fredag 16. november 2007

Livet på Venice Beach

Eit av dei meir iaugefallande kunstverka på Muscle Beach.
Sidan eg no skal vere her på Venice Beach ei god stund framover, rettare sagt til eg reiser heim, kan eg no skrive litt om korleis livet er her på denne herlige stranda. Eg må no berre innrømme at eg trivst svært godt her. Det skulle vel tale for seg viss ein tel dagane eg har budd her, som til saman kjem på nesten to mnd når eg pakkar sakene mine og reiser heim til Norge.
Dette er eit einmannsband. Dersom ein ikkje greier å overtale andre til å vere med i bandet, får ein ta alle instrumenta sjølv. Det har vertfall denne karen gjort.
Livet for dei fleste som bur og jobbar her på Venice beach er eit behagelig og avslappa liv. Det er ein gylden regel at ein ikkje ringjer eller bankar på hos nokon før tidlegast klokka ni på morgonen. For dei som arbeider morgonskift, startar det tidlegast klokka åtte, men vanlegvis ikkje før klokka er ni. Butikkar og kafear opnar gjerne ikkje før klokka blir nærmare elleve på formiddagen. Så dersom ein likar å sove lenge på morgonkvisten og finn stor glede i fint vær, varme dagar og ein heil del galne folk, so er Venice Beach plassen å bu. Her er ein link til eit webkamera som viser livet på boardwalken på Venice Beach:
Hmm... Veit ikkje kor mange som synst dette er så flott, men han er vertfall storfornøgd sjølv ser det ut som.
Ja, galne folk er her vertfall nok av. Det verkar som at Venice Beach er ein stor magnet på litt sære typar. Langs boardwalken finn ein det meste, spåkoner eller spåmenn som tilbyr seg å fortelje deg glimt frå framtida for ein aldri so liten formue, kunstnarar som gjer nesten kva som helst for at du skal legge merke til dei og kunsten dei har med seg. Kvaliteten på kunstverka varierer vel en del, nokre kunne nok fått en del for verka sine, mens andre nok har innsett at det manglar noko og heller prøvar å prakke det på folk. Ellers kryr det av unge rapparar som prøvar å få publisert musikken sin ved å dele ut billege cd'ar blandt turistane, artistar av alle slag som underheld for en liten slump, og en heil del uteliggarar som ser langt etter småpengane dine.
Denne mørkhuda karen i speedo er Amir eller The Ballguy som han blir kalla. Han er kjend for å vandre rundt på boardwalken å underhalde folk ved å trille ein sølvball rundt på kroppen. Eg har hatt den glede å møte denne karakteren et par gongar, merkelig skrue...
Dette er enda eit eksempel på galskap. Denne dama budde på hostellet her ei heil stund mens ho jobba på bordwalken som spåkone. Det var ikkje akkurat det ho gav uttrykk av å vere etter kleda å dømme.
Mens eg er inne på uteliggarar, må det nevnast at Venice Beach må vere ein av dei beste plassane ein kan vere uteliggar på. Det kjem faktisk folk langveisfra, berre for å oppleve livet som uteliggar her på stranda. Dei som ikkje har tak over haudet kan trøste seg med at det er svært sjelden det regnar her, og temperaturen held seg over ti grader på det kaldaste på vinteren. Reint vatn kan dei forsyne seg med på stranda i dei mange drikkefontenene og dei kan bruke toaletta som er satt opp langs heile stranda, samt dei tilgjengelige dusjane ved sidan av. Og greier dei å tigge til seg eit par dollar om dagen kan dei leve godt på billige taco's hos La Fiesta. Der får du to stykk taco, med tilbehør, til en dollar. Den prisen er det ikkje mange som slår. Og som om ikkje dette skulle vere nok, kan dei sove omlag kor dei vil på den herlige stranda.
Her er ein av dei mange som nyttar den herliege stranda som seng når sola fell under horisonten.
Livet her minner i store trekk om livet i sydlegare strøk i Europa eller og slik dei lever i Sør-Amerika. Dagane er ikkje lagt opp etter klokka slik vi er vande med heime. Det er befriande å ikkje "måtte" sjå visse program til faste tider på tv. Eg har faktisk ikkje sett tv sidan eg kom her. Blir dagane for kjedelige finn vi fram ein film og slappar av. Nei, her står ein opp når sola blir for sterk til å sove i, eller rett og slett når ein føler for det. Har ein ikkje faste plikter, er livet langs boardwalken ein intressant plass å slå ihjel nokre timar. Litt avhengig av kor varmt det er, er stranda alltid eit godt alternativ.
Fargerik tagging på ein av dei gjenståande murveggane på stranda.
Dei har ikkje nøgd seg med å tagge murveggane, Palmar og bosdunkar har fått lide den same skjebnen. Eg er nesten litt overraska over at ikkje dua er meir fargerik enn ho er.
Kunstferdige palmetred på stranda.
No når vinteren melder sin ankomst her i California, er stranda meir egna til å spasere langs og berre nyte dei vakre solnedgangane. Det er nok ein god peikepinn på at vinteren er komen her når det blir ein smule kjølig å legge seg på stranda i berre bikinien. Den siste veka har det vore temmelig "lave" temperaturar her, dagtemperaturane har lege på rundt 18-19 grader, med ein kjølig trekk inn frå havet, so eg må dessverre berre sjå på at den gylne fargen eg hadde opparbeidd meg dei siste vekene, sakte men sikkert forsvinn. I tilegg til dei "lave" temperaturane har det lege ei råkald skodde over byen og ikkje gjort det so trivelig å bevege seg utandørs, so det har blitt mykje biljardspeling og video den siste veka.
Denne karen har gjort ein god jobb med å male veggen. Det er ikkje alle som ser at han er mala sjølv og. Ser ganske ekte ut spør du meg.
Det var ikkje før no den siste veka det plutselig skein opp igjen og vi fekk gode plussgrader igjen. So eg turde meg ein liten tur på stranda på mandag, men den kjølige vinden hang framleis att, so det var ikkje lenge eg holdt ut å ligge der. Då var det betre no dei tre siste dagane, med herlige 27-31 grader og berre ein liten mild bris inn frå havet, akkurat nok til å holde temperaturen heilt perfekt til soling. Det var herlig med litt "sommar" igjen. No er dokke nok mektig leide av å høre på syting om lave temperaturar på 18-19 grader og litt skodde, eg har vel kanskje blitt bortskjemt med alt ditta fine veiret eg har hatt på heile turen, so eg kjem nok til å få sjokk når eg kjem heim til iskalde minusgrader.
Sommaren er komen attende til Venice Beach. Etter eit par veker med kjølige temperarturar gjorde det godt med sol og 26 grader igjen.
Utsikta frå Venice Beach og oppover mot Santa Monica Beach.
"Jingle bells, jingle bells, help me get drunk, help me get to the liquor store..." Det er det denne karen syng heile dagen lang i håp om at nokon skal forbarme seg over han og slenge ein dollar eller to i koppen.
Eg har endeleg fått sendt avgårde bilen og. Den leverte eg i Paramount City, ein av dei 80 byane i Los Angeles, forrige fredag. Køyreturen frå Venice Beach til Paramount var ein opplevelse i seg sjølv. Bilen gjekk ikkje slik den skulle, så kvar gong turtalet kom opp mot 2000 omdr/min var det omlag som nokon trakka på bremsa. Eg var heldig som ikkje hadde nokon heilt nærme bak meg, det kunne blitt en kinkig affære dersom dei køyrde i meg. Men trafikken var ikkje so galen, eg hadde passa på å komme meg på veien når det var minst mulig trafikk, så det gjekk fint heile vegen. Etter 40 minutt med svimsing att og fram på forskjellige motorveiar for å komme til riktig bydel, var eg framme med shippingselskapet. Det var litt urovekkande at heile parkeringsplassen deira var full av gamle rusta bilar, men straks eg kom på baksida av bygget såg ting lysare ut. Det stod det nypolerte glis på rekke og rad, klare til å bli putta i ein container og shippa avgårde. Eg hadde fått plass i ein delt container, noko som gjorde det til ein relativt billeg affære å shippe den heile vegen frå Los Angeles og heim til Norge. Dei tok omlag same prisen som det norske selskapet skulle ha for frakta berre frå New York og heim. Eit ekstra pluss var det at ved å sende bilen i container kunne eg stroppe fast ting inne i bilen, ved såkalla roro-ferger kunne eg ikkje ha noko i bilen, kun det som følgde med bilen frå fabrikken. Bilen var levert og eg kunne ta fatt på den lange vegen heim til Venice. Det var ikkje så langt å køyre dit, men det var en heilt anna ting å ta bussen tilbake derfra. Eg spurde ein av dei som jobba der kor eg skulle gå for å komme til rette buss-stoppet, han forklarte meg vegen, men la til at eg måtte vere litt av en eventyrer for å hoppe på den bussturen. Eg tenkte med meg at har eg funne vegen tvers over heile Amerika, skulle eg no jammen greie ein liten busstur gjennom byen og. Der var heile tre ulike bussar som måtte til før eg var tilbake ved hostellet. Den første bussen, nummer 128, kom etter ein god halvtime og tok meg frå Paramount City til Long Beach Boulevard, der hoppa eg på neste buss, nummer 760, som tok meg til Downtown LA, den siste bussen, nummer 33, tok meg heldigvis heilt tilbake til Venice Beach. Heile ruta tok godt og vel to og ein halv time, men eg fekk no ei god omvisning i delar av byen eg sikkert aldri hadde besøkt dersom eg hadde reist rundt i bil. Det var ein slitsom tur sjølv om det var berre å sitte i ro på ein buss eller tre, då var det fantastisk godt å komme til heimelaga kjøttsuppe på ekte Virginia-vis, servert i sourdough-bollar(surdeigbollar). Det smakte nydelig godt og vi hadde middag i tre dagar av den kjelen.
Herlig Beef stew frå Virginia servert i ein bolle av sourdough (surdeig) med smelta ost på innsida. Det var nydelig godt etter ein uendeleg lang busstur.
Nokre av dokke lurer kanskje på kva eg et når eg er her borte. Det er vertfall ikkje norsk mat. Eg har ikkje ete godt brød sidan eg var heime. Her har dei berre søte og fine brød, noko eg ikkje er spesielt glad i. Men heldigvis kom eg over ekte Wasa knekkebrød, dei har gjort frokosten til en nytelse. Gode, grove knekkebrød med philadelphia-ost, salami og agurk. Ellers har dei gode baguettar på ei hurtigmatkjede som heiter Subway. Der kan ein plukke ut kva type baguett ein vil ha, og velge blandt eit utall av forskjellige typar pålegg, ein kan få dei grilla eller servert kalde, alt etter kva ein har lyst på. Anna mat eg verkeleg har fått augene opp for er kinesisk mat. Eg har ein kinesisk resturant rett over gata, noko som har blitt utnytta ved den minste anledning. Dei siste par vekene har eg imidlertid gått over til eit billegare alternativ, det er ein liten halvtime å gå dit å hente maten, men det er jo ein fin gåtur pluss at eg sparer nokre dollar på maten. Kjeden heiter Magic Wok, og dei serverer deg ein diger porsjon, nok til to personar, til den nette sum av fem dollar, tilsvarande nesten 30 kroner. Er ikkje verst for middag til to personar det. Vi har testa ut nokre buffetar i området, men har etter kvart funne ut at det ikkje er nokon god ide ettersom begge er for glade i mat og alltid ender opp med å ete for mykje. Og ein lang gåtur tilbake til hostellet er ikkje alltid det beste på stappfull mage. Så litt eksperimentering på kjøkkenet har enda med mange gode rettar, deriblandt klubb. Det må nevnast at det var ikkje eg som stod for bragden å putte klubb på bordet. Det var det Dustin som stod for, og med eit glimrande resultat. Det var ein amerikansk vri på denne klubben, med kalkun i staden for salt kjøt i klubben og i mangel på grovt mjøl i dette landet, blei denne klubben laga med kun reint kveitemjøl, eller som dei kallar det her, all-purpose-flour, brukandes-til-alt-mjøl. Men resultatet var 100% godkjendt, det smakte god klubb og det var slett ikkje verst med kalkun i klubben, det kan anbefalast. No får det vere nok for denne gang, eg har berre nokre dagar igjen her i Venice Beach. I skrivande stund er det blitt onsdags kveld, og eg reiser herifrå til New York på mandags morgenen med fly. So det gir meg knappe fire dagar igjen før eg må forlate dette paradiset. Då er det kjølig vær i New York nokre dagar før eg sete meg på flyet heimatte til Norge igjen på torsdags ettermiddag. Eg gler meg til å komme heim no. Det har vore en herlig tur med mange flotte opplevelsar, men det er likevel noko med "heime på Stårheim".

2 kommentarer:

Hilsen fra landet sa...

Wow! Så flott du skriver, detaljert levende. Veldig spennende å lese. Ble tipset om bloggen din av din mamma. God tur hjem igjen! Og lykke til videre!

Anonym sa...

Kjempefint innlegg! Ja du skriv levande, nesten som vi er med. Fint veir ser eg du har også.God flytur søndagsnatta! M