Et lite glimt av byen under meg, men det var og alt eg fekk sjå...
Ellers hadde eg no den obligatoriske turen ned på Navy Pier, der en får tilbud i øst og vest om båtsightseeing oppover den grønne Chicago River eller et "Chicago-skyline" cruise med historia til byen med på kjøpet. Eg tok meg en tur i pariserhjulet eg, og fekk ei fantastisk utsikt mot byen og kystlinja nordover, det var vel verdt dei 5 dollarane dei skulle ha...
Skyline-trip for 5 dollar, og ikje 50...
En tur opp Michigan Avenue er og på lista over "må gjere i Chicago". Der gjekk eg forbi det som held på å bli det nye Trumph-tower, der verdens dyraste og mest lukseriøse leiligheter kjem til å bli til... Trur ikkje dei får den flottaste utsikta i verden, men vil folk betale i dyre dommar for det der er det virkelig fritt fram for min del.
Cloudgate, eller "the bean".
Vandra en tur gjennom Millennium Park og satte meg ned på en benk for å nyte den herlige crema kyllingsuppa eg hadde kjøpt meg. Den var minst like god som dei hadde lovd, og eg satt igjen mett og vel fornøgde. Frå der eg satt hadde eg fin utsikt over det yrande folkelivet som strøymde til for å sjå på den merkelige dingsen som var plassert midt på plassen. Den heiter etter rett Cloudgate, men blir berre kalla "the bean", noke som er fullt forståelig ettersom det lignar ei kjempestor, blank bønne. Det var en sprø opplevelse å gå under "the bean", då en såg seg sjølve i alle vinklar, fasongar og retningar. Det var ikkje godt å vete kva som var opp og ned til slutt, det gikk heilt i surr... Då var det godt å kunne sette seg på toget tilbake til Dune Station i Indiana og køyre "heim" til parken.Ser du meg??? Eg er både her og der..
Campingplassen eg budde på var egentlig det beste med heile oppholdet. Den låg inne i Indiana Dune State Park, ei virkelig nydelig perle. Kvite strender so langt en kunne sjå, djupe, mørke skogar rundt og en ypperlig plass å sjå kor sanddynene brer seg innover skogen. Der var tillaga mange forskjellig stiar en kunne gå, nokre var fleire timar lange og andre var slike som du berre spaserar ut av bilen en tur for å kike på. Eg gikk tur nummer ni, etter å ha fått den varmt anbelfalt av en av parkrangerane i området. Den var virkelig ei perle. Det var en fin sti inne i skogen der ein plutselig kom ut i sollyset og såg at ein stod på toppen av ei høg sanddyne, ganske stilig. Stien gikk heilt ned til strandkanten og eg brukte en god time på heile runden.På toppen av ei høg sanddyne voks der eit tred...
Eit lite tjern inne i skogen. Meg med ein endelaus utsikt bak meg.
Berre eit av dei mange fine motiva langs stien.
Du skal gå langt her for du går tom for sand...
Eg hadde egentlig planer om å reise innatte til byen for å få med meg en Chicago Cubs kamp, sidan eg gikk glipp av Yankees i New York, men heilt etter min flaks spelte dei selfølgelig bortekamp denne kvelden... Jaja, eg såg det på den lyse sida og innsåg at no fekk eg tid å oppdatere bloggen min... ;) Neste morgen var eg tidlig oppe og satte kursen mot Minneapolis, Minnesota.
2 kommentarer:
Heisann!!
Kjekt å sjå korleis du har det på den store reisa ut i verda...! No er bloggen lagt inn på favoritter så då blir den oftare besøkt!!
Flotte bilde du tar!! Kos deg!!
Helsing Even, Elisabeth og Hauk.
Hei.. Morsomt å høre hvordan du hadde det:)
Har tenkt å være au pair i chicago.. HAr du ingen tips til hva jeg kan besøke og andre tips om byen;P?
Send gjerne på mail: eli.m.opland.e@gmail.com
Eli Margrethe
Legg inn en kommentar