lørdag 25. august 2007
Minneapolis, mini-apple
Chicago, byen i skyene...
Et lite glimt av byen under meg, men det var og alt eg fekk sjå...
Ellers hadde eg no den obligatoriske turen ned på Navy Pier, der en får tilbud i øst og vest om båtsightseeing oppover den grønne Chicago River eller et "Chicago-skyline" cruise med historia til byen med på kjøpet. Eg tok meg en tur i pariserhjulet eg, og fekk ei fantastisk utsikt mot byen og kystlinja nordover, det var vel verdt dei 5 dollarane dei skulle ha...
Skyline-trip for 5 dollar, og ikje 50...
En tur opp Michigan Avenue er og på lista over "må gjere i Chicago". Der gjekk eg forbi det som held på å bli det nye Trumph-tower, der verdens dyraste og mest lukseriøse leiligheter kjem til å bli til... Trur ikkje dei får den flottaste utsikta i verden, men vil folk betale i dyre dommar for det der er det virkelig fritt fram for min del.
Cloudgate, eller "the bean".
Vandra en tur gjennom Millennium Park og satte meg ned på en benk for å nyte den herlige crema kyllingsuppa eg hadde kjøpt meg. Den var minst like god som dei hadde lovd, og eg satt igjen mett og vel fornøgde. Frå der eg satt hadde eg fin utsikt over det yrande folkelivet som strøymde til for å sjå på den merkelige dingsen som var plassert midt på plassen. Den heiter etter rett Cloudgate, men blir berre kalla "the bean", noke som er fullt forståelig ettersom det lignar ei kjempestor, blank bønne. Det var en sprø opplevelse å gå under "the bean", då en såg seg sjølve i alle vinklar, fasongar og retningar. Det var ikkje godt å vete kva som var opp og ned til slutt, det gikk heilt i surr... Då var det godt å kunne sette seg på toget tilbake til Dune Station i Indiana og køyre "heim" til parken.Ser du meg??? Eg er både her og der..
Campingplassen eg budde på var egentlig det beste med heile oppholdet. Den låg inne i Indiana Dune State Park, ei virkelig nydelig perle. Kvite strender so langt en kunne sjå, djupe, mørke skogar rundt og en ypperlig plass å sjå kor sanddynene brer seg innover skogen. Der var tillaga mange forskjellig stiar en kunne gå, nokre var fleire timar lange og andre var slike som du berre spaserar ut av bilen en tur for å kike på. Eg gikk tur nummer ni, etter å ha fått den varmt anbelfalt av en av parkrangerane i området. Den var virkelig ei perle. Det var en fin sti inne i skogen der ein plutselig kom ut i sollyset og såg at ein stod på toppen av ei høg sanddyne, ganske stilig. Stien gikk heilt ned til strandkanten og eg brukte en god time på heile runden.På toppen av ei høg sanddyne voks der eit tred...
Eit lite tjern inne i skogen. Meg med ein endelaus utsikt bak meg.
Berre eit av dei mange fine motiva langs stien.
Du skal gå langt her for du går tom for sand...
Eg hadde egentlig planer om å reise innatte til byen for å få med meg en Chicago Cubs kamp, sidan eg gikk glipp av Yankees i New York, men heilt etter min flaks spelte dei selfølgelig bortekamp denne kvelden... Jaja, eg såg det på den lyse sida og innsåg at no fekk eg tid å oppdatere bloggen min... ;) Neste morgen var eg tidlig oppe og satte kursen mot Minneapolis, Minnesota.tirsdag 21. august 2007
Niagara Falls
Nærmast her er dei amerikanske fossefalla, og lengst vekke, dei canadiske hesteskofalla.
Her sett frå den amerikanske sida og nedover mot Rainbow bridge.
næmen... der har vi jo meg og gitt...
Dei amerikanske fossane sett frå den canadiske sida. Heilt til høgre er "Bridal vail falls".
Her er dei canadiske hesteskofalla. Et imponerande syn når en står rett ved sida av...
Eit magisk øyeblikk...
Ken kunne tru at nokre fossar kunne bli so fine?
Hmm... Eit bilde seier meir enn tusen ord...
På kvelden blir fossefalla opplyst med fantastiske fargar på begge sider av grensa. Dei får alle regnbogens fargar som spelar fram og tilbake langs dei til vanleg krittkvite fossefalla. Fargespelet er heilt fantastisk å sjå på. Ein blir heilt fortrylla... Klokka gjekk og den blei nærmare tolv før eg klarte å lausrive meg frå det utrulige synet. Eg suste tilbake til campen og fekk putta meg i soveposen. Eg hadde fått gjort unna alt eg hadde tenkt på en einaste dag... Snakk om effektivitet! Då kunne eg ta beina på nakken neste morgen og suse meg avgårde mot mitt neste mål, Chicago.5th Avenue, Rockefeller Center, Justin Timberlake, Bil...
Frukost-/solterrasse på taket på hostellet.
Eg blei liksom aldri lei av hverken Broadway eller 5th avenue, der var alltid noke nytt å sjå som eg ikkje hadde fått med meg dei andre gongane eg hadde gått der.Fontena framfor Rockefeller Center.
På veien opp 5th avenue gikk eg forbi Rockefelle Center. Eg hadde no vore i toppen på Empire State Building, men det hadde no vore stas å sett byen på nattestid og, so eg bestemte meg for å ta turen til "Top of the rock" seinare på kvelden.
Flott utsikt utover Manhattan på natta. Heilt til høgre er Empire State Building og heilt til venstre er Chrysler Building. Det er to av dei mest kjende bygningane på Manhattan.
En stilig opplyst kjempe! I bakgrunnen er Chrysler Building.
Det angra eg ikkje på, det var ei fantastisk utsikt å sjå utover den opplyste byen. Frå toppen av Rockefeller center har du den flottaste utsikta til Empire State Building, rett fram. Og ser du ned, har du dei små gule prikkane(taxi) som susar att og fram gjennom dei mange gatene der nede. Ganske tøft å sjå på må eg sei... Det må berre nevnast at eg var der klokka 23.30, og temperaturen på toppen var 30 grader!!!
Mange travle taxiar heilt der nede...
Eg og Empire'n...
Ellers fekk eg no telefon sann midt på natta, klokka var vel ikkje meir enn 04.30 trur eg... Det var no egentlig berre en hyggelig telefon då... Var Hildgunn Løken som ringte for Fjordenes Tidende og ville slå av en sommarprat. So no har eg kommt i avisa og. Hehe... :) Hadde meg en fridag inni alt ditta styret her og.. Då satt eg kun på taket på hostellet heile dagen og slappa av... hadde pc'en min der og ei god bok... ka meir kan en då forlange når en tilogmed har strålande sol og 32 grader??? -SOLKREM!!!!- Hadde det ikkje heilt godt den natta... men men... Hadde no underholdning utover kvelden og... Satt på taket og fulgte med på alt oppstyret rundt Madison Square Garden, dei hadde fått en særdeles celeber gjest. Justin Timberlake skulle spele der, med Good Charlotte som oppvarmingsartist. Var endel politi og fans der ja...En bør føle seg temmelig trygg med alle desse som nabo for en kveld...
Endelig kom dagen då eg skulle hente bilen og komme meg på landeveien. Pakka meg ut av hostellet og fann toget til Newark. Derfra bar det avgårde i en knall gul taxi ned til 1201 Corbin st. Der fekk eg alle papira eg trengde for å få bilen ut frå havna. So bar det avgårde i en ny gul taxi, og her hadde sjåføren berre en fot og en arm, so eg blei en smule skeptisk, men køyre d kunne han... Vel framme på havneområdet blei eg vist rundt for å finne bilen, og der stod han, gliset mitt!!! Like heile som då eg sendte han frå meg og klar til å ete miles! Eg satte meg spent inn og vreid om nøkkelen, usikker på om han kom til å starte. Wrooommm.... Joda, han starta... Eg satte den i gir, og svinga ut på veien..."On the road again, I just can't wait to get on the road again..."
onsdag 15. august 2007
En annerledes dag
Starten på heile sulamitten. Det var en nydelig fin morgen, det var søndag 12. august, sola skein og det var allereide varmt når klokka var ni på morgenen. Det lova bra for resten av dagen. Hadde tenkt meg en tur i Bryant Park og berre slappe av med boka mi og kanskje får litt brunfarge med på kjøpet. Men den planen blei fort forandra. Då eg kom fram til parken var den til min store skuffelse stengt, noko som betydde at eg måtte gå dei tjue blokkene ekstra (hadde alt gått tretten...) for å komme til Central Park.
Kunne sikkert vert en gay-parade og...
Masse fargar prega gatene denne dagen.
Det var en utrulig stilig opplevelse å få vere med på noke sant, dissa folka der kan virkelig å få gatene til å koke av liv. Det var ei salig blanding av heftige rytmer og fargerike kostymer, og det virkelig aula med folk!
Heldigvis god plass i parken etter alt oppstyret...
Det er jammen travelt med sannt et fæla liv heile dagen i tilegg til den ekstreme heten (33 grader), så det blei en tidlig kveld på meg. Hehe, no skulle eg berre late att augene og le av den lisje rakkaren som skulle ta nøtteposen min...lørdag 11. august 2007
Manhattan, min første heim på turen...
Har du sett større plen i en by?