Det hadde vore ein bomtur å prøve å ta heile parken so seint på dag. Eg rakk akkurat å suse gjennom den lisje delen eg hadde sett meg ut før sola sa takk for seg og gøymde seg i horisonten.
Eg er glad eg bestemte meg for å ta denne turen. Det var som å tre inn i ei anna verd der eg køyrde mellom store og små Joshua-tred. Der var store, opne sletter med eit og anna tred som braut horisonten, og tette skogar av desse merkelige treda.
Det veks vakre blomar i dette karrige landskapet.
Eg prøvde meg på å traske avgårde en liten tur på marka, men iført berre flip-floppa var dette en risikabel affære. Eg angra meg straks og snirkla meg forsiktig tilbake. Bakken var full i hol etter at præriehundane hadde gjennombora den med gangar, og "usynlige" kaktusar truga med å gjere dette til en ytterst ubehagelig opplevelse. Trygt tilbake i bilen min bar det vidare, uten den store trangen til å utforske steppene nærmare.
Siste solstrålane over Yucca Valley.
Midt ute på flatene står det artige steinformasjonar som minner om Bedrock i serien om familien Flintstones. Skal tru om det var her forfattaren fekk inspirasjonen til serien?
Denne buska ser kanskje mjuk ut, men det er den så absolutt ikkje.
Ikkje akkurat ein misteltein, men kanskje denne gjer nytten og?
Eg stogga bak ei av desse klippene og satte meg ned for å ta inn det storarta synet. Og det som slo meg først var den absolutte stillheten her ute. Etter to veker i Los Angeles skal det vel ikkje so mykje til før det verkar å vere stille, men dette var noko anna. Det var ingen bilar som lagde støy, ingen som prata, ikkje engong vinden suste. Det einaste eg høyrde var min egen pust. Det var virkelig deilig å sleppe unna alt bråket og berre nyte stillheten ei lita stund.
Sola dukka ned i horisonten og eg satte kursen samme vei. Eg hadde egentlig tenkt meg nordover til Bakersfield, og tilbringe natta på enda en Wal-Mart parkerigsplass. Men ettersom det var blitt so seint og det var kortare tilbake til Los Angeles, satte eg kursen tilbake til det samme hostellet eg hadde budd på dei to siste vekene. Eg blei ønskt velkommen tilbake, og eg følte meg heime igjen. Det er eit veldig trivelig hostel som eg kan anbefale til alle reisande. Betjeninga er hyggelig og alltid hjelpsom, romma er reine og ikkje altfor trange, og det kunne ikkje vore betre plassert.
1 kommentar:
Veldig spesielt!! Korleis gjekk det med bjørnane på campingen då? Var dei kanskje mette no??
M
Legg inn en kommentar