onsdag 17. oktober 2007

Zion National Park, forsteina sanddyner...

Sand blir til stein...
Små, nifse kaktusar som veks overalt.

Ei dalande sol farga himmelen ildraud på veien mot aust.

Turen frå Los Angeles til den lisje byen Hurricane var ein knallfin køyretur. Eg suste gjennom ørkenlandskap inn til storbyen Las vegas, der eg møtte ettermiddagsrushet ut av byen. Men sett på den positive sida, eg fekk vertfall god tid til å kike på alle dei merkelige hotellbygningane og casinoa i byen. Trafikken løyste seg etter kvart og veien låg atter open mot nord. I speilet kunne eg nyte den nydelige solnedgangen over ørkenlandskapet og sjå kor skyene gjekk frå å vere aprikos til å bli blodraude. Sjåføren i bilen eg hadde bak meg vart nok en smule bekymra då eg satte i gang med å ta bilder av solnedgangen i sidespeilet, han lurte nok på om det var han eg tok bilder av, for det gjekk ikkje lenge so var fyren et godt stykke bak meg.

Ein av dei mange landeveisslitarane.

Ein artig liten "by" eg køyrde forbi.

Den passar vertfall godt inn i omgivelsane sine.

Eg kom fram til Hurricane, Utah, godt utpå kvelden. Eg hadde leita opp campingplassen på nettet, so eg visste kvar eg skulle. Men då eg kom fram til campingen synte det seg at dei berre hadde fullt utvikla plassar berekna på store amerikanske bobilar, og der kom eg med mitt lisje telt. Eg hadde dobbeltsjekka at dei faktisk skulle ha teltplassar, vertfall ifølge nettsida deira, men det var tydeligvis feil det då. Eg svippa innom ein bensinstasjon og spurde om dei visste om nokre andre plassar i området der dei hadde teltplassar til overkommelige prisar, men det nærmaste blei då nasjonalparken som låg 20 miles unna. Då var det berre en ting å gjere viss eg ville sleppe billeg unna. Eg gjekk inn på den lokale matvarebutikken og spurde etter sjefen. Han kom tuslande med verdens største smil og lurte på kva han kunne hjelpe meg med. Eg forklarte han saken og spurde pent om eg kunne få låne ein av parkeringsplassane utanfor for natta. Han klødde seg i skjegget og minnte litt om julenissen der han stod. So lyste det store smilet opp igjen då han sa at selfølgelig skulle eg få lov å parkere der for natta, det var ingen problem. Eg sa tusen takk og ønskte han ei god natt før eg tusla attende til "heimen" min. Det er ikkje farleg å reise rundt på måfå når ein møter so mykje kjekke og hjelpsame folk over alt.

Mektige raude klipper ruva høgt over Zion Valley.

Tidleg neste morgon bar det avgårde mot Zion National Park. Navnet har den fått etter at det var mormonar som slo seg ned i parken. Eg satte frå meg bilen ved informasjonssenteret og pakka på meg det eg trengde for å ta meg ein aldri så liten fjelltur. Eg hadde sett meg ut ein tur til Obsevation Point, ein tur på 8 miles frå botnen av dalen og 2148 fot opp til toppen.

Utsikt nedover mot Zion Valley frå turen min mot Observation Point.

Haustfargane var bjynt å vise seg i fjellet.

Vakre haustfargar.

Eit underleg mønster gjekk igjen i fjella her i Zion.

Veien mot toppen bukta seg avgårde langs eit gamalt elveleie.

Fasinerande å sjå kor elva har greve seg nedover i fjellet.

Nokon har gjort seg føre med stien.

Det var ein utrulig flott tur gjennom gøymde dalar, langs djupe kløfter og opp stupbratte skrentar. Det som fasinerte meg mest med denne turen var alle dei fantasitiske fargane langs stien. Fjellet skifta mellom grått, raudt, oransje og gult, medan dei flotte haustfargane sovidt var bjyndt å tre fram i lauvskogen. Sanden på stien var heller ikkje noko unntak, den var kvit og fin somme stader og raud andre stader.

Dette bilete lyg ikkje, fargane i fjellet var heilt utrulege.

Oransje klipper mot ein knallblå himmel.
Etter kvart som eg kom opp i høgde blei det meir og meir tydeleg at det faktisk var forsteina sanddyner eg spaserte på. Det var ein gong i tida opp til 3000 fot høge sanddyner som ruva landskapet her. Men etter kvart som tida gjekk, førte klimaendringar og ulike mineral til at desse sanddynene blei til fjell. Og grunnen til at dei no ser ut som dei gjer er vatn og vind. Desse elementa har forma dei tidlegare sanddynene til fantastiske klipper av Navajo-sandstein og gitt dei det spesielle utseende dei har i dag. Det var intressant å sjå på alle dei ulike laga i fjellet, kor nokre av laga verkar å vere meir porøse enn andre ettersom dei lettare har blitt vaska vekk og etterlatt seg djupe furer i fjellet. Ei lita pirkeprøve overbeviste meg om at det verkeleg er sand, steinen smuldra lett opp mellom fingrane mine og blei til fin sand.
På toppen hadde hausten verkeleg satt sine tydelege spor. Kan det bli vakrare?
På toppen av fjellet var stien dekt av sand. Det var som å gå på stranda igjen, riktignok litt kjøligare. Det var ikkje nokon varm dag akkurat, det datt tilogmed nokre dråpar regn på meg før eg nådde målet. Men takka vere ein hyggelig gjest på hostellet i Venice Beach, som hadde ei vindjakke til overs som ikkje passa han, holdt eg den kalde vinden ute. So mange tusen takk til han.
Når sola attpåtil kika fram, nei, då kan ein ikkje klage.
Fargerikt?
Utsikta sørover frå Observation Point. Toppen midt i dalen er Angels Landing.
Det var ei nydelig utsikt frå toppen av Observation Point. Her såg eg heile dalen i begge retningar, og midt i det heile låg Angels Landing. Eg gjekk turen opp Angels Landing i fjor, det var ein tur eg seint kjem til å gløyme, med stupbratte svingete vegar opp til det første platået, og ein supersmal sti langs kanten til toppen. Eg har skreve meir utfyllande om den turen i den andre bloggen min frå min forrige tur, amerikapaalangs.blogspot.com, for dei som er intresserte i å lese meir om den.
Eg satt ei stund på toppen og berre nytte utsikta til det fulle. Eg åt "nista" mi, som bestod av eit par bananer og ei nøtteblanding med rosiner og M&M's. Det var ikkje fritt for at dei mange ekorna(chipmunks) som for å sprang rundt der kom bort og ville tigge, men dei skal ikkje forast sidan dei ikkje tåler den maten turistane gjer dei, so dei fekk ikkje noko av nista mi. Eg ville ikkje ha eit ekorn med mageknip på samvittigheten.
Veien nedatte gjekk unna som ein vind. Det er merkeleg kor veien tilbake verkar å vere mykje kortare enn veien fram til eit ukjendt mål. Men det hadde vel kanskje litt å gjere med at det var nedoverbakke og eg har ein tendens til å småspringe nedover bakkar. Men det var godt eg kom meg ned i full fart, for idet eg gjekk på bussen kom det ei skikkelig rotbløyte, og dei som fortsatt var i fjellet blei nok godt gjennomvåte av den byga.
Dei mange toppane som omringar dalen.
Etter ein fin busstur gjennom dalen var eg tilbake med bilen min igjen. Eg tok meg ein liten køyretur til forskjellige utkikkspunkt for å ta nokre bilder no når sola endeleg hadde bestemt seg for å kike fram på alvor. Det var eit nydeleg syn der dei raude toppane verkeleg kom til sin rett, opplyste med ein knallblå himmel i bakgrunnen. Landskapet forandra heilt karakter, dei grøne plantane ser grønare ut, og lyset blir varmare når dei raude fjella reflekterar eit raudt skjer gjennom dalen.
Eg kan godt forstå dei første nybyggjarane som slo seg til her i dalen, dei var mormonar, det var forresten og dei som gav navn til Zion Valley. Dei kom til dalen i 1850-åra og spredte seg utover dalen i åra som kom. Dei navngav dalen, Zion, etter ein fredfull plass som var nevnt i bibelen, og det er verkeleg ein fredfull plass, til tross for alle turistane som kjem innom.
Sola bringer fargane til sin rett her i Zion.
Etter ein liten rast i byen Springdale, ein liten landsby rett vest for inngangen til Zion Valley, eit besøk på bibloteket for å sjekke ruta vidare på nettet og full tank på bilen, bar det avgårde over fjellet og vidare austover og sørover til Page, Arizona, ein liten by ved Lake Powell. Veien gjennom dalen og over fjella var prega av dei fantastiske fargane i fjellet. På veien over kom ein heilt nær dei raude klippene, enkelte plassar var det tunnellar gjennom fjellet og ein kom ut til eit syn for gudar. Været hadde verkeleg forbetra seg utover dagen, og no når dagen var på hell og sola kraup nedover mot horisonten, blei landskapet bada i eit gyllent lys som fekk tilogmed dei bleikaste toppane til å skine.

Solnedgang i Zion.

Lange skuggar viser seg på dei raude berga.

Turen frå Zion til Page blei ein spannande tur, mykje flott natur, og litt dramatikk langs den øde veien ei mørk natt i Oktober...

Ingen kommentarer: