til hostellet på Manhattan for 19 dollar, ikkje verst for å vere NY. Reservasjonen var i orden og rommet var klart. Rommet var ikkje av dei finaste, men der var reine sengar og eit reint og fint bad. Eg satte frå meg tinga mine og beina meg ut i streeten. Det ekje vanskelig å orientere seg i NY, alle gatene er nummererte frå 1st street til 140th street frå sør til nord og frå 1st avenue til 12th avenue frå aust til vest. Så so lenge du veit kva gate du skal tilbake til, er det berre å traske iveg.
Det blei ikkje so mykje tråkking på meg dinna fyste dagen. Eg fann tilbake til Times Square og Bryant Park, satt der å såg på livet før eg vandra "heim" til 303 W 30th Street mellom 8th og 9th avenue, Manhattan Inn Hostel. Sjølv om eg hadde sove mesteparten av turen slokna eg fortsatt før klokka var ti den kvelden. Men det var deilig å legge seg ned å sove i motsetning til å sitte å sove i 8 timar. Neste morgen, Fredag 10. august, våkna eg til regnveir og kaldt veir. Vakje noke særlig koselig å gå ute i gatene denne dagen. Eg prøvde meg to gongar, men eg ga opp. Søkkande blaute med vrengt paraply styrta eg inn dørene på H&M. Der nytta eg anledningen til å dra på meg nokre tørre og varme kle, men uten å finne noke eg kunne tenke meg... Sikkert like greit med tanke på at pengane skal vare tre mnd til. Skunda meg i hurten og sturten heim til hostellet og fekk på meg noke varmt og godt, og satte meg til å lese litt i boka mi. Utover kvelden letta veiret slik at det var mulig å gå en tur igjen. Eg tok på meg joggeskoa og beina rett mot Central Park. Turen dit var lang nok i seg sjølv, så eg utsatte til neste dag å utforske den.
Utsikt mot østsida av Central Park
En avslappande oase i hjertet av New York.
Det var en herlig følelse å våkne tidlig på morgenen lørdag 11.august. Sola skein frå skyfri himmel og temperaturen var på god vei mot 30 grader. Fekk meg en god frukost på hostellet før eg tok fatt på turen til Central park. Hadde meg en kjempefin gåtur på vel tre timar gjennom heile midtown og Central Park.

Har du sett større plen i en by?

Kontrastar med gamle tred og moderne skyskraparar.
Leita litt rundt etter billig internett, men fann ut at det ville bli en dyr affere. Henta pc'en min på hostellet og tenkte eg skulle kople meg til det trådlause nette i Bryant park, noke som egentlig skulle gå fint, men med min tullete pc, gikk det ikkje slik. Så etter å ha dradd med meg pc'en ti kvartal fram og ti kvartal tilbake kom smilet tilbake igjen då eg til min store overraskelse fann trådlaust internett på rommet mitt. Det vetast ikkje kven som eig dette nettverket, men lar dei det stå ope, så brukar eg det. So no er eg endeleg på nett igjen.

1 kommentar:

Jorunn Navelsaker sa...

Juuuuhuuuuu!!!

Kjempekjekt å lese blogg! Du må love å skrive ofte :)
Sjøl om de verke litt i magen av misunnelse akkurat no.... Blæ!!

Har du fått tak i bilen din? Ka du betala for hostellet i NY?

Må kose deg vidare! Og ikkje nåke tull no...! :)