onsdag 7. november 2007

Ilpost frå Norge...

Vegen austover i solnedgangen. I det fjerne trugar nokre mistenkelege skyformasjonar.
Eg satte avgarde langs Highway 89 austover frå Springdale, gjennom dei fantastiske fjella i den sørlege delen av Grand Staircase Escalante National Monument, og vidare sørover mot Page, Arizona. Den første delen av turen var ein nytelse når det gjaldt natur. I det fjerne kunne eg sjå dei overveldande raude klippeveggane reise seg høgt til værs, og over dei tårna det seg opp tordenskyer som truga med skikkelig plaskregn. Eg såg for meg ein våt køyretur ein stad der framme, men til mitt store hell møtte eg aldri på noke regn. Sola takka for seg og etterlot seg eit landskap i tusmørke.
Dei raude veggane til Grand Staircase Escalante.
Det var ein lang og einsam veg i mørket denne kvelden. Fleire skilt langs vegen advarte mot dyr i vegbana, og kryssningspunkt for hjortedyr. Det var med rette, berre på ei lita strekke køyrde eg forbi seks nyleg påkøyrde dyr. Det var ei utriveleg strekke, der vegen var raud av blod og dei døde hjortedyra låg slengt til sides i grøfta. Eg var glad når eg kom til nye områder der risikoen for å treffe på noko på vegen var betraktelig mindre. Men den gleden skulle ikkje vare lenge. Omlag 20 miles nord for den vesle byen Page i Arizona skein det opp eit varsellys på dashbordet i bilen. Det var motorsjekk-lyset. Det var ikkje fritt for at pulsen steig nokre hakk og det kom nokre stygge ord over leppene mine. Eg svinga til sides på vegen og fann fram handboka til bilen. Eg hadde ikkje den fjernaste ide om kva som kunne vere gale, og som vanleg trudde eg det verste. Der stod eg då, midt på prærien i Arizona, hadde ikkje sett noko bebyggelse på over ein time, og det var framleis langt igjen til byen. Det var bekmørkt og den lisje traffikken som suste forbi gjorde ingen teikn til å slakke ned i tilfelle eg skulle trenge hjelp. Til min store lettelse fann eg til slutt ut at det var forsvarleg å køyre vidare, men med redusert fart. Eg lirka bilen inn på vegen igjen og putra avgårde. Dei 20 milesa (32 km) tok meg omlag 40 minutt, mot dei normale 20 i dette landet. Men lettelsen var stor då eg såg bygrense-skiltet lyse opp foran meg, Page, city limit. Eg svinga inn på eit Best Western hotell der eg fekk vegbeskrivelse til campingen i byen. Eg fekk låne internett so eg fekk sjekka ut om der var nokon Toyota-verkstad i nærleiken, men det nærmaste låg i byen Flagstaff, to timar sør for Page. Eg bestemte meg for å ta kontakt med dei neste dag.
Ein av dei meir spesielle bobilane på campingen. Denne var frakta over frå tyskland på samme måte som bilen min.
Dette er den vanlege typen bobilar dei brukar her i statane. Det minner meir om bussar. Desse kjem dei durande i med ein liten, eller stor, privatbil på slep.
Det var ikkje vankelig å finne campingen, den låg rett sør for byen. Eg rigga til det vesle teltet mitt og bestemte meg for å ta meg av klesvasken. Det var ingen vits i å gå rundt å bekymre seg for det som var gale med bilen, det fekk eg ta neste dag. Klesvaksen blei unnagjort i en fei før eg kokte meg en varm middag på den bittelisje primusen min, og putta meg til slutt til sengs. Eg våkna tidleg neste morgon og satte avgårde mot byen igjen. Eg fann eit verksted der dei ville sjekke ut kva som kunne vere gale. Det var en dyr affære å kople bilen til dataen hans, men eg måtte finne ut kva som var gale, so eg kan ikkje sei eg hadde so mykje valg akkurat. Eg fekk beskjed om at innen ein time ville dei vertfall ha funne ut kva som var gale med bilen. Eg tok meg ein spasertur rundt i byen mens eg venta. Nytta tida til å finne ein bank som ville akseptere masterkortet mitt. Eg hadde hatt trøbbel med det kortet heile vegen. Enten er det blitt avmagnetisert eller so har eg rett og slett slete det ut, for ingen minibankar vil ta det, og dei fleste bankar godtar ikkje manuell inntasting av kortet. Til mitt store hell fann eg ein som gav meg pengar uten eingong å spørje. Eg tusla tilbake til verkstaden i håp om at dei hadde funne ut kva som var gale. Det var dei ikkje, dei bad om ein time til før å prøve å finne feilen. Joda, eg hadde no ikkje so mykje valg. Eg var stranda i denne byen til dei var ferdige. Noko som tok dei til sammen nesten tre timar, uten at dei hadde klart å finne ut kva som var gale. Eit tips heimanfrå var å rense dieselfilteret ettersom dieselen her i landet er veldig grumsete. Det gjorde vertfall at bilen gjekk mykje betre enn den gjorde då eg kom til verkstaden, då gjekk den omlag ikkje i det heile tatt. Eg betalte for meg og tok turen til biblioteket etter ein bedre kinesisk middag(Orange Chicken og Chow Mein).
Solnedgangen ved biblioteket i Page.
Biblioteket er mykje meir brukt her i statane enn det er heime. Her aular det av folk heile dagane, unge og gamle, lesehestar og dei som er ute etter siste nytt på internett. Det er nok litt betre tilrettelagt her enn heime med gratis internett og trådlaus tilkopling for dei som har med eiga datamaskin. Denne kvelden var det tilogmed karaoke for dei små. Eg bestemte meg for å reise til Flagstaff neste dag og besøke Bob Sellers Toyota. Eg hadde ikkje dei store forhåpningane om at dei kunne hjelpe meg, men det var no verdt eit forsøk. Eg hadde god tid enda, så om det skulle vere nødvendig å bestille delar heimanfrå, kunne eg alltids vente på dei. Eg satte avgårde tidleg neste morgon. Det var ikkje så langt å køyre, men eg ville vere der tidleg slik at eg vertfall rakk verkstaden før den stengde.
Navajo Nation
Vegen mellom Page og Flagstaff var for det meste Navajo Nation. Det var raud ørken og raude knausar og fjell heile vegen. Landskapet minnte meg litt om det ein finn i Monument Valley. Det er vel ikkje utan grunn at dei kallar den raude sandsteinen for Navajo sandstone. Navajo Nation er eit kjempestort reservat heilt nordøst i Arizona. Eg kjende igjen dei karakteristiske "hyttene" dei byggjer av trestokkar, dei blir kalla Hogan. Det er ein slags permanent tipi. Langs vegen gjorde dei lokale kvinnene seg klare med borda sine fulle av smykker og souvernirar som dei selde til forbipasserande turistar. Eg stogga for å kike på utvalget deira og overhøyrde ein litt morosam samtale mellom ei jente og bestemora hennar. Jenta var tydeligvis flytt ut av reservatet og budde i ein nærliggande tattstad. Ho kom med matvarer av diverse slag til bestemor si, sikkert slikt som dei ikkje får tak i inne i reservatet. Men då bestemora kika oppi kassa med matvarene, kika ho forundra opp på jenta og spurde, "No candybars today? No sweets? No CHOCOLATE?", på ekte indianerengelsk. Ho hadde en anelse desperasjon i stemma, so ho var no vand med at det fulgte med ein liten godbit eller to. Jenta berre flirte og svarte at ho skulle få sjokolade neste gong ho kom forbi. Eg måtte glise litt av dette komiske innslaget, den gamle bestemora blei som ein liten unge når det kom til søtsaker. På turen vidare sørover køyrde eg inn i Cocochino National Forest. Der møtte eg ein vegg av røyk. Det var nok ein kontrollert skogbrann, men det såg temmeleg dramatisk ut likavel. Var litt spennande å køyre gjennom røyken, kva ville møte meg på den andre sida?
Skogbrann i Cococino National Forest. Trur kanskje eg skal flise denne traileren med eksplosiv last.
Det var nok ikkje noke anna enn meir skog som møtte meg på den andre sida av røykskya, men det var kanskje like greit.
Det var heldigvis meir røyk enn flammer heilt nærme vegen.
Eg fann fram til Bob Sellers Toyota i Flagstaff, og køyrde bilen rett inn i verstadhallen. Der blei eg godt mottatt av nysgjerrige mekanikarar som ikkje hadde sett ein dieseltoyota før. Dei ville gjerne hjelpe, men som forventa hadde dei ikkje noko som passa til denne bilen. Eg avtalte at eg skulle bestille nye dieselfilter og oljefilter heimanfrå og so skulle dei montere dei til meg. Som sagt så gjort. Eg fekk utmerka service av Toyota Nordfjord i Måløy, då dei sørga for at dei rette delane blei sendt med ilpost over atlanteren og til den lisje byen Flagstaff i Arizona. Det tok ikkje mange dagane før eg hadde fått pakken og statte kursen tilbake til verkstaden for å få arbeidet gjort. Dei lurte litt på om det var nokon i det heile tatt som visste korleis en gjorde dette på ein dieselbil, det var det ikkje, men dei skulle nok finne ut av det. Det siste blei sagt med eit skrått blikk på mekanikarane, men eg fekk no berre stole på dei. Dei fann nok ut av det. Ein og ein halv time etter var bilen klar. Med nytt dieselfilter, nytt oljefilter skulle alt vere flott. Bilen var tilogmed nyvaska, "standard service" har eg etterkvart lært.
Eg fekk akutt hunger etter norsk mat ein av dagane i Flagstaff, so eg tok å vispa ihop nokre ekte heimelaga kjøttkaker og heimelaga brun sos til. Skal sei det var godt gitt.
Dagane eg hadde i Flagstaff gjekk for det meste til å reparere den etter kvart så langvarige forkjølelsen eg hadde pådratt meg i Yosemite. Ettersom det var nokså kjølig i denne fjellandsbyen oppe på 7000 fot, faktisk låg dagtemperaturen på iskalde -4 grader dei første dagane. So eg holdt meg for det meste innendørs. Etter kvart som forkjølelsen slapp taket og utetemperaturen steig til behagelige 18 grader var det duka for litt utforsking av byen.
Ein av dei lokale pubane på hjørnet i Flagstaff.
Hausten er komen her i fjellet. Haustfargane blandar seg godt inn mellom dei raude teglsteinshusa i gatene.
Det var ein koselig liten by, med små, artige butikkar med kvar sine personlige preg. Små kafear og resturantar krydra den skarpe haustlufta med herlige dufter. Ein kunne bli svolten berre av å spasere gjennom gata. Det enda med at eg måtte ta turen inn på ein av dei koselige kafeane og kjøpe meg ein Chai Latte, noko som smakte heilt fortreffelig. Eg tusla vidare gjennom det lisje sentrum, noko som tok meg omlag eit kvarter. Det var ikkje so mykje å finne på i denne byen dersom du ikkje ville slå deg på fylla kvar einaste kveld. Det var ein del fjellturar i området, men sidan forkjølelsen fortsatt hang i litt, ville eg ikkje teste helsa heilt enda.
Eit av dei mange teglsteinshusa i denne byen midt i Cocochino-skogen. Litt merkeleg at dei ikkje har brukt treverk til å byggje husa.
Ein av dagane hadde eg meg ein tur til Flagstaff Mall. Det var ikkje så stort som eg hadde forventa, so eg fekk plutselig rikelig med tid å slå ihjel før eg kunne hoppe på bussen tilbake til byen. Mens eg gjekk der å strøna møtte eg på ei av dei som budde på hostellet. Ho hadde bil, og tilbydde seg å hjelpe meg å slå ihjel nokre timar. Vi suste mellom butikkane i hennar klassiske Mercedes cabriolet, såg på hundar i alle størrelsar bli kjemma og klippte, nokre enda som artige karikaturar mens eigarane desperat prøvde å få dei til å sitje i ro. Vi prøvekøyrde massasjestolar, med full kroppsmassasje, det er noke eg gjerne finn under juletredet i år i tilfelle nokon har vanskeligheter med å kome på noke til meg. Ellers vandra vi gjennom utallige skohyller og fann verdens herligaste tøfler. Før vi avslutta vindusshoppinga heilt hadde vi oss ein tur inn på ein krystallbutikk, der dei selde alt som hadde å gjere med spiritisme og overtru, reinkarnasjon, gudar, energikilder og spå-remedier. Her fekk vi prøve å bli spådd i ein av dei mange kortstokkane dei hadde der, eller ikkje direkte spådd, men vertfall få ein peikepinn på framtida og kva den kunne bringe dersom ein valgte å feste lit til alle teikna universet sendte oss. Eg forstod ikkje so mykje av det, men kortet eg trekte sa eit eller anna om at dette var den rette tida for meg å leve som ein katt, eg trivdes godt i mitt eget selskap og var sjølvstendig og sjølvsikker. Sikkert både vel og bra det, men eg fortsette no livet mitt som eg alltid har gjort, so trur eg framtida får vise kva eg har i vente.
Heritage square i Flagstaff.
Etter å ha fått fiksa bilen og pakka sammen alle sakene mine igjen, var det igjen klart for å rulle avgårde igjen. Spørsmålet var berre i kva retning eg ville reise. Eg hadde debattert med meg sjølv fram og tilbake og til slutt funne ut at eg hadde rikeleg med tid igjen, og ville derfor ta turen tilbake til Los Angeles. Ja, nokre av dokke bjynde vel å lure på kva det er som er så spesielt med den byen, kva det er i denne byen som lokkar meg tilbake gong etter gong. Nokre av dokke har vel alt pønska det ut, at der sit ein kar på eit hostel i Venice Beach som har teke ein stor del av oppmerksomheten min den siste månaden. Og no reiser eg altså tilbake ein siste gong, trur eg vertfall.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja no får du jaggu henge i,Marita.Tar du med deg mannjen, eller? Flyet går vel snart. Kor lang tid kjem du til å bruke fra LA til flyplassen? Vi skal ta tida på deg...hehe..

Anonym sa...

Merkeleg med den blå himmelen, den er no jammen på alle bilda dine........ M