søndag 9. mars 2008

Når enden er god, er allting godt...

Tre vakre kvite roser i eit grønt hjerte...

Det verkar som evighetar sidan eg landa på Gardermoen og var ferdig med turen min gjennom USA. Kontrastane dei siste månadane har vore enorme, alt frå ørken til snøvær, 200 meter under havflata i Death Valley til fjellturar blandt isbrear i Glacier National Park på grensa til Canada. Så det verkar nesten litt kjedelig å kome heim til trauste Norge. Det flate landskapet på austlandet i trist vinterdrakt er lite inspirerande. Ikkje verkar det noko meir lystig på den andre sida av fjella heller. Der er fjelltoppane godt gøymde i regntunge skyer og marka svuppar tungt når ein går over den. Det verkar fristande å sette seg på flyet igjen tilbake til solfylte strender og blå himmel.
Men det varte ikkje lenge før omgivelsane lysna ein god del. Den 8. desember stod eg spent på flyplassen i Sandefjord og venta på at ein kjend skikkelse skulle kome rundt hjørnet og ut av ankomsthallen. Dei siste minutta verka lange som år før eg endelig såg han. Med eit smil som gjekk frå øyre til øyre kom han rundt hjørnet. Endelig var dei to lengste vekene i mitt liv over. Dustin var kommt til Norge og skulle vere her dei tre neste månadane. Her skulle han feire norsk jul og smake pinnekjøtt for første gang. Han skulle tilogmed feire bursdagen sin her før han skulle heim 7.mars 2008.

Ei trivelig og avslappa julefeiring på Stårheim.

Dei tre månadane har flydd forbi. Jula var særdeles vellukka, både pinnekjøttet og den kokte torsken falt i god smak. Det blei eit lite innspel av amerikansk jul og etter at ho mor bestemte seg for å diske opp med kalkun 1.juledag. Der stod Dustin for å gjere det på ekte amerikansk vis med heimelaga stuffing som tilbehør. Dette er nok ein tradisjon som kjem til å bli opprettholdt i åra framover ettersom den amerikanske varianten blei ein liten favoritt.

Tida etter nyttår har vel gått som kvardagar flest, med jobbing og avslapping i helgane. Det var ikkje før i slutten av februar/byrjinga av mars at planane byrja å ta form. Etter utallige telefonar til UDI med spørsmål om opphaldstillatelse vart det klart at han måtte forlate landet igjen etter at dei tre månadane var over.

Den norske vinteren måtte utfordrast med ein ny vri... akebrettståing...

Men vi ville ikkje gje opp så lett. Etter enda nokre utallige telefonar til forskjellige kontor rundt om i landet, tok vi turen ein torsdagskveld over Strynefjellet til Oslo. Der kræsja vi på sofaen til en svært så overraska storebror i Ski. Morgenen etter bar det av gårde på toget inn til byen for å atter ein gong stille seg i kø utanfor den Amerikanske ambassaden. Vi blei ståande i kø utanfor i ein god halvtime før han slapp gjennom sikkerhetssjekken. Men etter godt og vel ti minutt kom han smilande utigjen med papiret i handa. So bar det rett på McDonalds til lunch, det måtte jo feirast på ekte amerikansk vis... Dette var altså ein fredag. Papira var fyllt ut og sendt i ilpost til ei hyggelig dame som hadde tatt på seg å godkjenne papira for oss. Ved den vanlege prosedyren tar det omlag to månader å få papira gjennom systemet, men takka vere ein ekstra innsats frå serviceinnstillte personar vart drømmen virkelighet. Det var nokre nervepirrande dagar før vi fekk beskjeden om at alt var klart og det var berre å møte til avtalt tid. Og dokke kan tru det var nokre kilo som raste frå skuldrane våre når vi fekk den beskjeden. Torsdag morgen var finstasen klar saman med ein nydelig bukett som ei tydelig fornøgd mor hadde stelt i stand. Det var far, kry som ein hane, som stod for transporten til det viktige møtet. Med oss som tilskodarar var ei smørblid mormor og to småbrødre (som eg mistenkjer var med først og fremst fordi dei fekk fri frå skulen...).

Ein lykkelig dag...

Smilet er vertfall på plass.

Kvart på ti var vi viste inn i sermonirommet der det var nydelig pynta med levande lys og blomster. Der var to stolar til vitna og to stolar til brudefolket. Stolane til brudefolket var eit par nydelig utskårne antikke stolar i brunt tred, noko som var ein fin kontrast til det ellers moderne interiøret. Etter ein heil masse bilder frå alle vinklar kom dommerfullmektig inn og presenterte seg og helste på alle sammen. Han kasta ikkje vekk tida og starta å lese opp teksten med det same. Teksten var på engelsk etter forespørsel.

Vakkert pynta med levende lys.

Nydelige stolar til brudeparet.

Dommarfullmektigen var yngre enn venta, men han fekk sagt det han skulle.

Det var hovedskaleg det same som presten seier i samme situasjon, men på ein mindre prestelig måte. Det religiøse innslaget var borte og det som gjenstod var å gjere oss oppmerksomme på kva vi gjekk til og kva eit ekteskap innebar av lovnader til kvarandre, livet ut. Så kom spørsmålet.... Eg stussa litt på om eg skulle svare "Ja" eller "I do", men landa til slutt på "I do". Heldigvis svarte han det same, og vi kunne erklærast som rette ektefolk å vere. "You may kiss the bride"... Vårt første kyss som Mr & Mrs Benson.

"You may kiss the bride.... "

Så då var det gjort, eg har fått meg ein fantastisk ektemann og forhåpentligvis er han fornøgd med kona si. So no kan vi fortsette livet ilag her i Norge, han slepp å reise tilbake til USA før til neste år, vis han ikkje søker igjen då, eller kven veit, kanskje reiser eg over dit for å prøve lykken i mulighetenes land. So til alle dokke som no sit att med haka på knærne, ja, vi har gifta oss!

Eit himmelsk kyss!

"And they lived happily ever after..."

Bryllupskaka gjekk ned på høgkant...

Ingen kommentarer: