tirsdag 21. august 2007

5th Avenue, Rockefeller Center, Justin Timberlake, Bil...

Her sitte eg å slappa av i Bryant Park. Herlig!!!

Resten av oppholdet mitt i New York bestod for det meste av trakking opp og ned gatene, joggeturar i Central Park, skrive postkort og slappe av enten i parken eller på taket på hostellet.

Frukost-/solterrasse på taket på hostellet.

Eg blei liksom aldri lei av hverken Broadway eller 5th avenue, der var alltid noke nytt å sjå som eg ikkje hadde fått med meg dei andre gongane eg hadde gått der.
Oppover 5th Avenue.
Ein av dei utallige skyskraparane på Manhattan. Denne var berre stilig!
Ellers hadde eg nokre fustrerande timar der eg venta på at forsikringspapira mine skulle komme gjennom på faksen på hostellet. Etter to dagar med vandring att og fram til forskjellige kontor og koperingsfilaler for å skaffe dei nødvendige papira for å få bilen på veien, var endelig alt klart. Alt som gjenstod var at papira kom tikkande ut av fax-maskina... Og det tok si tid... Eg veit ikkje kor mange gangar eg sprang opp og ned den lange og etter kvart tunge trappa, men til slutt var heldigvis papira der... Og gjett om det var ei som smilte bredt då... Betjeninga berre flirte av meg, dei tenkte vel sitt; "tullete turista..."

Fontena framfor Rockefeller Center.

På veien opp 5th avenue gikk eg forbi Rockefelle Center. Eg hadde no vore i toppen på Empire State Building, men det hadde no vore stas å sett byen på nattestid og, so eg bestemte meg for å ta turen til "Top of the rock" seinare på kvelden.

Flott utsikt utover Manhattan på natta. Heilt til høgre er Empire State Building og heilt til venstre er Chrysler Building. Det er to av dei mest kjende bygningane på Manhattan.

En stilig opplyst kjempe! I bakgrunnen er Chrysler Building.

Det angra eg ikkje på, det var ei fantastisk utsikt å sjå utover den opplyste byen. Frå toppen av Rockefeller center har du den flottaste utsikta til Empire State Building, rett fram. Og ser du ned, har du dei små gule prikkane(taxi) som susar att og fram gjennom dei mange gatene der nede. Ganske tøft å sjå på må eg sei... Det må berre nevnast at eg var der klokka 23.30, og temperaturen på toppen var 30 grader!!!

Mange travle taxiar heilt der nede...

Eg og Empire'n...

Ellers fekk eg no telefon sann midt på natta, klokka var vel ikkje meir enn 04.30 trur eg... Det var no egentlig berre en hyggelig telefon då... Var Hildgunn Løken som ringte for Fjordenes Tidende og ville slå av en sommarprat. So no har eg kommt i avisa og. Hehe... :) Hadde meg en fridag inni alt ditta styret her og.. Då satt eg kun på taket på hostellet heile dagen og slappa av... hadde pc'en min der og ei god bok... ka meir kan en då forlange når en tilogmed har strålande sol og 32 grader??? -SOLKREM!!!!- Hadde det ikkje heilt godt den natta... men men... Hadde no underholdning utover kvelden og... Satt på taket og fulgte med på alt oppstyret rundt Madison Square Garden, dei hadde fått en særdeles celeber gjest. Justin Timberlake skulle spele der, med Good Charlotte som oppvarmingsartist. Var endel politi og fans der ja...

En bør føle seg temmelig trygg med alle desse som nabo for en kveld...

Endelig kom dagen då eg skulle hente bilen og komme meg på landeveien. Pakka meg ut av hostellet og fann toget til Newark. Derfra bar det avgårde i en knall gul taxi ned til 1201 Corbin st. Der fekk eg alle papira eg trengde for å få bilen ut frå havna. So bar det avgårde i en ny gul taxi, og her hadde sjåføren berre en fot og en arm, so eg blei en smule skeptisk, men køyre d kunne han... Vel framme på havneområdet blei eg vist rundt for å finne bilen, og der stod han, gliset mitt!!! Like heile som då eg sendte han frå meg og klar til å ete miles! Eg satte meg spent inn og vreid om nøkkelen, usikker på om han kom til å starte. Wrooommm.... Joda, han starta... Eg satte den i gir, og svinga ut på veien...

"On the road again, I just can't wait to get on the road again..."

Ingen kommentarer: