lørdag 10. november 2007

Grunn til å tru på skjebnen?

510 miles att til Los Angeles...
Det var med eit digert smile eg satte avgarde vestover denne morgonen. Klokka var ikkje meir enn 8 då eg svinga ut på Route 66 vestover mot Los Angeles. Eg hadde sjekka ut vegen gjennom San Bernadino og inn til Los Angeles, og det var ingen vegar som var meldt stengde på grunn av dei voldsame brannane som herja i området. Eg følgde I-40 gjennom Arizona og over grensa til California, langs den sørlege grensa av Mojave-ørkenen til den smelta saman med I-15 som kom ned frå Las Vegas.
Ørken og vulkanske fjell så langt ein kan sjå her i Mojave-ørkenen.
Gamal bobil møter ny.
Då eg nerma meg San Bernadino var det tydelig at det var eit eller anna som var i fyr og flammer. Det var tjukk røyk over eit gigantisk område rundt fjella i San Bernadino, og det lukta bål lang veg. Eg kunne ikkje sjå noko til sjølve brannane, eg kunne knapt skimte fjella som låg like ved vegen. Det var nesten slik at eg lurte på om det var forsvarleg å la trafikken gå unna i vanleg tempo, det var ikkje god sikt akkurat.
Tjukk røyk fyller slettene rundt fjella i San Bernadino, California.
Ein kan såvidt skimte fjella i sørvest gjennom den tjukke røyken som har lagt seg over dalen etter dei voldsome skogbrannane i området.
Eg snirkla meg avstad i den stadig tettare trafikken ettersom eg nærma meg storbyen igjen. Eg tok det heile med knusande ro no, det var jo tross alt den fjerde gongen eg returnerte til denne byen, så tett trafikk og ørten vegbaner skremde meg ikkje lenger. Og godt var det, for skjebnen hadde planlagd en liten stressfaktor for meg, midt i byen. Eg hadde ikkje meir enn 45 minutt igjen å køyre før eg var framme ved hostellet igjen då den samme varsellampa som hadde lyst rett nord for Page lyste opp igjen. Eg merka at bilen ikkje drog slik den skulle og sidan eg ikkje visste kva som kunne vere gale, trude eg ikkje køyre heile vegen fram. Eg svinga til sides på vegskuldra for å finne ut kva eg skulle gjere. Det angra eg straks. Alle dei seks felta på motorvegen dundra forbi i 120 km/t, og i bana nærmast meg var det for det meste dei store trailerane som suste forbi. Det var heldigvis ein som hadde sett at eg hadde tenkt meg ut i vegen igjen og la over i det andre feltet, noko som gav meg akkurat nok tid til å snike meg inn på vegen igjen. Eg bestemte meg for å fortsette eit stykke til, for å sjå om eg tilfeldigvis kom forbi eit toyotaverksted langs vegen. Det gjorde eg ikkje, og etterkvart som eg kom inn på I-10 fann eg meg sjølv midt i den verste rushtraffikken, det var start og stopp i nesten ein halvtime. Eg bestemte meg for å ringe til Toyotaverkstedet og høyre kva dei anbefalte meg å gjere. Eg svinga ut på skuldra igjen og satte på nødblinken. Sidan dei ikkje visste kva som kunne vere gale med bilen anbefalte dei meg å få den taua til eit verksted og ikkje køyre lenger. Eg ringde AAA, tilsvarande NAF i norge, og fekk dei til å sende ein bil for å plukke meg opp. Det gjekk ikkje lenger enn knappe ti minutt før dei dukka opp. Det var ein ung hyggeleg meksikanar som med glede ville hjelpe meg til verkstaden. Eg forklare han kvar han skulle køyre, og det gjekk ikkje lange stunda før vi var framme. Eg blei godt mottatt av Niel, han som hadde tatt seg av meg forrige gang eg var der. Han var nok både letta og skuffa over å sjå meg igjen. Letta fordi det kanskje var pengar å håve inn, og skuffa fordi det kom til å bli litt av eit haudebry å undersøke bilen ettersom dei ikkje hadde peiling på dieselbilar. Eg gav han nøkkelen og satte meg inn på venterommet mens dei fekk ta seg av bilen. Det gjekk omlag tjue minutt til han kom tilbake og beklagde seg i lange baner for at dei ikkje kunne hjelpe meg. Dei fekk ikkje eingong kopla datamaskina til bilen, alt som kom opp på skjermen var "ukjendt bil". Han anbefalte meg å finne ein europeisk verkstad i området å høyre om dei kunne hjelpe meg. Eg takka for "hjelpa" og drog tilbake til hostellet.
Det var godt å sjå igjen kjende trakter etter lange timar på vegen.
Det var godt å komme tilbake til Venice. Eg blei ønskt velkommen tilbake igjen og fekk beskjed om at no var alt slik det skulle vere, eg var tilbake der eg høyrde heime. Eg gløymd heile bilproblemet og berre slappa av resten av kvelden. Det hadde vore ein lang dag, heile 8 timar å køyre pluss alt det ekstra styret med bilen. Det hadde tatt meg til saman 11 timar å komme meg frå Grand Canyon International Hostel i Flagstaff til Venice Beach Hostel på Venice Beach. Dei neste to dagane gjekk med til å finne ein verkstad som kunne sjekke ut kva som kunne vere gale med bilen. Eg fann ein kar frå Thailand som fekk kopla bilen til dataen sin. Men det synte seg å vere same feilkoden som eg hadde fått i Page, eit eller anna var ikkje som det skulle med dieselpumpa. Eg skulle egentlig ta bilen tilbake til denne karen eit par dagar seinare slik at han kunne finne ut kva som var gale, men etter ein del diskusjonar med meg sjølv fann eg ut at eg berre skulle sende bilen heim. Eg ville ikkje ta sjansen på at eg fekk den fiksa halvvegs her og blei ståande stranda ein stad midt i ørkenen viss noko skulle vere gale igjen. So kanskje var det skjebnen som hadde planlagt det heile. Eg var vertfall lykkelig og glad for at eg ikkje hadde reist austover i staden. Då hadde eg vore stranda i ein aller annan liten by i New Mexico, utan mulighet til å sende den nokon stad. Her kunne eg berre sette den på ein båt og sende den rett heim, og eg kunne vel ikkje vore i betre selskap heller. Det gjorde ingenting at eg ikkje fekk fullført turen. Det eg hadde att å sjå hadde eg enten sett før (Grand Canyon og Monument Valley) eller so var det berre stopp på vegen til New York. Så er det no ein god grunn til å starte planlegginga av neste tur (Neida, pappa, berre ta det med ro, eg blir heime ei stund). Eg har vertfall kommt eit skritt nærmare å tru på skjebnen etter dette. Kanskje var det skjebnen som sendte meg til Los Angeles i første omgang, til Venice Beach Hostel, til Dustin. Det er ikkje godt å vete, kanskje har eg funne drømmeprinsen, mannen i mitt liv, det er vertfall noko som er verdt å finne ut av. Og no har eg plutselig rikelig med tid til å gjere akkurat det.

Ingen kommentarer: