Ei fantastisk utsikt frå Glacier Point.
Mitt første stopp i denne verda av granittkjempar var på toppen av Glacier Point. Der hadde eg ei fantastisk utsikt over Yosemite Valley og fjella rundt Half dome. Ordet "stupbratt" fekk ei heilt ny meining her oppe. Herfra såg du rett ned i furetoppane 975 meter rett under deg.Basehopping?
Yosemite Valley.
Ferda gikk vidare gjennom den grøne dalen, forbi El Capitan, ein av verdas mest utfordrande klatreveggar, og inn til Yosemite Village. Der hadde eg egentlig tenkt å campe, men dessverre var alle campingplassane fulle. Då var det nærmaste alternativet Crane Flats, ein camp i fureskogen på 6200 fot. Eg handla med meg det eg trengde av mat og vatn og satte avgårde.Det tok meg ein god halvtime å køyre frå Yosemite Village til Crane Flats. Vel framme blei eg tatt godt imot av en smilande blid ranger som tydeligvis var glad for at skiftet hans endelig var over. Han bad meg finne meg en plass eg likte og føle meg som heime. Han skulle berre visst kor heime eg følte meg dei neste to dagane...
Bjørneboks, her er maten trygg for bjørn.
Den første dagen slappa eg berre av. Eg satte meg på benken min ved sidan av teltet og satte igang med å fylle dei tome sidene i dagboka mi. Det var ei god stund sidan sist eg hadde skreve i den no, so mykje av dei to siste vekene var alt gått i gløymeboka. Etter å ha tømt hukommelsen fann eg fram kartboka og bladde i den ei stund. Det varte ikkje lenge etter at sola var gått ned før eg måtte til å pakke på meg meir klede. Gradestokken kraup fort nedover her oppe i høgda. Det som starta som ei varm og fin dag, enda i ein iskald, stjerneklar kveld. Her var det berre en ting å gjere, pakke seg godt ned i soveposen og sove. Det første eg gjorde på morgonkvisten var å fyre opp primusen min. Her måtte det gloheite kaffi til for å holde heten. Eg kika på temperaturmålaren i bilen, og gradestokken hadde kråpe ned på 2 grader. Ikkje rart det var vanskelig å holde heten. Men etter en stor kopp med varm og god kaffi, var eg bjynt å få lunken i kroppen igjen. Planen var å kare seg opp fjellsida til toppen av Half Dome denne morgonen, men sidan eg hadde glømt å kjøpe med meg snack til turen, fann eg ut at eg skulle heller ta det neste dag. So eg satte kursen mot en varm og god dusj og eit skippertak med skittentøyvask.El Capitan, ei utfordring for dei som likar å klatre.
Det kan ikkje kallast nokon varm dusj når dusjrommet knapt nok når 4 grader og vatnet skiftar mellom lunka og kaldt, men eg fekk no skremt vekk nattesøvnen vertfall. Heldigvis var det en stol ved sidan av tørketrommelen på vaskerommet, so eg blei sittande der å hete meg på den varme lufta som kom ut. Det gjorde susen.
Snøbyger i toppane.
Solnedgangen fargar granittveggen raud.
Eg hadde meg ein liten køyretur rundt i parken og kika på diverse ting før eg fann fram til Yosemite Lodge, der eg til min store lykke fann gratis trådlaust internett, og ikkje minst ein varm plass i sitte. Då var kvelden min redda. Det var ikkje noko å gjere på kvelden likevel, so eg blei sittande der å oppdatere meg på det som hende rundt i verda.
Brrr... Det var kaldt å stå opp denne morgonen.
Då eg våkna neste morgen var det mistenkelig kaldt. Eg kika utfor teltet, og joda, som eg frykta. Bakken var kvit, og gradestokken hadde dukka under streken og frose fast på -4 grader. Brrrrr... Her var det berre en ting å gjere. Eg hoppa i bilen, skrudde varmen på fullt og satte kursen mot Yosemite Lodge. Det gikk ikkje fort med meg denne morgenen, vegen var glatt og svingete. Etter tre kvarter med snirkling nedover bakkane, var eg framme ved varmen. Det sludda idet eg parkerte bilen og skunda meg innanfor dørene. Det første eg gjorde var å sjekke værutsiktene, og dei såg ikkje bra ut. Det var meldt snø og kaldt dei to neste dagane. Det var nok ikkje meininga at eg skulle komme meg opp på noke fjell denne gongen. Men eg tok det ikkje så tungt, det betyr berre at eg har ei god unnskyldning til å komme tilbake. Det var ikkje berre eg som syntest ditta veiret var en smule utrivelig, lobbyen på hotellet var smekkfull av forfrosne turistar. Det var ikkje fritt for at eg undra meg over min norske arv, dette burde vore midt i blinken for meg, men eg får vel unnskylde meg med at eg har vore litt for lenge på stranda i Los Angeles. Planen for den vidare reisa blei og forkludra av dette kalde innspelet. Eg skulle etter rett ta vegen over Tioga Pass og sørøst til Death Valley. Men på grunn av snø og is, var denne vegen stengd. Då var det berre en ting å gjere, snu nasa vest- og sørover igjen.
Trolsk stemning idet morgentåka smyg seg mellom dei haustfarga treda.
Ferda mot varmare strøk starta grytidleg neste morgon. Temperaturen var iskalde -5 grader og utan vottar var det en mildt sagt smertefull sak å plukke ned teltet. Det enda med at eg rista av den verste isen, putta det i bilen saman med alt eg hadde i bjørneboksen og satte avgårde. Det tok en god time før eg hadde fått igjen følelsen i alle fingrane, og enda en time før dei var tilbake til normal temperatur. Humøret steig raskt, og det same gjorde uheldigvis farta og.
Eg suste rundt en sving, og kven andre enn sherriffen stod der. Han satte på blålysa og det gjekk ikkje lenge før eg hadde han en liten meter bak meg. Eg svinga ut på ei avkøyrsle og måtte pent vente på at han kom spaserande opp på sida av bilen. "Good morning, miss. May I see you driverslicence and vehicleregistration, please?". Det måtte jo berre skje en gong. Etter å ha kommt meg etter den første skjelven, måtte eg berre le av heile greia. Han kom tilbake og eg spurde om han trengde hjelp med oversettinga. Jo, han kunne trenge litt hjelp, sa han og flirte. Han fekk den informasjonen han trengde og ei underskrift. Eg fekk innkallelsen min til Supreme Court og fekk en peikefinger om å ta det rolig vidare, før eg ønskte han en god dag vidare og satte avgårde igjen. Eg måtte flire, stogga av sheriffen. Jaja, so hadde eg fått prøvd det og.
Med sherriffen i speilet...
Eg hadde bestemt meg for å ta turen tilbake til Venice Beach, Los Angeles igjen for å hete meg oppigjen før eg satte kursen vidare. Det var ein seks timers køyretur, og eg skal love dokke det var herlig og komme til varmare strøk igjen.
2 kommentarer:
skal du i retten for grisekjøring?..skal tipse bror din..hilsen beisen...
Hehe... Det er standard prosedyre her borte, men eg slapp nok å møte... Det var no en artig opplevelse. :)
Legg inn en kommentar