fredag 5. oktober 2007

Sequoia og King's Canyon National Parks

Eit fjell i fyr og flammer.

Hospital rock, det var her indianarane som heldt til her gikk dersom dei var sjuke.

Det første som møtte meg når eg kom fram til Sequoia NP var ei voldsom røyksky frå eit av fjella inne i parken. Eg frykta at parken var stengd på grunn av skogbrann. Eg kom fram til inngangsporten og fann til min store lettelse ut at det var ingen stengde vegar inne i parken. Eg køyrde vidare til campingen, som låg omlag 5 miles lenger inn i parken. Campen låg fint plassert inne i ein lun eikeskog omkransa av høge fjell. På registreringskontoret for campen var der ingen å sjå, berre eit stort oppslag om "svært høg bjørneaktivitet" på campingen. Eg fann meg ein plass der eg ikkje var altfor langt frå naboen, i tilfelle det skulle komme ein bamse tuslande på natta. Eg hadde ikkje før fått opp teltet før ei av dei frivillige campinggjestane kom bort og fortalde om bjørneaktiviteten dei hadde hatt der siste dagane. Dei to foregåande dagane hadde dei hatt to innbrot i to forskjellige bilar inne på campingområdet. I begge tilfella var gjerningsmannen ein svartbjørn. Ho ville ikkje skremme meg, men ville berre at eg skulle vere klar over at det var på plassen rett ved sidan av meg begge innbrota hadde funne stad. Eg måtte berre passe på å fjerne alle lukter frå bilen. All mat, søppel, toalettsaker og vaskeartiklar, kort sagt alt som lukta, måtte takast ut av bilen og plasserast i ein "bjørnesikker boks" som var plassert på plassen.
Skal tru om han fekk lønn for strevet?

Det var tydelig at faren for å treffe bjørn på campen var reell.

Eg var meir enn nøye med å fjerne absolutt alt, tilogmed smular eg fann under setet. Dissa bjørnane har ein fantastisk luktesans, så om det so berre er eit dropspapir som ligg att, kan det vere nok til at dei ser seg verdt bryet med å brette ned døra berre for å sjekke det ut. So eg tenkte det var betre å gjere det skikkelig enn å finne bilen morgenen etter med ein svær bamse inni.
Det var på plassen rett bak bilen min bjørnane hadde hatt fest kvelden før.

Dette var beskjeden som møtte meg ved campen, bjørnemeter. Bjørneaktivitet: Svært høg!!!

Då eg var fornøgd med jobben, satte eg meg på "bordet mitt" og tok til å skrive postkort. Sola var gått ned og det varte ikkje lenge før eg måtte fram med lykta mi for å sjå kva eg heldt på med. Godt inne i kortskrivinga knakte det i kvistar i buskene ved sidan av meg. Det var ikkje fritt for at hjertrytmen steig en smule nei. Eg fekk retta lykta mot der lyden kom frå, men der var det ingenting å sjå. Eg fortsatte med korta mine til det knakte igjen. Denne gongen var det ikkje tvil om at det var noko inne i buskene. Eg gikk forsiktig bort for å sjå betre etter. Det blinka i eit par auger litt lenger borte. Eg fekk justert lysstrålen og fekk sjå ein nysgjerrig liten rev fare snikande mellom trestammane. Han var nok på jakt etter restane etter bjørnane kvelden før. Det var eit uforsiktig par som hadde etterlatt seg nokre tortilla-lefser då dei reiste, noko som hadde tiltrekt seg fleire bjørnar kvelden før. Plassen var blitt rydda opp i løpet av dagen, så der var nok ikkje noko å finne for denne stakkaren. Eg blei ståande ei stund å sjå på reven, letta sidan det ikkje var nokon brumlebass.

Utkanten av skogbrannen eg såg ved inngangen.

Sentinel Tree, i to delar...

Huset i bakgrunnen er ikkje noko "lilleputt"-hus.

Neste morgon gjekk turen vidare gjennom parken for å komme til dei virkelig store Sequoia treda. Det første eg kom til var ein kjempe som var kalla Sentinel Tree. Endå dette berre var eit gjennomsnittleg Sequoia-tred, var det enormt. Vekta på det kan samanliknast med vekta på to full-lasta jumbo jet'ar. Ja, det høyrest utruleg ut, men det er nok sant. Berre dei gigantiske konglane vitnar om at det er noko stort som veks i nærleiken.

Dette er noko anna enn dei vi finn i skogen heime.

Utsikta utover fjella i Sequoia, om enn noko redusert på grunn av røyk.

Hmm... Skal tru kor mange som får plass i ditta holet.

Turen fortsatte gjennom dei djupe skogane i parken til hovedattraksjonen, General Sherman, verdens største tred. Det er ikkje det høgaste og heller ikkje det tjukkaste, men det samla volumet på tredet gjer det til en regent blandt dei store. Berre synd at eg ikkje har vidvinkel på kameraet mitt, det var kul umulig å få med heile tredet på eit og same bilete. Då blir alternativet å ta to bilder, eit av rota og eit av toppen...

General Sherman, verdas største tred.

Etter å ha beundra det gigantiske tredet til nakken gav beskjed om at nok fekk vere nok, bar det vidare til neste park, King's Canyon. Det var ikkje lange køyreturen ettersom dei to parkane ligg rett ved sidan av kvarandre.

General Grant, nasjonens juletred.

Det blir en lang klatretur for den som skal plassere stjerna i toppen av dette juletredet.

Vel innanfor grensene til King's Canyon var det parkens andre gigant som skulle beskuast, General Grant. Dette tredet, som er det tredje største, er blitt nasjonens offisielle juletred etter at ei lita jente ein gong for lenge sidan sa at dette ville vert eit fint juletred. Eg veit ikkje eg, det er kanskje litt i største laget for stova vår vertfall.

Gangvei gjennom ein av dei falne kjempane.

Det var ikkje noko å seie på takhøgda. Nokre av stammane såg nesten ut som dei var av plastik. Kanskje det berre er juks?

Sequoia og King's Canyon var tilbakelagt, no var det Yosemite som stod for tur med sine spektakulære granittkjempar, og eit gjensyn med Half Dome.

Ingen kommentarer: